Fytti katta for eit ver:-(

Akkuratt no er eg glad eg har tak over hovudet.Fytti katta for ein vind og eit ver.
Lokalferja er innstillt ,ser eg, og det skjønner eg godt

Turen er avlyst og eg kjenner at eg er litt sånn småtufs .I dag så bles det rett og slett litt vel mykje.
Iallefall endå.Går ei grense for kva eg orkar:-)

Syns det har vore mykje vind i det siste eg altso.Toler flott nokre fine dager med sol og rolege vindforhald.
Kjenner eg vert smådeppa av heile greia.

Så idag vert det innedag før seinvakt.
Hadde strengt tatt vore fint berre å lagt i senga til det ga seg:-)

Men ,når kaffien får verke litt på humøret,og eg får eitpar timar til,så letter nok humøret mitt og.
Snart februar og vi nermer oss vår:-)
Ha ein fin torsdag:-)

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg