Vinterland og broddetid😊

Tore ikkje anna.
Vakkert ute😍
Men glatt å gå så brodder må på

Skjønner dei som likar å gå på ski og elskar vinter..
Men kun slike dagar som no

Har rusla turen min og nyt veret..
Fuglane har fått ny mat og katten som tusler rundt her har og fått litt😍

Fann til å med resten av nissane😊

Må prøve gjere litt inne…
Ei veke til jul
Fortsatt ikkje bakt nokon ting..
Men kjøpt eit par bokser❤

Jaja…gamla må berre få litt sving på viljen..
God fredag😚

Når armen er for tung😎

Er slik det følast…
Helsikes slit…
I tillegg er den for kort..
Den høgre altso..
Masete…
I grunnen veldig irriterande..
Er nok mangel på muskulatur.
Men denne tyngdekrafta kan vere slitande.. .og det å ikkje få tak i det eg uten problem klarde før…
Er berre å trene😊
Går på fram …men enkelte ting er steike ilt…endå.
Går seg til får eg håpe..

Merkelig kor hjelpesløs ein kan føle seg til tider..
Unyttig 
Må prøve å ha positiv fokus ..

Ein kan jo håpe på eit under😊

Fortsatt ikkje mobildekning i området..
Eg går med brodder ute 
Best å vere forsiktig😊
Har ramla nok…og ikkje hjelp i å ha med mobil på tur når det ikkje er dekning💣

Slit med nattesøvnen..
Så sit no her
Funderer over mangt å mykje..
Gleder med til oslofrøkena kjem imorra❤
Litt langt vekke..syns mammaen
Desto koseligste å få henne heim

Sånn er livet..

Privatsjåfør :-)

Fint skal det vere…
Men når formen og armen ikkje er på topp..
Eg følte  behov for storhandel og det er tungt å bere.. .då har det sine fordeler…
Godt eg har snille ungar…og hjelpsomme…
Trur i grunnen dei syns eg er temmeleg skrullete, men dei held ut..
Går no mest utover han som bur nærmast..

No kan eg og vere ganske snill, sjølv om eg er plagsom
Vil helst ha det på mitt vis og må ta meg sammen til tider…

Vert verre med åra..pest og ei plage..
Vil det i grunnen godt men ikkje alltid det virkar slik…

Ikkje alltid det hjelper med sjølvinnsikt…det har eg altso..
Jaja…

Men gløymde ein del sjølv om eg handla mykje…Er no ei veke til jul:-)

No trur eg ikkje at eg er ei slik supermor.. .
Snarare tvert om..
Men gjer så godt eg kan..meir kan ein ikkje forvente❤
Men avkommet er eg fornøgd med❤

Febeeeeeberfri😚

Iallefall trur eg på det..
Håper ikkje den kjem att..
Men fortsatt stappa forkjøla og hoster som eit uver..

Får halde meg unna andre…er vel ingen som har lyst å få desse greiene til jul..
Til å med rusla meg ein tur med brodder .
Måtte ha litt frisk luft..
Ikkje fysio og trening denne veka…
Men prøver no å strekke og pendle og veit ikkje ka😙
Ikkje den store formen..
Men får no gå her å hoste og snørre.. .. .
Går nok over..
Ikkje finn eg julepynten heller…
Uff…
Fann no nissefamilien idag

Orka i grunnen ikkje leite så mykje…
Mangler det meste av nissane og…
Kanskje dei har nissa seg vekk?

Vekke er dei iallefall…
Borte vekk.

Har fortsatt ei veke å leite på..
Burde vore på butikken men er ikkje gjort i ei handevending..
Er no eg skulle ha budd litt nærmare sivilisasjonen 💣
Svelt ikkje ihel dei første par dagane..

Handball ikveld..
Redd det nesten vert for spennande…
Krysser fingrar..

Gratulerer…du har vunne

35 kroner😊på exstra
Mange bekker små osv.. .
Er ikkje så storforlangende men såpass syns eg no det må vere…

Kjøpt meg brosme idag…
Når han tok seg bryet med å vasse i snø frå vegen og opp så fekk eg slå til.

Då fekk han seg jo ein tur til..
Og eg har kokt meg brosme til sein middag.

Pleier forkjølelsen..
Trur i grunnen det er influensa..
Strie saker…så ikkje noko å ha..
Vore flott ver idag men orker ikkje vere ute..
Går seg vel til etter kvart😊

Ser TV og nyt sofalivet.
Var innom nettbanken og betalte nokre rekningar trudde eg..
Men viser ikkje på oversikta..
Får vente til i morgon..mulig det er feil ein plass😎

Trur eg må lage meg noko varmt å drikke😎
Ha ein fin kveld

Sofaliv

Snøen laver ned ute..
Godt mulig eg snøar heilt inne ,men akkurat no orker eg ikkje tenkje på det

Ligg strekk ut på sofaene.
Har selskap av nissen..

Blir nok eit fæla strev å måke når eg ein gang orkar..
Får vel hjelp seinare i veka visst det vert forgale
Sofalivet går no sin gang…
Det same gjer forkjølelsen
Jula kjem no om eg orkar gjere noko eller ei..
Fortsatt ikkje baka…
Rett og slett lenge sida eg har gjort så lite…
..

Slik går no dagane😑

No har no vegen inni fjorden vore sperra av ein buss størsteparten av dagen.
Fort å køyre i grøfta når snøen lager fonner..
Glad eg ikkje skal køyre nokon plass 

Snørr og tårer

Vorten stappa forkjøla med full pakke..
Natta har veksla mellom teppe og to dyner, til få lyst å avkjøle med i snøen

Godt det fins smertestillende og febernedsettande😍

Vakker morgon ute…
Vind.
Glad eg kan krølle meg godt opp i sofaen😚
Her er det berre å ta verda med ro og pleie meg sjølv.
Rikeleg med papir og varmt drikke..Viktig å ha i nærheita:-)
Går nok over😑

Stakkars gamla

Her sit eg i utkanten
Nedsnødd og forlatt
Følest omtrent som om eg til nordpolen er dratt

Er stappa forkjøla
Har feber og frys
Syns eg at eg høyrde at det var nokon som fnys?

I dag vil eg flytte til varmare land
Eg vil heller ikkje ha så ilt i ein arm
Det går seg nok til
No er det snart jul

Til dess har eg tenkt å halde meg i sjul

Får håpe at vinteren går over litt faderleg fort
Eg får jo ikkje måka og klarer ikkje stort
Men ingen som bryr seg der oppe i sky
Det berre snøar på ny og på ny

Det er stygt å banne

Men må virkeleg sei at då eg og stakkars Larris skulle på basar så fall det mange og saftige gloser

15 cm og snøføyk… og på smale vegar. Her i fjorden er det ei kjend sak at det fyk att…

Berre det at vi har visst har fått nye som brøyter…

Heimatt var det brøtt men fyk til att…

Og kva eg  sa då eg kom til oppkjørsla mi og i tillegg til den snøen som skulle vere der, hadde fått ein halvmeter brøytekant då banna eg langt å lenge…

Må då gå an å i det minste få plogen så langt ut at eg kan få parkert mens eg rydar opp etter brøytemannskapet!!!

Fly forbana måtte eg køyre ein kilometer for å snu ,

deretter inn til naboen der eg klarde få bilen or vegen…

Heldigvis fekk eg hjelp til å rydde meg plass til bilen:-)

Glad jr.er heime ikveld…

Håper at dette ikkje er malen vi skal ha i vinter.

Kommunale vegar i ytre var heller ikkje pløgde før langt ut på ettermiddagen…

Er faktisk eit ekte snøhol uti her..Og det fyk til…

 

Kjenner at eg vert trekt..Var då verkeleg meld denne snøen–Kanskje dei må ha nokon i ytre som melder frå når det må brøytast…

Men men..

Lite folk på basaren ,men nokon kava seg gjennom snøføyka og ein hjelpte kvarandre med å få laus bilane ved avreise.

Koselige timar:-)

 

No har eg vore ute og spadd fri ytterdøra…

Det får vere nok trim for idag kjenner eg, for snøen var blaut:-)

Burde kanskje laga snømann:-)

Fått ut litt agresjon..

Men på dette føret så skal ikkje Larrisen ut at på ei stund seier han..Eg er einig..Vert formykje for oss stakkarane

Får håpe på at det sluttar å snø

 

Hjelp det snør💣

Lavar ned…
Uffameg
Er det noko eg er dårleg på fortida er det snømåking…
Vel det er jo trening,men litt i tøffeste laget..

Kva gjer vi no seier Larrisen.. .
Held oss heime?
Må nok det ..men idag skal vi på basar…
Kjekt avbrekk i adventstida..
Fekk måka snøen av Larris..
Kjørt han nærmare hovedvegen og tatt vekk den flotte kanten som vert etter plogen..

No fortjener eg litt kaffi😑

Flott pynta…
Kjekt med kreative folk😑

Desse står klar til å bytte eigar..

Vert nok ein kos basar og julegrantenning😍
Håper ikkje folk vert skremde  av veret