Gafler innpå:-)

Ikkje bra for vekta desse sjukedagane.

Ofte lurt å kor dårleg eg må vere for ikkje å ha matlyst

Før røykeslutten så var det røyken som var tingen…

Skulle jammen vere dårleg før lysta å den var vekke,men matlyst var det lite med.

Men no derimot.!!Kan vere så tjukk i halsen at det å svelge er ei stor plage.men et gjer eg!!

Tvinger det ned…Ikkje klokt!

Mangel på sjølvdisiplin

Var vel igrunnen slikt som dette eg burde ete,men det rekk liksom ikkje

Nei her er det steiking av kotelett og innstapping av sjokolade og nøtter til det tyt ut øyrene

Ete kan ein jo gjere halvvegs liggande

Kanskje eg burde prøvd hypnose mot matorgier:-)

Rart dette med viljestyrke….

Fått meg ny bok i posten.Krim sjølvsagt.Er det eg er mest glad i

Funne den fram og snart klar til oppstart.Håper den er god.Har fått gode omtalar,men det syns eg no igrunnen dei fleste bøker i bokklubben har .Ikkje alltid dei fell i min smak fordiom.Vi er jo forskjellige:-)

Strikka litt meir på teppet mitt mens eg sit her.Kun rett så slepp både briller og tankegang:-)Men dei er varme og gode desse teppa

Kjekt å ha noko å gjere på men er liksom alt for enkelt å sitte å småete ved sida av:-)

Nei, håper at helsa kjem seg at så eg får litt frisk luft,for dette er ikkje bra for kropp eller sjel.Er avhengig av ein luftetur for dagen om den ikkje er så lang

Går gladeleg med regnklær:-))

Noko skal ein jo gremje seg over.Men antar at kroppen min har funne ut et eg treng eitpar dagar i fred og ro:-)

Så får starte på krimromanen så eg får vridd tankane inn på anna enn mat:-)

#humor#krimbøker#hobby

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg