Pårøranderolla

Rollebyte.
Jobbar på sjukeheim og er godt vand med rollar som pleiar og sjå alt utifrå pleiaren sin ståstad.

Når eg no går over til rolla som pårørande på min eigen arbeidsplass, er det litt rart.
Godt eg har ferie så eg slepp rollebyte heile dagen🙄

Ser jo ingen og dei kjem jo aldri..
Kjende utsagn og ser jo det at ofte er det slik. Ein ser jo ingen og ein må vente.
No veit eg jo det at det er ikkje fordi dei gjøymer seg vekk, eller ikkje vil, men fordi pleiarane har alt for få hender.
Alt for mange som treng hjelp på same tid og ein må desverre vente.
Slik er kvardagen på sjukeheimane.
Ventetida følest mykje lenger enn den er ,og visst ein i tillegg ikkje heilt har dreisen på korleis ein trykkjer på alarmar, så veit jo ingen at ein vil ha hjelp.Sjølv ligg ein der og venter på nokon som ein trur ein har tilkalla.
Ikkje enkelt.Og ein vert jo utrygg. Kjenner og at det ikkje er så greit å vere pårørande alltid ,når samvittigheita gneg.
Er liksom enklare når ein reiser på sjukeheim fordi ein syns det er greit og ikkje fordi ein må.
Veit at ein har det godt på sjukeheimen
Alle gjer sitt beste og får ofte ufortjent kjeft😉
Sånn er det berre og er vant med det som pleiar. Hender nok at eg fortjener litt tilsnakk. Skjer at tolmodigheita vert satt på prøve.
Så får eg berre håpe eg klarer skilje rollene og ikkje vert ei surmaga datter som er til pest og plage.(godt mulig)

Snart nådd ein bra alder sjølv
Den dagen kjem at eg surrar formykje og ikkje veit mitt eige beste ,eller vert for stor belastning,då får eg håpe ungane mine kan plassere meg på sjukeheim uten det snev av dårleg samvit

Men ein ting skal dei vite…
Eg vil ha besøk.og ikkje berre til jul❤

2 kommentarer
    1. Veldig stor forskjell på sykehjemmene. Mamma var på et nylig, til opptrening. Der var de flotte, og hun hadde en god opplevelse av oppholdet 🙂 Fint for oss å vite 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg