Kaldt
Islagt
Vinter
Morgenstund
Kaffi
Ingolf som maler
Trøtt gamlemor
Snart jobb
Starten på ein fin tirsdag:-)
Spennande :-)
I dag har vi vore på tur på litt upløgd mark..
Eller på ukjende stiar heiter det vel
Traff denne her karen på turen
Mulig det er ei dame.Eg spurde ikkje:-)
Kjekk og spennande tur
Godt at turfølget veit opp og ned på kartet,ellers er eg redd eg hadde vore i skogen endå
Har ein tendens til å snu det opp ned
Kjempekoseleg på tur avslutta med kaffipause i gapahuken
Gleder meg til neste inspeksjonsrunde:-)
Uten retningssans og kartkunnskapa er det tryggast å gå med følge eller på ein merka sti:-)
Takk for turen:-)
Brr
Kaldt idag syns både eg og Ingolfen
Sistnemde hadde seg ein snartur ut før han enda i sofaen med gamla
Temmeleg så intens kosesjuk
Der har vi ulike behov katten og eg
Der han er veldig på nærheit,så er vel eg heller det motsatte:-)
Isen har lagt seg att på fjorden og bilen er beinfrosen
Men nydeleg ute,og finare vert det når sola kjem over fjellkanten
Fridag så godveret må nytast
Om ei stund
Ikkje endå
Venter igrunnen på at eg skal få litt energi
Den er desverre litt fråverande
Er vel best berre å tvinge seg til ting
Lyst eller ei
Få unna litt før eg skal ut i frisk luft
Ha ein super mandag
Koseleg dag
Hatt ein kjempefin morsdag eg
Kjekt med blomster:-)
Tur aleine og saman med dattera
Folkestien og havneparken
Litt usikker på kva type det her er igrunnen:-)
Hadde og ein tur på grava til mor og bestemødre
Nydeleg ver.Kjekt selskap og flott morsdagsgave.Kvalitetstid
Koseleg på jobb.
Kjempegode kaker og kos:-)
Kom heim til kjempeglad Ingolf og roser på bordet
Ikkje frå meg iallefall ,sa Ingolfen:-)Han foretrekk kos
Reknar med mellomste har vore innom mens eg var på jobb
Iallefall så trur eg det:-)
Dei små gleder i livet
Eg er heldig:-)
Godmorgen frå gamla og Ingolf:-)
Vi sit no her i sofaen vi,og prøver å våkne
Les om at no skal styrmann og sjømann fjernast.Desse orda er ikkje lenger bra.
For meg så er det berre ein yrkestittel og eg tekjer ikkje på om det er mann eller dame.
No lurer eg på kva dei vil kalle tømmermenn
Travel verd når mange ord skal endrast og bøker skal omskrivast
Bøker som er skrivne er jo skrivne og blir litt feil å rette på dei
At det ikkje passer inn i dagens samfunn er noko anna.Då får ein la vere å lese og bruke dei,tenkjer eg
Men det er meg
Eg er jo gammal så kan vere derfor
Men,for forandring så lenge eg ser fornuften i det:-)
Ingolf gidd heller ikkje stort på morningen.Venter vel på at matmora skal komme seg or pysjen
Men er nokre timar til jobb endå,så rekk nok det og tur
Overskya og vind ute ser eg
I Usa styrer Trump og Musk
Kva det vil føre til får vi vente å sjå
Ha ein super morsdag og søndag:-)
Morsdag i morgon
Heldig og fått blomster
Slapp av seier Ingolf
Hadde vore bedre med kokt brosme
Yndlingsmaten og etter hans meining altfor sjelden servert
Sein vakt imorra heldigvis
Likar best litt seine frukosta❤️Ingen morgenfugl akkuratt:-)Rekk èin luftetur og før jobb
Gjer godt med fint ver etter alt regnet.Må nesten berre nytast.
Ynskjer alle mødre èin fin morsdag
God søndag til resten
God morgen:-)
Dagen har så smått starta her hos gamla og Ingolfen
Søvnen inatt let vente på seg,og då blir det berre slik
Godt at eg har seinvakt
Var på fellesmøte med dei andre grendalaga i kommunen igår
Tema stolpejakt
Så no vert det stolpar her og der
Flott visst det fører til at fleire går på tur og fin måte å verte kjend med andre stader i kommunen vi aldri har gått før:-)
Her uti bygda får vi starte i det små
Er jo ein del kostnad med det for ikkje å snakke om dugnadsarbeid
Skal folk og peng til for å sei det slik:-)
Så no blir det litt ekstra trim på meg:-)
Nydeleg ute,så skal no prøve å komme litt lenger enn sofaen før jobb
Sa prøve,for blir ikkje første timen:-)
Mange som har influensa fortida
Merkast på jobb og
har gått klar endå og har tatt vaksina,men er mange varianter og diverse andre virusa,så kven veit
Berre litt snufs
Er eg heldig slepp eg unna:-)
Har nokre få omganger att på heklaløparen min
Skal tru kor lang tid det tek å få den ferdig
Berre ser på den av og til eg
Så no ligg den midt på bordet i håp om at det skal skje eit under
Uff
Latskapen lenge leve:-)
God helg
Super oppfinnelse
Ingolf her
Vi har fått ei fantastisk ny pute i hus
Eg elskar den
Endelig noko for min smak
Behagelig for nakken og passe hard
Massasjepute sa du?
Gløym da
Denne er mi
Februar
Ny månad og nye muligheiter
Stemninga hos gamlemor er igrunnen den same som den er kvar morgon
Litt bob bob
Kaldt,og bilen er frosen ser eg
Skal snart på køyretur så treng ikkje vere glatte vegar,håper eg
Men faren er der
Må på apoteket
Rett og slett
Kunne selvfølgeleg bestillt medisinen på nett,men treg som alltid
Lange avstander her i pereferien:-)
Men,får meg no ein luftetur
Vi venter på kven som skal dei nye ministerane
Sjølv kunne eg godt tenkt meg berre å ha hatt dei vi hadde resten av perioden
Men det er no ingen som spør meg
Kva som er rett og gale med desse strømavtalane er ikkje alltid godt å seie
Veit berre ein ting
Her i vest har vi rikeleg med vatn:-)
Er ikkje eg som bestemmer og godt er det
Endå nyt eg kaffikoppen og det at det vert lysare kvar dag
ha ein støvandes god lørdag:-)