Vakna tidleg av at eg fraus
Rett og slett vel kaldt på soverommet
Så no er det varm kaffi og fyr i ovnen
Nydeleg ver, men litt for kaldt for gamlemor
Ingolf er igrunnen einig så ligg ihopekrølla tett inntil
Hovudverk har eg og
Ikkje måte på kor elendig eg føler meg på morningen:-)
Men frisøren har gått til innkjøp av massasjestol i naborommet til salongen
Det må jo prøvast
Så har bestillt eit kvarter før eg skal fikse litt på fasaden
Er sikkert nok med 15 minutt når eg ikkje har prøvd det før
Massasje gjer no alltid godt
Iallefall etterpå
Høg luftforurensing i byane
Ikkje så rart i kald og stille luft
Sjelden vi har hatt så fint ver og lite nedbør i vest
Gjer jo og at straumprisane går opp
Har ikkje norgespris så kan vel takke meg sjlv for høge prisar
Er ein bakdel med det meste
Har tenkt å bli her under teppet mitt til eg reiser til frisøren eg
Ha ein super dag



Nyt dagen med massasje og frisør. Egenpleie må til! Det er kaldt for tida ja… men flott også 🙂
Nydeleg,men lever i stadig angst for at vatnet frys:-)
Litt lei kulde
Nyt massaje og frisør – og morgenen under pleddet.
var supert