God morgen:-)

Dagen har så smått starta her hos gamla og Ingolfen
Søvnen inatt let vente på seg,og då blir det berre slik
Godt at eg har seinvakt

Var på fellesmøte med dei andre grendalaga i kommunen igår
Tema stolpejakt
Så no vert det stolpar her og der
Flott visst det fører til at fleire går på tur og fin måte å verte kjend med andre stader i kommunen vi aldri har gått før:-)
Her uti bygda får vi starte i det små
Er jo ein del kostnad med det for ikkje å snakke om dugnadsarbeid
Skal folk og peng til for å sei det slik:-)

Så no blir det litt ekstra trim på meg:-)
Nydeleg ute,så skal no prøve å komme litt lenger enn sofaen før jobb
Sa prøve,for blir ikkje første timen:-)
Mange som har influensa fortida
Merkast på jobb og
har gått klar endå og har tatt vaksina,men er mange varianter og diverse andre virusa,så kven veit
Berre litt snufs
Er eg heldig slepp eg unna:-)
Har nokre få omganger att på heklaløparen min
Skal tru kor lang tid det tek å få den ferdig
Berre ser på den av og til eg
Så no ligg den midt på bordet i håp om at det skal skje eit under
Uff
Latskapen lenge leve:-)
God helg

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg