Batterilading :-)

Sol og opphald er altså heilt fantastisk
Kjenner at kulden har gjordt sitt inntog,men i sola har det berre vore lekkert.
Gått tur og berre surra litt rundt i hagen.
Tømt nokre krukker og har hatt molda og resten av blomstene opp i pallekarmen
Rydda litt kvist,og berre kosa meg
Vore innom naboen og berre skravla litt.
Godt å ha tid og overskudd til å vere litt sosial

Stille idag,og arbeidet på vindmøllene går sin gang

Kjenner at dagen idag har vore reine medisinen.
Glad eg har fått på vinterdekka,for no kan det bli glatte morninger og kvelder
Iallefall godt å ta ein dusj og krype under teppet etter utedagen

Må ta ein dag og finne fram den vesle kvistkutteren min.Tek lang tid,men er så greit å få kvisten vekk.
Håper på godver neste helg:-)Er mykje som ligg nær husa etter at dei dreiv med linjerydding..Torde ikkje heilt starte den opp på ein søndag.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg