Tidleg vaken.
Både etter ny og gammal tid
Ikkje så sprek om morningen og hjelp igrunnen ikkje å sette klokka tilbake😙
Problemet er at igår gjekk eg trimtur på denne tid.
Idag ser eg på klokka og tekjer det er litt tidleg…uffameg😊
Gruer meg litt til laserbehandling på auget imorra
Veit ikkje om kva resultat det vert.
Kan alltid slå begge vegar.
Tre dager med lysskyheit og solbriller frestar lite.
No veit eg no kva eg går til.
Laaaaaange dagar.
Godt ein har radio😊
Men noko skal ein jo ha.
Trur eg skal kose meg med litt frukost😙
Berre nyte morningen i fred og ro.
No kjem det eg er best på.
Sofasport😉
Handball på tv..
Deretter skal vi danse…
Eg er klar.
Kaffi og lørdagsknask😙
No veit eg godt at eg burde styrt unna dette snopet og chipsen…
Men…eg har ikkje heilt funne viljen..
Mulig den er einplass men finn den ikkje…
Visst nokon har sett den så gi beskjed..
I natt skal klokka stillast ..
Endå lenger natt..
Syns den er lang nok frå før eg😙
Syns igrunnen ikkje noko om denne justeringa
av klokka.
Likar at kveldane er slik som no..
Kjem jo til å verte så mørk alt for tidleg.
Skit i om det vert lysare om morningen…
Er på ettermiddagen eg treng lys..
Hordaland og Sogn og Fjordane vert til Vestlandet..
Kva med dei to andre fylka som og ligg på vestlandet?
Kor vert dei liggande?
Eller vert det på og i vestlandet.
Ligg i Vestlandet fylke men vi bur på vestlandet..
Stor eller liten bokstav..
Eg berre lurer…
Ser ut som vi skal få eit forrykandes ver
Nytter då kun med vanntette klær
Hjelper og å vere festa til bakken
Så ein ikkje vert kasta og kan bryte nakken
I dag har veret vore berre flott
Sola har skine ned på min kropp
Vakker hausdag for å sei det som det er
Trengde ikkje ha på meg mine vasstette klær
Har no rydda litt meir på kjøkkenet mitt
Går ikkje fort tek berre litt og litt
Kortid eg får hjelp er ikkje godt å sei
Men kjem nok eingang om eg ikkje vert lei
Er svolten støtt og et formykje no og
Skulle yngst kiloa for bort med eit tog
Eller kanskje slik som ho på reklamen
Men er ikkje så vel så eg seier amen
I
Veit eg har ete litt vel mykje knask i det siste
Lett for når ein går rundt sin eigen akse døgnet rundt
Svolten støtt med eit kraftig matinntak…
I gårkveld gjekk eg på vekta….
Måtte sjå opptil fleire ganger.
Kan vere kjekt å sette rekordar men ikkje slike…
Kjære vene..
Korleis eg har klart å ete på meg så mykje på kun ein månad….det er nesten umulig
Og eg var nok…
Jaja…
No må eg altså prøve å ta meg ihop før det er for seint
Slutt med alt det usunne snopet som eg stapper inn i haugevis..
Iallefall må eg prøve..
Ikkje rart eg ikkje har bukser som passer😎
Har ei vanvittig matlyst og søthunger fortida.
Skulle tru smertene tok knekken på den ,men den gang ei…
Har ein app eg får bruke
Skrive ned alt eg et..
Få det servert sånn mitt i trynet..