22 desember:-)

Sit her i pysjen ,med tjukke labber og pledd.
Prøver å vakne til liv og få litt arbeidslyst.
Ikkje det store eg har tenkt å gjere,men kunne no i det minste følt litt arbeidsglede.


Imens så koser eg meg og ser skrått ut på veret…Visst det skal fortsette slik til vi får minus 10 julafta,då frys det meste til is hos meg.
Sludder ute,med regn i bygene:-)
Vurderte å gå ein tur,men trur eg dropper det no på føremiddagen.
Heldigvis litt sein frisørtime.Høgst nødvendig ser eg på topploket.

Har eitpar pakkar eg ikkje har pakka inn.Resten får vere som det er.Er no ikkje så mange innom heimen uansett,og dei veit no korleis eg er:-)
Rydde litt og dra over golva.Ta vekk advendtstaken..Vart ikkje igår.Eg rir ikkje den dagen eg salar alltid.
Skal jo planleggast:-)
Skal ta det no før eg reiser til frisøren,så er det gjordt

No fyrer alle med ved,og asmatikarane dei slit då med lufta.Er ikkje enkelt dette her.
Den eines brød den andres død.Høyrdes felt ut…men er alltid nokon som er skadelidande.
Kom på at eg må hukse å ta ut aska or ovnen og hente ved før kvelden.
Har varmepumpe og den er på,men satt ned gradane litt.
Har frose nok i mi tid eg,men er ikkje glad i høge straumrekningar.
Dei prisane vil heller ingen ende ta,ser det ut som.

Kanskje på tide å dusje….dyrt men nødvendig idag,kjenner eg

Ha ein fin dag

3 kommentarer
    1. Arbeidslysten må tvinges frem her. Det har jeg i grunnen gjort i alt for mange år, så det gjør ikke noe godt. Men nå blir det heldigvis snart noen late juledager hos min datter og familien. Det blir veldig koselig. Riktig god jul til deg og dine 💖

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg