Pakke i posten:-)

Idag fekk eg behov for å gå tur sånn rett frå jobb.
Nydelig turver tenkte eg.På med boblejakke og joggesko.
Det var då det begynnte å regne…
Så innatt.På med vestlandsbunaden og ut på tur.
Etter nokre kilometer tok eg igjenn ei anna dame som og var ute å lufta seg.
Hadde vore på langtur:-)
Koseleg prat og følge litt av vegen før vi gjekk kvar til vårt..
Svolten som eg var gjekk turen ganske fort unna:-)Mat får fart på meg…

Åpna postkassa og skulle ta med avisa:Der låg ein pakke:-)
Tenkte at…kva i all verda.
Nyskjerrig som eg er åpna eg før eg kom meg inn..

Vart rett og slett kjempeglad og varm om hjertet:-)Heilt uventa og sånn ut av det blå
Glad eg hadde gått den turen.ellers hadde det nok tatt litt lenger tid før eg hadde skjønnt kvn givaren var:-)
Men hadde nok skjønnt det om litt..
Kjempesnillt….fins feer fortsatt:-)

Regjeringskabalen..

Avisene er full av spekulasjoner om kven det er som får dei ulike ministerpostane.
lekasjane seier at dei og dei kjem til sånn og slik.
I morgon får vi det endelege svaret.

Litt spent på kva som står i budsjettet og kva vi skal satse mest på framover eg.
Utenom heile stillingar.
Kor mykje går ferjebilettane ned,og kven får gratisferjer…?
Kor skal vi spare inn ?
Og kor gir vi ut?

Alltid spennande kva som skjer ved regjeringsskifter…
Vi får vente å sjå.

Eg sit no her og myser som eg gjer kvar morning
Søvn er mangelvare..og B mennesker er ikkje så glad i å stå opp tidleg.Sånn er det berre.
I tillegg kokte eg for svak kaffi.Dvs.den var passeleg inntil eg tenkte at …litt meir vatn kanskje?
Orker ikkje trekke ny,så får berre vere.

Igårkveld vann Norge fotballkamp og alt var berre velstand:-)
Til og med eg jubla:-)
Vi får ta med oss lyspunkta…

Ha ein super tirsdag

To timer med vidåpen munn

Ferdig gapa og takk for det.
Dobbelttime og reparert både oppe og nede

Nede var stort,rikeleg bedøva og tok tid.
Nesten så eg føler kjeven har hengt seg opp:-)
Bedøvelsen heng i fortsatt i underkjeven. Litt sånn ubehageleg

Men,er rett og slett sliten
Handla heldigvis på veg opp i Dale.Bruker jo halvanna time og vel så det eg til tannlegen.Iallefall halvanna.
Skulle igrunnen slutte med alle søtsakene
Men hadde sjokolade på tilbud på europris:-))No var det ikkje yndlingssjokoladen min ,burde latt vere å kjøpe…
Men 5 til 100:-)Her har eg stratos og Crispo som varer denne veka:-)Når eg først har det ihus er det håpløst
Det er då eg heilt har glømt dei to hola:-)
Unnskyldningen får vere at eg kjøpte dei på veg til:-)
Katten fekk kattemat:-)

Dagens høgdepunkt var pølse og potetstappe hos mamma då eg endeleg kom heim.

Frys,så har tulla meg godt inn i teppe:-)Kaffi i koppen:-)
Borte bra,men heime best

Tannlegen er forsinka

Når ein er på plass på venterommet 10 minutter før tida…5 minutt og telefonen ringer..
Beklager men du har time halv to og tannlegen er forsinka..

Er liksom begrensa kva eg kan drive med.
Dårleg dekning på nett.
Lenge sidan eg har sett ein E .ingen 4g her..
Jadå..har sjekka utom huset her og.
Sola skin ute.
Mulig det blir fint nokre dagar.
Ingenting er så kjedelig som på eit venterom

Syndefloden

Steike kor det har hølja ned
Nesten som det vert skremmande med desse volsomme regnbygene
No får vi altså returen for den flotte sommaren

Sikkert regna like mykje i mm.på nokre få dagar som det gjer på ein månad.
Akkuratt no er det opplett,men kjem vel meir
Er meldt kaldare
Bør nok bytte ut dei slitne sommardekka med noko som held bedre på kalde dagar.

Psyker meg opp til tannlegen..
Veit eg skal bore to hol,så det er berre å skjerpe tannpussen heretter.Dyrt med desse hola.
Bruker liksom heile fridagen på opplegget.
Har ikkje time før halv to.Bruker ei stund på køyring og mykje på å kvi meg.

Må ha meg ein handlepause undervegs.
Treng kattemat ..Det er tomt.Ga nett ut siste rest og nærmast krise:-)Iallefall for katten
Vurdeer ein luftetur før eg reiser,men vet ikkje helt…

No er det helg:-)

Jadå..Eg er litt seint ute,men har hatt jobbehelg
Koseleg helg med flotte kollega og flott arbeidsplass:-)Heldig sånn sett

Var berre så vidt eg kom meg på jobb i tide..Eg trudde eg hadde stillt inn telefonen på vekking..
Vokna brått og såg sånn tilfeldig på klokka.
Nesten halv sju,,,Klokka seks står eg opp når eg skal på tidleg.Er ein fordel å hukse dato og ikkje berre klokkeslett.
Gjekk bra.

Nydelig nærområde på jobb.


Flott å kunne ta ein rusletur for oss som jobber og bebuarar.
Grendalaget på Sørbøvågen har laga det flott til.
Klapper for dugnadsånda.
Var regnver på runda mi etter jobb.Høljer ned.
Idag har eg og huksa på at papirboss og plast skal leverast imorra.
Har mykje, for glømde det sist.
Innom mamsen og tok ned hennar og-
Kom akkuratt tidsnok til nystekte pannekaker.
Har ei antenne for å lukte kor eg kan få mat:-)
Kjempegode
Så no eg eg havna i sofakroken hos meg sjølv.
Kaffi og tv .Vurerer om eg skal fyre i ovnen…Ikkje bestemt meg.

Ha ein fin søndagskveld:-)

Lørdagsmorgon:-)

Ettermiddagsvakt er berre lekkert:-)
Kroppen får tid til å vakne ,og eg får litt tid så ein slepp å treffe ei morgongretten kollega,som helst vil ha fred

Prøver å ta meg ihop, men rett skal vere rett. Noko solstråle om morningen er eg ikkje:-)
Det å få vakne i ro og mak med kaffikoppen og lese meg opp på nyheiter er min form for morning.

Skikkeleg rufsete ute idag og.
Innbyr liksom ikkje til dei store uteaktivitetane
Ser det kjem ei kraftig regnbyge og vinden rusker godt i landskapet

Må lufte meg før jobb,men ikkje endå.
Burde satt utemøblane under tak.Er ikkje så mange,så det fikser eg.Kanskje eg bør redde inn nokre planter før frosten set til.
Har tatt dei fleste.
Hadde håpa på litt opplett,men den gang ei.
Er så mykje eg burde ha gjordt,berre eg får reva i gir:-)
Ha ein super lørdag.
Er snart våken og klar til dyst

mangel på microbrikker

Litt skummelt når bilproduksjonen stopper heilt opp fordi dei mangler nokre små brikker.
Vi er veldig sårbare i verden,når det meste stopper opp på grunn av ein pandemi
Desse små brikkene er jo i det meste.

Helsevesenet er ein klimasynder.Verdens høgaste klimautslepp..Ikkje bra for eit av verdens rikaste land.

Kven får fredsprisen idag skal tru?
Reknar med det er nokon innan miljøbevegelsen,men kven veit

Regner ute idag og.Var ekstremt med vind her i natt.Iallefall høyrde eg det bråka ute,så må ta meg ei runde og sjekke kor ting er.
Small iallefall ganske kraftig
No er det heilt stille,mn venter med å gå ut til kroppen orker bevege seg,tenkjer eg.
No er den temmeleg fastlåst og vil berre ha fred.
Så eg drikk kaffi og får med meg nyheiter.

Er så mange skuddtilfeller no syns eg.Skremmande.

Arbeidshelg.
Viktig å slappe av og tanke krefter mellom jobbøktene.
Kjekt på jobb,men helgane er ofte travle syns eg.
Er nok fordi at vi mangler den der todagersfrien. Ein dag å hente seg inn,og ein dag og nyte:-)
Har jo fri ein dag før,og ein dag etter,men ikkje heit det same
Men,nokon må halde verda igang,så helgejobbing er noko ein må gjere enkelte av oss.
Og det er jo ikkje berre i helsevesenet

Trøsta er at det skal regne,så er innever uansett

Eg er tett i nasa og småforkjøla.Småslakk,men går seg vel til med litt parcet får eg håpe.

Må nok ha meg ein tur ut i vestlandsbunaden…

Litt kaffi til berre:-)
God fredag

Kven et sokkane mine???

Sidan eg snufser og er litt tufs tenkte eg at dette var passande aktivitet ein regnversdag..

Har altså enormt med single sokker.
Nokon har berre behov for ein pause frå kvarandre.
Andre har vokse frå kvarandre av ulike årsaker..
Så har vi den største gruppa som vart att til slutt.
Dei forlatte.
Partneren er på mystisk vis fordufta og nok for godt..
Kva skjedde?
Oppetne av vaskemaskina?
Kidnappa?
Mysterium rett og slett.

Felles sjebne og felles trøst.
Og midt i det heile fann nokon tilbake til kvarandre..

Men no er sokkeskuffa full.
Ikkje alle passa perfekt ihop,men går seg til

Fortsatt mange einsamme og forlatte.
Har dei flaks så dukker partneren oppatt eindag

Søvn er oppskrytt

Her sit eg igjenn.Midt på natta og tankane i hovudet tok heilt overhand.
No lurte eg på kva det var eg ikkje heilt hadde fått med meg om tvangsvedtak og kven som skal ha desse.
Og kva var det eg las på kurset og kva vart sagt. Stemde desse to tinga ,eller …

Kva var det eg ikkje heilt har forstått, eller har eg forstått …
Det er då ein burde tatt opp heilt kurset på nytt antageleg.
Må iallefall finne ut av det ellers er det heile håplaust…

Så no har eg stått opp.
Slått opp paragraf 4a og lese…
Jaja…Alt ein tenkjer på når ein skal sove.

Lys våken no iallefall
Sett på tven
Kanskje eg skal bruke det som sovemedisin.
Hovudverk har eg og:-)Berre elendigheit…

Får nok sove om litt.
Er ofte like greit å stå opp litt,når tankane spring løpsk
Vorten småforkjøla,så er nok grunnen til hovudverken

Litt kaldare om nettene no,og vi går mot seinhøst.
Er igrunnen mest glad i sommaren eg.
Ikkje noko A menneske og fungerer best på ettermiddagen.Men då er det jo mørkt på denne tida av året…

Godt eg kan ta meg ein sofadag idag:-)