God morgen:-)

Gleden når ein oppdager at ein har fri på ein mandag.
Ikkje så ofte eg har langfri,eller tredagersfri på denne årsturnusen.
Grått ver ute og innever.Passer meg heilt perfekt,kjenner eg.

På tide å finne fram eit eller anna handarbeid som eg kan bli ferdig med.
Ikkje heilt bestemmt med om eg skal hekle eller prøve strikke att.
Rekkje oppatt prosjekt,genser strikka ovenfrå og finne eit anna mønster.
Noko eg forstår:-)

Veit ikkje,men går rundt med ein uggen følelse over kva Putin kan finne å
Skremmande å sjå på krigen i Ukraina,men kan fort spre seg til andre land.

Vi har det trygt å godt her i landet,iallefall enn så lenge.
Merker at prisane skyt i veret og at ein må tenkje på kva ein kjøper.
Ulikheitene vert større når prisane stig.

Her surrer vi no med vårt.
Tek det roleg på morningen idag både eg og katten.

Må snart ha meg ein rusletur,kjenner eg på kroppen.
Idag er det påatt med vestlandsbunaden,regntøyet:-)
Ser sola bak skyene,så ikkje så gale
Litt må eg kanskje gjere sjølv om eg har fri.Overskuddet er litt bedre idag,kjenner eg.
I morgon er det kursdag på Skei.
Blir lange desse kursdagane med fleire timars køyring.Sånn sett er temsskurs ikkje å forakte,men kjekt å treffe andre fysisk av og til
Er nesten vorten folkesky etter lang tid uten .

Men kan ikkje sitte her å mase heile dagen:-)

Ha ein super dag

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg