Fredagskveld og frihelg
Planen var igrunnen å ta meg ein tur ihelga,men veret ute frister ikkje til gatevandring og fjellturer i byfjella.
Så istaden er det godstolen,tv og hekletøyet
Fredagskveld og frihelg
Planen var igrunnen å ta meg ein tur ihelga,men veret ute frister ikkje til gatevandring og fjellturer i byfjella.
Så istaden er det godstolen,tv og hekletøyet
No har eg hatt nokre late dagar der eg ikkje har bevega meg stort
Vel har eg hatt nattevakter men det er ingen god unnskyldning:-)
Då er det faktisk godt å ha venner som avtalar tur uansett ver
I dag var ein slik dag:-)
Vart henta og så var det tid for Einingsfjellet:-)
#Var kos sjølv om regnet plaska ned og lite var tørt på kroppen
Litt oppi bakkane traff vi på ein gjeng som åt lunsj
Vi fekk tilbud om smaksprøve,men sidan vi begge nett hadde inntatt frukost måtte vi takke nei.
Men kjempeflott tilbud som heller er sjelden på den strekninga:-)
Vått var det og regna gjorde det
Vi tok dusjen undervegs og rakk akkuratt å skrive oss inn i mantalet før neste byge kom
Alden i det fjerne
Eg sovna nesten ståande.Hadde jo sove litt lite etter nattevakta:-))
Var varierte løyper
r
Ikkje så mykje som var tørt kan ein sei.:-)
Fantastisk tur.
Fekk meg i godt humør og smiler endå
Takk Hanne.You made my day:-)#tur #venner #humor
Flott å nyte naturen
Har regna mykje og bekken veks
Flott ute på Utsiktspunktet der erin ser ut mot Solund
Får slik ro i sjel og kropp mev å vandre rundt å høyre på lydane i naturen og berre la tankane flyte.
Trur nok ikkje kondisen min vert bedre ei heller at eg klarer å halde vekta i sjakk med den,men gjer godt
Så får eg heller vurdere om eg skal overtale meg sjølv til ein fjelltur i morra:-))
Vakna idag av at regnet plaska ned
Hadde igrunnen bestemmt meg for at idag skulle eg prøve å komme meg ut,men dørstokkmila var for høg
Laga meg ein god frukost.Kravla opp i godstolen og fann fram ei god bok
Vart svolten etter ei stund så laga meg ein durabeleg middag.Valt meg opp på sofaen og sovna
Men kor lenge var Adam i paradis.
Vakna med eit brak av dørklokka .Ikkje så ofte den ringer hos meg så spratt opp.Kikka forsiktig ut glaset men ingen bil…
Tumla ut i gangen og åpna døra. Såg ingen med det same men plutselig dukka det opp ein kar frå eine sida som på klingande sunnmørsdialekt
sa “Eg har fisk og poteter te salgs om du vil ha.”..Det ville eg altså slett ikkje idag…
Eg var klar til å lukke att døra då kom det frå karen
“Eg ser du har ein gammal Volvo v40. Eg har vraka mange slike og lurte på om du treng deler…”
Mulig eg ser ut som ein bilmekanikar men eg er det ikkje.
Ingen som har trefft meg med det same eg vaknar kan beskulde meg for å vere blid,og kropsspråket mitt sa sikkert sitt då eg fekk fortalt han at eg ikkje hadde det minste peiling på bilar og derfor heller ikkje ante om eg trengde delar
Karen skjønnte hintet og eg høyrde han mulla då han runda hjørnet
Einaste som får meg til å roe meg ned etter slike hendelser er ein tur i frisk luft.
Noko godt kom det ut av besøket for gamla fann fram vestlandsbunaden og tutla seg over grensa til nabokommunen for å sjå om veret var bedre der:-)
Føler meg litt utrygg når eg sit på denne benken
Alle har vi vel av å til følelsen av at vi har nådd 0 punktet.Eg har funne mitt som eg går forbi ofte:-)
Var ikkje bedre i Fjaler heller
Så eg gjekk heim:-)
Takk til møringen som skremde meg ut.Men han treng ikkje ringe på døra oftare.
I dag har eg ikkje gått mange cm.
Har vore på jobb vel å merke men det er det
Ikkje bra.Matlysta er god og treng litt trim,men sov lenge og då var jo det nesten jobbttid
latskapen lenge leve.
Får prøve å ta meg saman imorra:-)
Uff.
Skal ikkje vere enkelt:-)
Etter at eg slutta å røyke for snart eit år sida har vekta auka og formen minka
Har i dei siste månadane prøvd å komme i form ved å gå tur.
Starta med å gå tur etter vegen men vert no kjedeleg det og i lengda,og får ikkje så mykje bedre kondis av det heller sånn sett.
Har tre fjell eller toppar i nærheita og det er dei eg som regel prøver å komme meg opp på.
Satsa på iallefall to turar i veka men er no alt etter kva alteregoet har for innvendingar:-)
Einingsfjellet,Bygdeheia og Vardeheia er korte turar som ikkje krev så mykje tid.
Kanskje er dei vel korte for kjenner eg slit med lengre turar.Ikkje det at eg spring på desse heller.Går seiiiiiiiint,men kjem no opp
Men i ferien var eg så heldig av veslesysta tok meg med på toppar eg ikkje hadde vore på før.
Først ut var Hesjetinden frå Øvrås .Alle tre søstrene på tur var kos
Flott med vatn:-)
Pust i bakken for å nyte utsikta må til:-)Nr 2 0g 3 i søskenflokken
Veslesysta
Og gamla
Kven er det som tramper på mi bru,sa trollet
Og der var turen nesten over og vi går vidare til neste tur
Robba med veslesysta
For trente fjellgeiter og andre er nok dette ein grei tur,men eg syns det var tungt
Jada.eg kjeme….….
Nydeleg utsikt.Pust og pes:-)
endeleg…..
Flott på toppen
og det var kaldt i vinden:-)Så på med jakker
utruleg fin utsikt
eg er utsleten som de ser
veslesysta
Artig med veg av fjell:-)
Ein flott tur ,Takk til systa som drog meg med.Langt og tungt for meg men eg kom både opp og ned og var flott sjølv om eg var sliten og pusta som ein kval.Ikkje fordi eg gjekk så fort men fordi kondisen og beinstyrken ikkje heilt står i forhald til viljen:-)
Kjekt å gå på ukjend mark men hadde aldri gått aleine.
Veit ikkje heilt om eg har fått så mykje bedre kondis ei heller gått ned i vekt.Men gjer godt.
Neste steg må vere å få bukt med matinntaket:-)
Fri og kom meg opp ganske tidleg.(ikkje normalt)
Etter tur på butikken og snartur innom naboen studerte eg himmelen litt
Tok ein diskusjon med mitt alterego og fann ut at kanskje eg burde gå ein tur med det same før regnet kom?
Yndlingsutsikta mi finn ein på Einingsfjellet.Ser fjellet som vart kåra til turfjellet av Firda,men har ikkje båt så for meg er Alden fin å sjå på:-)
Klok av skade etter gårsdagens flotte ver og ,kortbukse og xantall kleggstikk ,stillte eg med lang bukse idag
Men trur du eg fekk gå i fred?Niks!Stakk igjennom.Så einaste eg oppnådde var at eg vart litt for heit og fekk litt fleire stikk
Vurderte om eg skulle ta Bygdeheia på heimturen men alteregoet mitt gadd ikkje. Der må eg takke for. Rakk akkuratt heim før slusene åpna seg..
Men frisk luft gir for god matlyst og er viktig å hive innpå dei kaloria ein har forbrent:-) Så eg heiv innpå.
Hadde meg ein tur ut i regnveret i vestlandsbunaden.Bosset må til vegen.Stakk oppom naboen .Fekk mat der og..Ikkje veit eg kva som hende for plutseleg vart eg potte tett.Augene og nasa rann og vart slakk i ånden.Så no har eg hivd innpå ein allergitablett i tilfelle rottefel log,funne rikelig papir,
Syns synd i meg sjølv og håper det kun er litt allergi og ikkje forkjølelse .Då går det for over:-)Til dess får eg krølle meg inn i teppet og ta verden med ro
Søndag.Som vanleg når eg jobber nydeleg ver.
Fekk melding om tur frå Varlida til Vardeheia.Er retningsvill eller totalt retningsvill er vel rett å sei,så den turen har vore etterlenkta på umerka mark.men men den føregjekk i arbeidstida så bedre lykke neste gang
Vel heime frå jobb ringde Anita.
HESJETINDEN frå Akse.????
Gamla frkk på seg fjellskoa og avstad bar det.Litt køyretid men pytt ytt
Merka litt dårleg form, men opp kom eg med god drahjelp
Tusen takk:-)
Var veldig kjekt å verte dradd med på ein spontan tur:-)Kanskje det er det eg må verte flinkare til.Gripe dagen og ta ting meir på sparket,for ein veit aldri kva som ventar bak neste sving .Gjordt er gjordt.
Bakdelen med slike fjellturar er at matlysta den tek av.
Så trimturen for å halde kiloa i sjakk vart nedbroten av dårleg sjølvkontroll og steike god matlyst.
Men men.Både turen og maten var super:-)Så no er det Lewis på tv
Ikkje så ofte eg har fri ein fredag,men idag hadde eg det.-)
Hadde igrunnen planer om at visst det var fint ver så skulle eg gå på Vardeheia.
Vakna til eit veldig regnver og kjende det igrunnen gjorde godt..Men det var då eg vakna…
Letta etterkvart og sola kom:-)Nydeleg og alt for hett til fjelltur ,tenkte eg så tok med meg kaffikoppen og krimboka ut på altanen
Briller er viktig i min alder og godt lys.God bok og kaffien var ikkje verst den heller:-)
Men då sola forsvann vart det litt småsurt så tutla meg innatt og laga meg ein gedigen middag.Nesten kvalm endå.
Har ei enorm matlyst og er utruleg kormykje eg klarer stappe inn.Veit eg burde stopa lenge ¨før,men fornuften er plutseleg borte vekk for å dukke oppatt
etter måltidet er komme ned i magen og nesten oppatt i halsen:-)
Men fornuften sigra til slutt.Fekk på meg treningsklær og sko .Orka ikkje gå på Vardeheia:-(.Sette meg i bilen og køyrde til ytre Fjaler.Nydeleg derute og fjell i passeleg høgde for meg
Vått,grått svett og glatt men kom meg opp og ned
Litt trist å sjå ut på Lutelandet.Flott industriområde men ingen aktivitet….
I år har eg vore heime i ferien.Ikkje at det er noko nytt.Har eg ofte vore.Men slik er det for mange.Viktig er at ein tanker krefter og finn på ting for å gjere litt anna enn det ein normalt gjer
Gått mykje tur.Har vore fin temperatur til det om ikkje anna;.)
Var i det lengste laget syns jr._)
endeleg oppe:-)Her er berre heilt nydeleg:-)
Bygdeheia
Flott varde på Bygdeheia