Helg😙 Ikkje at det gjer den store forskjellen no når eg går rundt og surrer
Gjordet unna fysio og tusla meg ein tur etter vegen. Frisk luft gjer godt for psyken og det trengst.. Vert litt lei … Armen har ikkje sin beste dag.. Bevegelsen går jo litt på fram men tek tid …og gamla vert både sur og lei Hjelper ikkje ein skit😎
Sit og nyt den vakre utsikta mens eg drikk kaffien og gumlar knekkebrød.
Verken kvikk eller opplagd desverre. Men sånn er det fortida. Går seg vel til Nyheitene er heldigvis av den rolege sorten idag Mannen har igjenn gått til i hi. Verre med den amerikanske presidenten..han vert ikkje bedre 😎
I kveld har eg vore på konsert Korsang og musikkorps😙
Ja kvar for seg då. Koseleg. Fekk urframførelse på eit stykke som heitte Vetle. Kjekt med litt sosialt og musikalske innspel i kvardagen Nydelege kaker og kaffi i kafeteriaen
Når ein då kunne nyte denne flotte solnedgangen på veg til ytre Fjaler, då kan ein liksom ikkje forlange meir
Flott ord og mykje brukt i jobbsamanhang Viktig å trene seg oppatt til å klare seg sjølv🎈 Er det eg baler med no i heimen. og ikkje på jobb Tek laaaaang tid…
Og kjenner det på meg og ikkje heilt smertefritt. I dag tenkte eg at i staden for å berre trene med å skyve armane over bordet så kunne eg vel kanskje stryke litt klær..
Å stryke med venstre og ikkje ha kraft i høgre til å kunne glatte eller gjere noko matnyttig er søren ikkje enkelt. Men høgrearmen gjorde sitt beste med å halde i strykejernet.. Ingenting å sei på innsatsen.Resultatet står ikkje i forhold…
Ingen tur ut på meg dei første timane sjølv om eg nok hadde trengt det.. Armen er skikkeleg utidig for tida og hjelp verken med det gode eller det vonde 🎊
Heier på tantejenta som er flytta frå hovudstaden og til Trøndelag
Debuterer som skodespelar idag.. Spennande. Tanta må no prøve å få sett henne i ei eller anna rolle.. Hedvig er no tøffet å debutere med så tvi tvi Du har Jobba mykje for å komme så langt.🎈 Litt kjekt at ein har så ulike yrkesvalg
Stolt av eine tantejenta som debuterer som Hedwig ved Trøndelag teater idag. Flink jente og godt jobba♥ Er like stolt av dei andre tantungane og. for å sei det.. .ingen forskjell .Men berre ei er skodespelar Skjønt ungar er dei ikkje lenger men unge voksne..
Tida fyk fort avgårde.. .
Vore hos AnnTerese og trena ein smule.. Går tregt men på fram.. Verker fortsatt inn i h… Håper det roar seg etterkvart. Vore stille idag til og med..såg sol🎈
Gjer godt for kropp og sjel å kunne rusle rundt i naturen
Tida er kommen for å få meg ein anna bil. Stakkars Pengesluket. vil ikkje … Har ikkje det minste lyst til å verte utskrifta.. . Tenk deg sjølv kor det føles seier han.. Kjenner den følelsen… Veit kor han har det.. Men må minne Pengesluket på at han er ein bil..