God morgen:-)

Jammen godt med ei god natts søvn
Regnar og bles ute høyres det ut som
Ikkje godt å sjå endå,for fortsatt halvmørkt

Har fridag og takk for det
Godt med desse koselege morningane med kaffi og God morgen Norge:-)
Berre få vakne i ro og fred og kjenne skuldrane senke seg
Ikkje at ein vert serleg roleg av å sjå nyheiter
Tvert imot
Tilspissa situasjoner både her og der
Ein kan jo håpe på at ting endrar seg til det bedre,men ser langt frå slik ut

Målet er å komme imål med juleforberedelsane før helga
Jobbehelg,og då vert det ikkje ork til så mykje anna føler eg
Ikjje så mykje futt i meg

Adventsnissen skal få kvile til neste år og byttast ut med litt meir jul
Handleliste er kanskje ein ide
Har ein tendens til å komme heim med mykje eg ikkje hadde trengt, og det eg treng er att på butikken

Budskjettet er ferdig i kommunen
Nokon er fornøgde og andre ikkje
Sånn vil det jo alltid vere
I desse trange økonomiske tider burde vi sikkert spart endå meir
Er ikkje enkelt dette
Gir ein til nokon bør ein kunne ta det vekk ein annan plass.Aldri populært
Ellers så går ikkje budskjettet ihop
Heilt rettferdig vert det aldri
Og det å vere med i politikken gir skjelden ei stjerne

Litt snufs kjenner eg.Tung i hovudet
Mykje forkjølelse rundt meg.Spesiellt på jobb
Håper det held med litt snufs

Ha ein super dag
Vurderer om eg skal starte dagen med ein liten luftetur:-)

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg