Det er opplett ute
Augene mine er nesten litt sjokkerte over kva dei ser,så sidan eg ser litt dårleg så gjeld det å blunke og fokusere for å vere sikker på at eg ser rett
Heilt stille på fjorden og ser sola prøver trenge gjennom skyene
Blir nok ein grei dag:-)
Funne kaffi i koppen og gjesper meg framover
Kjenner på temperaturen at det er høst
Siste augustdagen,så det gjeld å nyte den
Tredagersbryllaupet oppi møre går mot slutten og dei skal endeleg gifte seg
Må koste skjorta dette bryllaupet her,tenkjer eg
Dei om det
Idag håper eg at det tørkar litt opp i graset ute
Burde slått plenen,men så vått som det er er det håplaust rett og slett
Er ikkje glad i hagearbeid frå før og vått gras får vere i fred for meg
Blir jo oppeten av mygg
Men ein dag skal det nok skje
Har eit mål for dagen og det er å få litt frisk luft
Ha ein strålande lørdag
Vått gras festar seg til alt 🙈 Håper sola tørker opp litt rundt om 🌞🍁