Vakna tidleg idag. Litt sånn uroleg i kroppen så sto likegodt opp. Å sei eg er våken og opplagd er ein overdrivelse😣 Fortsatt mørkt ute men
God varme i ovnen.Stakk nasa utom døra for å sjekke veret. Surt Trur eg skal ha meg ein kosemeginne dag❤Dei er ikkje å forakte. Må no ha meg eitpar lufteturar og innom naboen men det er alt😊 Viktig at vi stoppar opp og lytter til signala frå kroppen. Vi er alle ulike og har ulike behov. Litt lett for at vi køyrer på til det smell. Så når det lysner litt så tek eg meg ein luftetur. Antageleg litt glatt idag.Litt kjølig i lufta. Men først får eg få med meg litt meir nyheier om usa.russland og ellers den harde virkeligheita rundt oss
No er det kanskje ikkje særleg pent eller danna,men eg bur aleine så det skit eg i😎 Skal vere bra å sitte med beina høgt Slengt meg opp i sofaen Litt småruskete ute høyrer eg.vinden tek godt tak😐 Har no hatt meg ei stripe etter vegen idag.. Vert ikkje noko sprek av det men fekk no frisk luft
Starta bra med sunn frukost men so skar det seg😎😣slik er det no igrunnen kvar dag Må finne på noko lurt antageleg
Var inne på tanken om å hive ut jula idag.Vart med tanken. No har no ikkje mange av kollegaene mine feira jul endå.Det er jo den 7. Så må jo vere litt solidarisk😊
Er no 20dag Knut som jager jula ut så har no litt tid på meg. Vert no iallefall ikkje rydda ut i helga Er no litt triveleg i ruskeveret
Skal berre kose meg her i sofakroken😊 Kjekt med gode bøker.strikketøy og fred i sjela
Vinteren har festa taket om eg vil eller ei Når sant skal seiast så har det vore nydeleg idag. Godt strødd på vegen.Stor takk kven det enn er.
Is på fjorden.Mykje regn i det siste så er mykje ferskvatn i den.Då frys det fort til og held nok ei stund for er meldt kaldt framover Burde nok hatt eit eller anna på listene på bildøra for det var ein kamp idag☺eg vann til slutt.
Greit med vinter så lenge den er som idag☺treng ikkje masse snø og glatte vegar..ikkje storforlangande… Burde kanskje tatt på meg vinterhabitten og rusla ein tur no etter maten….
Her sit ein i kvar sin stol og driv med sitt Kva som er på tv er litt etter kor bra det går med kryssordet
No har det vore nyheiter ei stund😊 Ellers så veksler det ofte i fykande fart. Klarer ikkje alltid halde tritt Vart lasanje idag og.Alle godt fornøgde med den gode lasangen min.😊takk#toro# Så lenge alle er fornøgde og mette så er alt greit. I dag var det pappa som bestemte menyen.Dei andre er vel litt lei lasange 2ganger på ei veke😊
Livsfarleg skøyteis på vegen før idag Rett og slett speilblank skøyteis… Kjøpte meg brodder igår heldigvis😊 Til å med vanskeleg å føte seg med dei på No kom no saltbilen med tid og stunder.Snøa litt oppå.Så gjeld å ikkje bremse No skin sola❤
Må kanskje snart gjere eit nytt forsøk på å komme inn i bilen Den har forskansa seg☺ Totalt beinfrosen Kan ikkje gi opp ☺
Er så populært med tur i storm og uver så tenkte eg fekk ta meg sammen og rusle iveg
Vore ein lang dag på sjukehuset Skikkeleg pisseføre så var sjeleglad eg fekk nokon til å køyre meg. Ellers hadde eg no vore der fortsatt i vent på lov å køyre…skulle ikkje det idag😉
Må sei turen sat langt inne. Var mørkt ute.Bles liten kuling og regna Ikkje glad i mørkna så bestemte meg igrunnen for å ikkje gå. Fann meg litt mat og kraup opp i sofaen Men der sat gale Lise… Eg fekk så øyrene flagra. Gjekk ned i kjellaren.Fann fram lommelykt.På med vestlandsbunaden og rusla iveg. Det gode med motvind i starten er at det går som det susar heimatt☺
Vakna til vinter Om ikkje anna så er snøen vakker å sjå på og eg får trim med snømåking
Heldigvis ikkje dei store snømengdene .nett sånn passeleg trimøkt.Klapa meg sjølv på skuldra:-)Flink jente Kjekt å vere ute i frisk luft når veret er så flott som idag
Is og glatt på vegen.Meldt regn … Gruar meg skikkeleg til 9mil på glatte smale vegar imorra… Men må på sjukehuset så har ikkje noko val. Var jo då ein skulle budd i urbane strøk der det går kollektiv trafikk. Er her er kaver meg opp over både miljø og vegavgift og all snakket om å reise koĺlektivt. Hadde reist kollektivt kvar dag eg hadde eg hatt eit val Bur heller ikkje i gåavstand anna enn til naturen☺
Fekk koseleg middagsbesøk. Sjølv om eg ikkje er den store kokken får eg no til toro sin lasange☺😎Og dei åt no så antar at den gjekk an..Eller dei var ihelsvoltne,,,Mulig:) No er det føtene på bordet. Anno og Farmen😊
Har ikkje akkuratt vore min dag idag. Jobba seint igår og skulle på dag idag… Sleit med søvnen og måtte på kontoret. Idet eg skulle passere dørterskelen til soveromsdøra trakka eg feil No har eg i 20 år hatt ein tynn kabel liggande inntil vegge festa med slike små klyper.. Igrunnen ikkje tenkt over dei før inatt då eg trakka den eine inn i helen… Fy f….seier eg berre. Fordelen med slike festa greier er jo at ein får dei ut att. Drittilt og blødde gjorde eg. Fortsatt litt ilt og slit med ganga…
Klarde meg merkeleg nok uten dei store fadesane på jobb.trur eg…
Rusla meg ein tur etter jobben… Pingsa iveg er vel rettare☺
Var herleg. Har hatt koseleg middagsbesøk.❤ Men klarde jo selvfølgeleg å slå kokande vatn over venstrefoten
Sjølvplaging er inn. Har såte med kald våt klut over foten i nokre timar… Ikkje min lykkedag… Ete for meg og fleire… Ingen styring på matinntaket Godt det går mot lysare tider. Må ta meg skikkeleg ihop skal dette gå bra.Burde igrunnen ikkje nemne det meir når eg er så korka…
Kongen si tale var som vanleg jordnær og fin. Liksom ikkje noko høgtsvevande fraser der i gården.