10tur og stolpejakt

1mai var liksom turdagen min.
Eg trur heilt ærleg eg gjekk veldig mykje for lite..
Ikkje greit å ikkje kunne kart og vere totalt blotta for retningssans.
Når ein i tillegg er på ukjende stier kan det vere reine bingoen.


Registrerte meg på ut.no og fann ein stolpe
Mulig eg berre kunne fortsatt for å finne fleire..
Eg skjønnte null og niks så tok klokleg å gjekk tilbKe.

Nydeleg tur i fint ver.
Nett passeleg for min smak.Flott merka

Når skuldra streiker er det godt beina virkar
Men var igår det var turdag.
Idag er det meir dagen derpå🎈
Dagen var ikkje ferdig .med dette .
Men det får vere neste kapittel

Gratulerer med dagen!

Håper alle får ein strålande 1 mai.Viktig å ta vare på våre rettigheiter
Litt grått ute her hos meg og vert inga 1 mai feiring
Hadde planer om tur,men frester ikkje akkuratt no
Liksom ikkje heilt kommen i sving
Stiv,støl og versjuk:-)

Men det kan endre seg
Enn så lenge pleier eg helsa og berre prøver å la kroppen våkne til liv

10turen starter idag.
Ti turar som eg har ei forhåpning om å klare .Dvs.Til eg såg at eg måtte oppatt på Gygrekjeften iår og
Ikkje Nipestien iallefall fekk eg beskjed om.Var vel tung ifjor,så då vert det den lengste vegen om stølane.Var nett så vidt eg klarde den
Lifjellet er altså bratt og til og med våre på 71grader nord:-)
Men gleder meg til oppdateringa av stiane som dei jobber med

Likar meg best på dei små fjella og toppane eg.Så eg får starte i det små.
Viktig å ha små delmål så eg i det minste kjem meg over dørstokken og ut…
Men ikkje i regnver:-)


Eine toppen er jo rett i nærheita.
Kjekt at nokon lager til desse titurane som turlaga gjer ilag med idrettslaga rundtom
Så er det jo opp til kvar og ein om ein vil gå

Ha ein super 1 mai.

Godt for sjela

Godt for sjela og ikkje minst lattermusklane
Igår var gamla på kick off fest .
Nydeleg konsert
Morsom quiss som fekk fart på fantasi og latterkramper.
Rett og slett ein kjekk kveld med familie og venner.
Sjelden eg er sosial men kan trivast med det😄

Gode venner og mykje latter kan ein leve lenge på.

Den mestringsfølelsen😄


Den gleden eg følte då eg fann første stolpen ute på tur åleine
Til og med nesten rett parkert.
For kjentfolk og andre nok så enkelt at ein rister på hovudet over elendigheita..
Men,skal lite til for å glede meg og var på plasser eg aldri har vore sjølv om eg køyrer rett forbi.
stigestrand

3 stolper får greie seg.
Kan ikkje utfordre sjebnen før jobb.
Vende nasa mot jobben og gjekk folkestien.

Koseleg sti.
Kjekk kveld på jobb men godt å komme heim til Ingolf.
Trur han var glad for å sjå meg og

Kaldt

Nordavinden er kald uansett kva retning den kjem frå:-)

Skikkeleg surt og kaldt idag.
Ser så flott ut,men….var igrunnen glad for å komme i varmen etter kveldsturen.Og eg var godt kledd
Men april er april:-)
Har kosa meg med Sommerhytta på tv
Koseleg program og litt lærer eg og
Stiv som ein pinne og skulder på veret.Er rett og slett nesten komisk å sjå på
Men har slått meg ned på sofaen ilag med Ingolf
Best under pleddet.
Seinvakt i morra heldigvis .Litt godt å få sove litt på morningen for søvnen om natta er litt opp og ned

Må kanskje hekle eitpar omgangar på gardina i kveld og ,skal dette ha ein sjangs å verte ferdig dette århundre:-)

Går fort når eg først får ånden over meg, men det er heller sjelden

Vurderer om eg skal prøve å finne nokre stolper før jobb imorra.Høyres litt rart ut.Men er det jakt så er det det
Kan jo tenkje slik at finn eg dei ikkje så har eg i det minste fått trim.Må berre halde meg til dei som er grønne og lette å finne:-)Kan ikkje rote meg vekk.Skal på jobb
Må tenkje på det…
Bevegelse har eg i det minste ikkje vondt av.

Når nokon har tatt arbeidet med å sette stolpane opp så er det jo greit å teste det ut.
Synd det er litt lang køyring:-)

Må først sjekke veret:-)Og viljen:-)Mykje som skal klaffe

Stolpejakt:-)

Idag har eg vore på stolpejaktåpninga i Leirvik
Første gang det er laga til stolpejakt i kommunen så syns det er eit supert tiltak
Fekk med meg 5 stolper med guide:-)
Åleine bør eg nok først sjekke om Røde kors er ute etter å øve seg

Ikkje kan eg kart og har null retningssans:-)Katastrofe
Men kjekt er det syns eg.Sjølv om kondisen er laber.
Er no i det minste starta:-)
Glømde ta bilde i forkavelsen:-)Jaja kan ikkje få med meg alt
All ære til dei som har fått det i boks

Puust og pæs


Godt med god drahjelp når formen er laber og viljen svak
Døtre med god tid er berre supert

Verdt det når målet er nådd og utsikten super
utsikta til Alden er vakker

Fint turver men surt på toppen.
Berre å komme seg i ly
Kosetur
Takk for turen❤️

No er eg rett og slett sur

Ingolfen her
Må berre sei
No er eg rett og slett ganskje so forbanna på gamla
Her ga ho meg vel og merke frukost før ho for på jobb
Ikkje anna å vente
Så vanen tru stilte eg opp og forlanga middag då ho kom heim
Kor er maten?Eg var igrunnen ganske så pågåande.
Gamla kikka i øsja og sa…Du har fått dagsrasjonen
Ka søren?Sa eg ..frukost
Nå sa gamla…Det er tomt her så du har nok fått mat mens eg var vekke

Tja.Her var no eldstemann på besøk.Rett skal vere rett.
Men har ho tenkt på at han nok har ete maten sjølv.Var jo ikkje ei brødskive å sjå i mils omkrets..
Ho held på sitt og eg på mitt.
Så her er stemning kan de tru—
God lørdagskveld