God helg

God helg her frå gamla i sofaen
Ikkje så mykje nytt som skjer akkuratt.
Mest frustrasjon og litt mindre pene ord..

Nesten så eg vurderer bleie..
Tek så lang tid å komme seg ut or senga om morningen at det held hardt…
Selskapsblære har eg aldri hatt..

No prøver eg no å bevege meg litt,men usikker på kor lurt det igrunnen er..
Ikkje mange meterane…Men kan jo ikkje stivne helt..
Men korsryggen den nekter å samarbeide..
Forhåpentlegvis går det seg til..

Dette er liksom den beste stillinga..
Fader kor kjedelig

Igrunnen litt surt ute,så sånn sett greit nok..


Går no på fram med heklinga i det minste.
Får no tida til å gå litt fortare..

Viktig å ha alt rundt seg for sabla irriterande å ha baksa seg nedatt i sofaen for å oppdage at telefonen eller brillene ligg utafor rekkevidde..
Sånn går no dagane😄

Har det no greit forruten for vond rygg og ribbebein og manglande bøy..
Ikkje synd i meg,men frykteleg unødvendig å tryne utafor døra..
Dei fleste ulykker skjer i heimen..

God fredagskveld frå gamla og Ingolf.som no ikkje trur eg kan vere åleine

5 kommentarer

Siste innlegg