Kveldens høgdepunkt på jobb er å stå samla i sansehage og nyte regnbygen
Eller som ei sa
der er jo to
Gleden av dei små men vakre øyeblikka
Viktig å ta vare på
Kveldens høgdepunkt på jobb er å stå samla i sansehage og nyte regnbygen
Eller som ei sa
der er jo to
Gleden av dei små men vakre øyeblikka
Viktig å ta vare på
Når det regner i vest
må ein ha ein sydvest
Eller jakke med hette
Den bør vere tette
For det regner med kraft
Vasker vekk det som ikkje er fast
Så det beste er inne
Då slepp kanskje litt sinne
God onsdag
Må sei det går forbausande bra…Berre at eg er så trøtt
Er nok all den lufta uti øyriket
Må utatt der snart
Stiar i blomstereng:-)
Informasjon og bilder
Triveleg på kaia i Bulandet
Idag vart det Folkestien på sørbøvåg etter jobb
Var tenkt ein snurr ut her heime og ,men datt liksom heilt ihop etter middagen
Trøtt
Mildt og fint og nett før vi får mykje regn
Skal ikkje vere enkelt
Ungaren og Sverige spelar handball
Spreke,tenkjer eg og trur eg legg meg på sofaen ilag med Ingolf
Eg har ikkje sykla på 40 år,sa eg til datter mi
20 kilometer på sykkel sto for meg som veldig langt,og heilt ærleg
Tvilte på om eg klarde halde ballansen
Går so bra mamma,sa ho.Og du kan jo gå visst det er for bratt
Såg for meg 20 kilometer til fots leiande på ein sykkel
Ferja ut og eg tok med bilen
Tenkte at kjem eg meg ikkje på sykkelen så kan eg jo køyre
Fantastisk derute med havet som nærmaste nabo
Problemet med ei sliten mor er at ting tek tid
Tok ei stund før eg fann ballansen men gjekk bedre etterkvart
Men eg gjekk dei brattaste stigningane opp på bruene.
Dei er det mange av
Litt fekk vi med oss,men dattera vil ha seg ein tur utatt åleine.
Går fortare då og då kan ho få gjordt det vi ikkje rakk idag
Eg skal utatt på stolpejakt.men då køyrer eg mellom øyane
Sår bak og i knea:-)
Kjempegod service og kaffi på Joker værlandet.Der fekk eg låne sykkel og hjelm og trene litt før det tok av:-)
Reine atraksjonen eg på vegane
Ferjeturen tok si tid,men når ein har med jobb,så går det fint
Tusen takk for turen jenta mi.Alt du får meg med på.
Til alle andre.
Er ein opplevelse ein ikkje bør gå glipp av
Skifjorddagen
Slike tilstelninger på små plassar er ikkje alltid så enkelt
Uansett krev det at nokon stiller opp frivillig
Og det kan vere vanskelig å få til når innbyggartalet er lite
Så godt jobba
Bakkejekta var innom for å segle pilgrimsferd vidare til Askvoll
Dårlege seglforhald i vindstille ver
Var flott ver så lenge eg var der
Men kjende dråpene kom då eg reiste på jobb
Imponert over innsatsen og maten var god
No sit eg og prøver vakne før dagvakt
Det er ikkje berre berre
God søndag
Eg er litt tregstarta om dagen
Alt går liksom seint og eg kjem ikkje igang med nokon ting
Gjesp
Har i det minste vaska håret
Berre det føltes som eit maratonløp
Eit eller anna innsekt har stukke meg på albogen på morgonstunda
Etter størrelsen å dømme ser det ut som klegg
Korleis den er kommen inn på soverommet veit eg ikkje,men glaset står jo på gløtt
svir og klør så bør vel finne litt eddik og sjå om det hjelp
Vert så imponert over all energien folk verkar å ha
Berre den hadde vore smittsom:-)
Men har jobbehelg
Har planar om litt frisk luft før den tid,men ikkje heilt endå
Sola skin,men får høstfølelse
Heilt stille på fjorden og heilt nydeleg ute,så burde nok lette på kroppen og gå ut i det minste
Gjere som Ingolf
Ta dagen som den kjem
Ha ein super fredag
Når alt èin har lyst til er å sitte i sofaen med pleddet dratt opp til øyrene, er det godt med ei datter med overtalelsesevner
Bygdeheia i Fjaler er nett passe lang tur for meg
Og for å få èin ny vri så tok vi èin annen veg opp enn vi bruker
Istadenfor å gå opp og ned same vegen gjekk vi over fjellet og nedigjenn der vi bruker å gå
Rett og slett ein hørleg tur i mitt tempo..Det går ikkje fort,men går på fram.
Men så er det det,at når bilen står mange kilometer unna så har ein to valg
Gå eller ringe ein venn
Dattera ringde faren:-)
Hadde sikkert hatt godt av å gå eg altso men var glad for å få sitte på.
Burde jo tatt slike korte fine fjellturar mykje oftare
var godt i gang i ferien,men så stoppa det heilt opp
Og den vesle kondisen eg hadde forsvann som dugg for sola
Skal ikkje vere enkelt
Rakk til og med ein tur på butikken
Tok den på veg heim.
Rart med det.Vert svolten og godtesjuk av frisk luft:-)