Kattejammer:-)

Har ikkje hatt katt sidan eg mista Rolf.Han var unik så har ikkje tenkt på å erstatta han

Men i natt held eg altså på klikke

Vakna av eit helsikens spetakkel rundt huset.Remjing og skriking og smelling.For dei sto næmlig ikkje i ro

Kva søren,tenkte eg.Kor kjem desse kattane frå..

Kjende at ettersom spetakkelet drog ut vart lunta mi temmeleg kort

Før eg visste det sto eg på altanen og skreik til ordensforstyrrarane

Ikkje att det hjelpte.Ein stor grå og ein stor kvit katt.Den kvite med litt farge på er ny.Mulig den er på høstferie i nærheita.Den grå har eg sett før

Ikkje at det hjalp

Til slutt så råna eg med meg i kjeftinga, og tenkte det var kanskje lurt å gå inn før nokon høyrde meg og ringde etter nokon som kunne hente meg og legge meg inn ein plass:-)

Var antageleg ikkje det spor bedre enn kattane.

Så la meg innunder dyna med fingrane i øyrene.Sovna til slutt og med dagslyset forsvann og dei besøkjande:-)

Håper dei ikkje kjem att på ei stund

 

#humor

1 kommentar
    1. Forferdelig når katter sloss..de bråker jo så fælt! håper de fant ut av det..og er ferdig..til natten..

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg