Veit ikkje om det er berre meg,men føler lufta blir kaldare og kaldare
Går gjennom marg og bein:-)
Har fyrt godt i ovnen og kaffi i koppen
To pledd:-)
Bilen er beinfrosen,så er nok litt kaldt
Trur eg bør skaffe meg utetermometer:-)
Bør nok gå ein tur i dag og,men fjell vert det ikkje før langt utpå våren
Mulig eg bør finne meg ein skogsveg eller noko
Kanskje berre ta runda mi sjølv om det er på asfalt.Må gå seier legen
Er litt lei av alle Epsteinsakene må eg innrømme
Er andre ting som føregår i verden
Krig og elendigheit må vike for korrupsjon og dårleg dømmekraft
Utruleg kva makt gjer med folk og korleis ein vert brikker i eit spel
Sannheita vil som regel alltid komme fram ein dag
Meldt snø
Kan verte lenge til vårstemninga kjem
Vind er og meldt.
Best å komme seg ut på føremiddagen
Ser på vermeldingane og tenkjer brrrrrrr..Her vert det mykje sofa
Ha ein fin dag
Eg og Ingolfen tek det med ro ei stund til



Godt å ta det med ro. Jeg tenker jeg må ordne meg med innemåler, har skrevet om det og skal snart poste. Ja, det er kaldt, men det BLIR vår og nye nyheter kommer. Jeg velger å ta meg fri fra nyhetene inn i mellom for jeg kan så lite å gjøre. Ønsker deg og Ingolfen en bra dag 🙂
Det samme til deg