Gamla på tur

I dag var det slutt på latskapen.
På med fjellskoa…
Tungt skal eg berre sei..kondis står seg dårleg, og er ei stund sidan sist eg kava meg oppover..
Men nydelig ver.

Er så fint med blomstene som er overalt

Maur overalt i starten….opp heile lida..
Reine personlege trenarane..
Kven har vel lyst å verte full av maur…
Berre å gi på det vesle ein kan…pusta som ein kval og var lykkeleg då eg endeleg var over verste maurstien.


I det gamla kava seg over toppen ,med tunga på knea…starta rabalderet.
Der sat det tre gaukar i to kommunar og ropte koko med dei var god til…
Og dei vart ikkje stille heller..
Er ikkje pent å sei til gamle kjerringar at dei er koko…
Tre mot ein er rett og slett mobbing..
Det skeit dei i…


Sat lenge og tok inn utsikta.

Godt å komme heim i sofaen…
Fri og 17 mai imorgon.
Berre lekkert
Og bør gå oftare på fjellet

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg