Funderingar i natta:-)

Likar å sitte slik og fundere over livet,strikke litt,sjå tv og berre la roa senke seg

Har drukke  vel mykje kaffi så er litt vel våken kan ein sei

Då eg var liten var eg A menneske.No er eg B eller eller C trur eg 

I skuleåra  var eg alltid tidleg oppe og livredd for å komme forseint til skulebussen:-)Det var dengang

No er livet vorten eit anna

Nærmar meg 60.Kor i all verden er åra vorten av.Tida flyg avgarde i ein veldig fart

 

 

Syns farten aukar  veldig på ettersom åra går:-)Klarer nesten ikkje fylgje med

Snart 9 år sidan eg vart bestemor.Gløymer ikkje den fantastiske følelsen.Trudde ikkje eg skulle reagere slik:-)

No har eg to barnebarn.Verdas beste selvfølgeleg .Myrsniper er vi alle når det kjem til våre eigne:-)

Har prøvd å rydde til jul no i 2 dagar men det går smått.

Har liksom litt for mange pausar

Var hos ho mor idag og rulla smoltringar

Trur ikkje ho har hatt så mange rare smoltringar nokonsinne.Men smakte fortreffeleg

Ho laga deig og sto for steikinga.Eg syns denne smolten er skummel.Men gjekk godt:-)

Litt kjekt å gjere ting ilag:-)

No burde eg nok gått å lagt meg ser eg av klokka, ellers så søv eg vel vekk størstedelen av morgondagen og

Noko er jo best å gjere i dagslys,og så lenge er det ikkje lyst på denne årstida og iallefall ikkje i regnver

Skitnesøndag idag, så lov å gjere både det eine og det andre:-)Kanskje eg og skal ha sauehovud til middag.:-)Og muligens så klarer eg å verte ferdig med det eg har bala med i to dagar:-)

Jula kjem no om eg er klar eller ikkje den

Må berre vaske over golva og få slengt å litt juledukar så er eg klar.

Ja må vel pynte treet og men rekk det før jul:-)

 

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg