Frå mat til trevare

Maten stig til uante høgder,men trevareprisen går ned

Her er det berre å ete mindre og bygge meir.

Må antageleg lære meg litt snekkerferdigheiter.Det hadde eg hatt behov for,for mykje eg treng gjere.

Gratis trim er det og:-)

 

Ikkje særleg dette med att alt vert så dyrt.Dei som slit frå før ,får endå større problem. Skal noko til for å få lønna til å gå ihop Eller trygda for den saks skuld.

Må tenkje meir over kva ein bruker penger på.

Renta har vore låg veldig lenge.Hukser godt tider der den var kjempehøg.

Men problema kjem jo når ein låner etter inntekt ,og så plutseleg vert alt dyrare på same tid.

Ikkje greit.

Men slik er det,og vi må leve deretter.

 

Veret har skifta frå sommer til høst over natta.

Idag er det innever,og ser eg meg rundt inne,er det på tide at eg finn fram støvsugaren og støvkluten.

Bør ta på meg brillene og,så eg ser kva som må gjerast.

Litt fasinerande kor fort veret kan snu.

Men har hatt ei flott ferieveke  og godt er det.

Kroppen er tilbake til den normale stive og støre morgenmoduset:-)

Boka kan fint lesast inne og,men trur at eg først må ta meg sjølv i nakken og få vekk litt hybelkaniner.Er det noko eg ikkje prioriterer i sol,så er det akkuratt dei.Ikkje eingang Ingolf ser ut til å bry seg med denne typen husdyr.Tvert om.Han er lodden og det er kattehår overalt.

Men eg har fri så god tid til å sulle rundt litt.Fortsatt ikkje heilt på topp,men det går seg til.

Ha ein super dag uansett ver:-)

6 kommentarer
    1. Merkelig, jeg merker ikke at prisene har endret seg jeg. Det viser hvor lite jeg passer på. Ikke bra. Men spise må jeg uansett, og bruker gjerne penger på det, i stedet for hus.. 😀

    2. Her skifter også været utrolig fort!. Glovarmt og 30 grader det ene øyeblikket og regn og 13 grader det neste.😅Av og til er det greit med litt regn slik at man kan vinne over hybelkaninene.😂 Kos deg med boka.🤩

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg