Grå morning

Håper på at det blir litt sol idag og.
No er det berre slikt skikkeleg myggver
Inne i ein litt mindre god periode der kroppen er stiv og verker,så fordelen er at eg kjem meg ut or senga om morningen:-)
Stille morningar der eg berre kan nyte stillheita og det at eg har fri:-)
Drikke kaffi og fundere over livet.

Eg er heldig som bur i ein del av landet med strømprisar å leve med.Iallefall enn så lenge.
Tilstandane i Europa og verden skemmer meg visst eg skal vere ærlig.
Usikker og føler at ingen heilt veit kva som skjer

Sjølv er vi ei lita brikke i dette.

Kjenner på kroppen at idag skal eg berre ha ein slik kosemeg dag.
Lade batteria.
Godt med ein dag uten planer.Passer til resten av meg:-)
God lørdag

5 kommentarer

Siste innlegg