Brrr


God morgen
Vakna tidleg i dag av at eg fraus
Så gamla tusla or senga
Kledde godt på meg og la meg på sofaen inntulla i to tepper
Anten begynner eg å bli sjuk eller det er kaldere ute
No dunker topplokket så mulig det er det første
Men i dag har eldstemann bursdag så skal ut på tur
Har nok berre godt av å vere litt sosial
Først litt sein start på dagen

Kjem ikkje heilt over FIFA sin fredspris
Og det midt i ei vm trekking
Alt går an men trudde ikkje ein burde blande det saman på den måten

Regjeringa har vedtatt sitt budsjett
Kommunen min skal snart vedta sin
Ser det er nedskjeringar overalt i Kommune-Norge
Stramme budsjett
Mitt er og litt ute å køyre i desember
Har ikkje noko oljefond å ta av
Innskjeringar i 26
Blir pensjonist og så då blir det mindre å rutte med
Sånn er det

Må sette tering etter næring heiter det

Funderer på om eg skal lage meg frukost

Ha ein super lørdag

3 kommentarer

    1. Håper du ikkje held på å bli sjuk….. GOD BEDRING! Yngste guten min fyller år i dag – og han bur i Oslo 🙂 Desemberbarn <3 Gratulerer til deg og meg med våre desemberbarn!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg