Litt grått og knott
Men tross alt heilt flott
Frokost og kaffi og sakte oppvakning.
Kosemeginnedag
Ligge på veret.
Treng av og til ein innedag for å få orden i kaoset
Fortsatt litt jordbær i kassane
Ha ein super dag🌹
Det kom post
Med ballonger.
Hjelp tenkte eg.Kva gjer eg no?
Du bles dei opp,sa Trulte lykketroll.
Eg skal nemlig på ballongtur.
Oj ,skal du det du.
jepp.Det hadde frøkena tenkt lenge,men uten ballong,ingen tur:-)
har du tenkt å hjelpe meg med å blåse dei opp og då,spurde eg…
Ein spør ikkje tenåringar om slike ting
Og du må altså bli med sa Trultemor til stakkars vesle bamsebjørnen.Såg skrekken lyste lang veg.Like pysete som meg…
Men ingen bønn
Så her var det berre å gjere seg klar
Kofferten vart pakka
Men med tung koffert var det lite håp
Krasjlanda i den gamle klesnora…
Men kor var stakkars bamse?
Livredd låg han på bakken.Hadde kasta seg ut idet dei fauk over bakketoppen.
no vil eg heim!!!!
Stakkaren fekk sitte i stolen og fekk seg ei klementin.Ikkje greit å vere liten og ha høgdeskrekk på ballongtur:-)
Men kor var frøkena?
Sjå her du:-)Eg har fått verdens beste hengekøye med ballongoppdrift:-)
Kikka opp etter ei stund…men kor var Trulte?
Ballongen hadde letta og landa i blomsterkreasjonen oppom huset..Trulte hylte av begeistring.Men nok er nok.Meldt regn i morra,og galskapen må ha ein ende
Frøkena vart tatt med inn.
Dei flotte ballongane heng der endå.
Minner meg om kor viktig det er med eit fargerikt fellesskap
Kleggsafari
Når oslosøstra la att genseren sin etter kanotur igår så stiller jo ein opp.
I lange bukser og godt kledd..for dei er mange som vil få inn eit stikk
Men då vi kom inn sa systa…
Genseren er på det berget over der…
Skal vi ta kanoen?
Sa ho til meg..pysa…Det er ikkje djupt
Men når sant skal seiast så har eg innerst inne hatt lyst å prøve.Var stille..ingen vind
Innstiginga var verst
Her oppdaga eg at det slett ikkje var grunt..?men for seint å snu.
Steig til å med iland for å hente gensaren
Fekk instruksjon alla Lars Monsen og følte meg heilt trygg:-)
Kjempekos og verd kleggen.
Anbefalast
Takk til systa som fekk meg med
Det rusler og går
Har komme pittelitt regn ser eg på bilen.
Heilt stille ute og sola skin.
Skyer.
Naturen har ikkje heilt bestemt seg for kva ver vi får idag.
Sommertemperatur
Kjenner kaffien gjer godt for ein trøtt skrrott.
Lite søvn og tung morgon.
Godt eg ikkje har plan for dagen.
Lat rett og slett.
Går seg nok til.
Må vakne først
Den følelsen
Følte meg piggare igår og tenkte att…imorra skal eg ta ein tidleg fjelltur i ro og mak.
Eg vakna 11.30.
Heilt øren og slakk i kropp og sjel.
Laga meg kaffi,fann boka og her sit eg..
Er nok det eg skal idag
Har heldigvis ferie
I kleggens rike
Ut på vandring i nydelig natur
Men sjølv den nydeligaste turopplevelse demper ikkje følelsen av å ha komme i kleggens rike.
Vi døypte om stien innover til kleggdalen.
Vinden gjorde nok sitt.
Vakkert ved Langesjøen.
Kvalitetstid med oslosysta.
Nydelig flott tur men det eg sit att med er angrepa av tusen klegg på matjakt.
Klør som fy så tatt allergitablett..
Bedre lykke neste gang.
Men Embla kosa seg.
Feriero
Var godt med klementin .Cevita.
Litt sure men ikkje så verst.
Vind og litt ustabil sol idag så funne den einaste kroken med litt mindre vind.
Lese og kaffikos.
Søndagsro.
Fortsatt ikkje ork til fjelltur men har no tatt stripa mi.
Varmt i sola
Denne postkassa eg ser på ruta mi er så fin.
Kanskje eg bør få meg ny postkasse med motiv.
Av ei heks kanskje…
Gråverssysler
Søndag og kviledag
Ikkje alle dager er like
Litt småsurt ute,litt småsur kropp og kjenner at idag er det rolege sysler.
Har nokre halvferdige strikkeprosjekt og,men trur eg held meg til det eg mestrer best.
Kan jo vere det blir bedre i løpet av dagen.
Ein kveld hos Kloppen rr tilbake på skjermen og eg diggar det.
Koselig syns eg.
.
Godt med litt anna enn sport og repriser.
Hagen og meg
Der har eg stoff til ein roman eller to.
Tittel
Kor gale kan det bli.
Men eg styrer no på.
Ugraset ser ut som det trivast og det gjer eg og.
Så får ddt andre vere som det er.
Vart overraska over størrelsen på gulrota.
Her har eg knaska den i meg.
Sommergullrøtter sto det på pakken.
Sådde nokre inne..
Det var nok tingen.
Resten snakker vi ikkje om.
Jordbæra er ikkje søte igrunnen.
Som naboen s..Dei passer nok perfekt til diabetikara😉
Kvild og rekreasjon er viktig.
No har eg avslutta for idag.
Kan ikkje slite meg ut.
Laga meg jordbærsuppe.
Smakte slett ikkje verst.
Bles godt så les litt og nyt resten av sola
God lørdagskveld
God morgen
Sit og nyt kaffi og varmt rundstykke og kjenner på feriefølelsen.
Er sånn kan rydde inne ver.
Finne fram støvsugar og mopp
God gammaldags lørdagsvask..
Om litt
Det gode ferieliv