Vanskeleg igrunnen,syns eg. Kan gå av ved 65,men vil eg det. Pensjonen er ikkje så mykje å leve av. Så fortsatt tenkjer eg…nei…Dei får halde ut med meg ei stund til
Idag skal eg møte klp.
Trur eg har same meininga etterpå,men kven veit Det er når ein kjenner dagane vert meir og meir tungstarta ein tenkjer…Burde eg gått av?
Jaja Fortsatt sit eg under teppet mitt og småfrys. Kaffi i koppen Grått ute så mulig eg bør ta litt husarbeid. Jobbehelg på meg.. Denne veka er sånn travel veke der alt skjer.Sjukehus,tannlege og diverse.Masete Men må til så er berre å få det unna.
Ser ut glaset og tenkjer… Kjekt å kunne sitte ute på balkongen til sommaren,for no er det nesten ferdig. Kjekt med snille sønner:-) Vert varm om hjarterota…Når eg først får hjelp så skjer det fort.
Tek ein sein start på dagen idag. Kjenner at det er akkuratt det gamla treng:-)
Er litt av ein verden vi lever i Konfliktene og krigane aukar rundt oss. Spenninga stig og eg må innrømme Det gjer meg uttrygg Krig har aldri løyst problem Det berre skaper nye
For meg er det ikkje viktig kven som har rett og feil,men at uskyldige mennesker og sivile vert drepne. Kva gale har ungane gjordt?
Her er vi midt i lønnsforhandlingane. Kor mykje får kven og vert det streik Det gjenstår å sjå når alt er over Skulestrukturen er oppe og med minkande elevtal så starter krigen om linjene Same kvart år. Stressande for elevar og foreldre.Må vi pendle og bu på hybel? Slik er det i distrikta
Eg for min del vurderer kortid det er lurt å gå av med pensjon Kor mykje er det, og klarer eg meg på det?. Skal eg jobbe til 67? Ikkje billig å leve og ting skal gå rundt
Enn så lenge nyt eg kaffikoppen Må få tatt nokre blodprøvar så får prøve passe tida:-)Tek si tid å komme seg dit og Ikkje alltid hovudet heng med på morgonkvisten:-)
Ha ein super dag Eg og Ingolf tek det med ro litt til:-)
Frisk luft gjer godt i all slags ver Iallefall når belønninga er gode kollegaer og massevis av god mat
Kjende det gjorde seg etter gårsdagens husmorsysler.. Hender eg driv med det og Idag derimot var det opplett og sol.Gamla har rusla rundt i nordavinden.. Ingwn varme akkuratt Vår Kjenner det gjorde heile meg godt. Berre å nyte kvart øyeblikk
Er hos meg som hos dei fleste andre Tida fyk og dagane går sin vante gang Kvardagslivet har sine positive og negative sider Ikkje dei store tinga som skjer
Frihelg og kjenner det er godt Innever Godt det og,så får eg kanskje unna nokre av dei tinga eg har det med å utsette Ser på masterchef mens frukosten og kaffien intas Viktig med ein roleg start på dagen:-)
Masteroppgaver er ikkje alltid det dei skulle vere Blir mykje av dette i media no syns eg og tek litt av glansen med å ha ein master for dei som har jobba og slitt for den Trist
Men,her hos meg er det ingen master anna enn i latskap Snart prøve å moblisere litt viljestyrke til kvardagsaktiviteter:-)
Kjøre vene for eit drittver.Det høljer ned og det frå alle kanter,Vind Innekosemegdag:-)
Så eg har funne kaffikoppen og satt meg under teppe i sofaen Les om sjøbassert fiskemottak på Svalbard uten norsk kontroll. Hytter ved militæranlegg Fisken forsvinn i nord Verden er skummel og det har vi vel visst om lenge Vi lever ikkje lenger i vår eiga vesle boble
Men,held meg til dei små fine nyheitene eg
Vi får stolpejakt i kommunen frå 1.mai.Heier på grendalaget i Leirvik Vert spennande å sjå om eg finn postane uten å rote meg vekk å måtte tilkalle Røde kors å leite:-)Fordelen med stolpejakta er jo at eg går på turer der eg normalt ikkje beveger meg:-) Har søstre som er bitt av denne basillen og fekk med meg nokre stolper eg og ifjor Eig ikkje retningssans I ein liten kommune som Hyllestad så syns eg det skjer mange og positive ting Mange flinke eldskjeler:-) Er det nok mange plassar Ting gjer seg ikkje sjølv
Funne fram heklegardina og krimboka Skal nyte søndagsfreden innadørs og berre tanke krefter. Kanskje prøve å legge inn ein liten innsats i operasjon bodrydding:-)
Har fyrt i ovnen på morgonkvisten eg Syns det er sånn småkaldt Frose på bilen,så direkte hett er det no ikkje ute heller
Første kaffien er inntatt og å sei eg er morgenfrisk og opplagd er ein overdrivelse Men eg er oppe:-) Fint ute enn så lenge,så målet idag er ein luftetur før det braker laus med regn og ukoseleg ver
Men ikkje endå Nm i storslalom på tv. Nokon som er opplagde på morgonkvisten
Tok fram att hekleprosjektet mitt igår.Går ekstrem seint.Kanskje like godt å prøve å få det ferdig .Snart imål med gardinkappe to av tre.Med litt meir innsats går det kanskje fortare:-) Blir litt vel mange slike såkalla ufoa her hos meg. Samler seg opp. Så no har eg som mål å rydde både i dei og i resten av alle desse sakene eg har liggande i tilfelle eg kan få bruk for dei Kan verte temmeleg fullt i eit hus med mange nok slike ting:-) Prøver å rydde litt i bodane. Går ikkje nett fort og blir nokre ventestasjoner undervegs, men eg er no starta:-) Ryddig vert eg aldrig:-) Ha ein super dag
Is på fjorden Is på bilruta Men,nydeleg sol som gjer det beste for å få opp humøret og temperaturen
Og eg? Tja Stiv som ein stokk Morragretten Myser mot livet Drikk kaffi og ser God Morgen Norge Sukker og tenkjer Det går seg nok til
Godt med fri Få vakne i fred og ro Sitte inntulla i teppet så lenge eg vil
Nyheitsbildet vårt er ikkje noko å rope hurra for Blir berre tristare og tristare Men skal bli varmare:-) Har i det minste ikkje snø her hos meg Noko berre det
Påska er over så på tide å rydde den vekk Må berre vakne litt først Men ikkje heilt endå:-)
Tok si tid og godt med tolmodig fylgje Men det er verdt det Rett og slett fantastisk på toppen idag Varmt og godt og sånn skikkeleg vårstemning:-) Kjende formeleg fregnene sprette ut
Tusla oss frå varden på Bygdeheia ned til dagsturhytta Vidsyn Der var det rett og slett nesten for varmt i solveggen. Kvalitetstid
Kjennes ut som eg har gått fjell på 2000 og ikkje 260,men sånn er det når kondisen manglar Tre dagvakter for tur… Så er det å håpe at eg får sove:-)Litt opp og ned med den saken Sol i morgon og ser eg og så er vi tilbake til normalen:-)Berre å nyte sola når den er her