Fredag og fri:-)

Kjenner det gjer godt å lande i sofaen med fyr i ovnen og kjenne på helgefreden:-)
Hatt nattevakter og klart å få ganske så mykje utav dagen før no regnet og vinden har overtatt styringa ute,og den beste plassen vi har er inne

Kjøpte roser idag,men var innom grava til mamma og pappa med dei:-)Saknet kjem sterkare enkelte dagar enn andre
Rosene eg fekk til morsdagen syng på siste verset:-)
Reine vårtemperaturen ute idag.
Frå frost til vårstemning på eit døgn
Ombestemmer seg nok snart

Litt spent på korleis det går med desse fredsforhandlingane til Trump etter alle uttalelsane han kjem med
Kor tek han ting ifrå?Og trur han på sine eigne teoria..Ikkje veit eg men syns det er skummelt når slike menn har makta

Trur eg må kjøpe meg eit smart tv
Litt kjekkare å sjå serier og filmar på tv og ikkje kun på dataen
Bruker å ta slike seriemaratonner innimellom, eller sjå 71 grader nord når det passer meg
Når ein jobber skift og helg er det ikkje så ofte ein får sett ting når det går på direkten
No er største jobben å klare å halde meg vaaken litt til

God fredagskveld

6 kommentarer

Siste innlegg