Maling

Etter å ha sett på fleire episodar av sinnasnekkaren,så tenkte eg

Jaja..Her er det berre å sette i gang å male om du kan det eller ei

For at det trengst å pussast opp hos meg er det ingen tvil om

Så no har eg starta på dørlistene..At dei er vorten fine er sterkt overdreve.men innsatsen min er det igrunnen ingen ting i vegen med..

Steike glad det er i  mitt eige hus eg pussar opp og at det kun er eg som treng vere fornøgd

Ikkje har eg nokon å kjefte på heller,og det er sikkert ein stor fordel..

Må ærlig innrømme at fort går det ikkje,ikkje er eg flink heller.men går no i det minste på fram.Litt om gangen og så å gjere seg ferdig er viktig:-)

Mykje planlegging og i ei dørlist

Katten såg til og med ut som han var skeptisk til resultatet.Tilbydde seg til å med å hjelpe til,men sidan eg no ikkje har for å male golvbelegget,så avslo eg om ein smule uhøfleg..

No har eg tatt kveld.Kanskje eg skal ta fram neste prosjekt eg har på gang

hekle julegardiner,,Blir no ferdige ei eller anna jul sikkert

28.10.2013

kveldstankar

24. oktober 2013 kl. 22:40

No har vi kursa oss i Etikk Enda vel opp med god gammaldags folkeskikk

 

Visst du vil at andre skal skal vere grei,hjelp det lite at du er lei

 

Livet er vel som ein spegel Hjelper lite å gå for seier 

Visst dei andre ikkje er med, Vert det einsamt i mitt piletre

 

Dra lasset ilag,tenk kreativt

  Pass på deg sjølv og ikkje Frikk

 

Pass Lov og reglar,bruk rette veg

 

Kan vere andre har meir rett enn meg

  

Mest truleg kanskje men alikavel

det er lov å meine sjølv ein seine kveld

 

  Det meste løyser seg truleg nok men det er for seint å vere etterpåklok

 

Hadde ofte ynskt meg ein tilbakespoler 

iallefall i mine kreative perioder

 

Då kjem det ut det som ikkje skulle 

då står eg det som ei gammal skrulle

  

Men sånn er livet litt opp og ned

iallefall her i mitt piletre:-)

 


Livet er ikkje så verst

Vakker soloppgang i slutten av september

Er så heldig å bu med natur rundt på alle kanter,

Kan vere eit problem til tider,men stort sett fint

Stillheit er ein fin ting,men treng av og til påfyll av mennesker,liv og røre og det å kunne bevege meg blandt andre uten at alle veit kven eg er

Men når ein har gjordt det valget og bu i periferien er det det som er bakdelen.

Langt til folkeliv,butikker og kafeer.Kino og uteliv er ei sjeldenheit.

Men har nydelig natur,stillheit og ro.

Kunsten er vel å kunne variere litt,slik at eg ikkje vert altfor sær:-)

 

 

Høst

Hausten er tid for ettertanke

Mørkare kveldar ,fyr i ovnen og inneaktivitetar

All årstid har sin sjarm,men sjølv er eg ikkje så veldig glad i den mørke årstida

No har vi stillt klokka tilbake og kveldane vert endå lenger

Ikkje så kjekt syns eg,men sånn er det no eingang

Fargane om hausten er iallefall berre heilt nydelige:-)

Har starta med noko eg ikkje kan.Male..resultatet vert no deretter,men gjer no mitt beste

Førjulskos

Ingenting er som å sitte å nyte stillheita og roa ein fin søndag i advendt.

Ute er det komme litt snø

Inne er det varmt og godt

I år har eg til å med gjordt noko eg ikkje plar gjere.Pynta med litt nissar og lys tidleg i desember

Julegavene trur eg at eg har sånn nokonlunde kontroll på.

Mangler nokre men er no ei stund til jul endå

baka kakemenn med barnebar og riflekjeksa er i boks

Boks og boks.Har klart å få i meg halvparten,så no bør eg pause det litt.

Kjeksa er igrunnen best før jul.

Hadde igrunnen tenkt å bruke dagen idag til å bake litt,men vart med tanken

Men no skal eg bruke resten av kvelden til rett og slett å berre kose meg

søndagskos

I dag har eg kun gjordt ein einaste ting

Slappa av. uten fingrar i sving

Det føles igrunnen skikkeleg godt

å nyte litt fred og ein kaffikopp.

 

No sit eg her i mitt lune hi

Lysa er kveikte og dagen på gli

Korslaget syng og maten på kok.

Gjenstår å finne ei spennande bok

 

Ein ting har eg visst alikavel gjordt

Skufla vekk snø, borti ein krok

Gjorde igrunnen skikkeleg godt

å få bevega min etterkvart aldrande kropp-

 

Ha ein fortsatt fin 2.søndag i advendt

29.10.2012

No lurer eg på

Vert det skitnare i huset når bestemor passer ungane enn når foreldra gjer det?Desse reklamane gjer meg forvirra:-)))

Reklame kan jo sjåast på mange måter og vi tolkar som vi vil og etter humøret:-)

Sett for mykje tv i dag sikkert.Reklamepauser blir normalt brukt til alt anna enn å sjå på dei,sjølv om enkelte er morsomme..

 

Ellers så har eg ikkje kvite handukar så slepp det problemet.Den reklanen er tørr…

 

B eller c menneske

Eg er nok eit b eller c menneske vorten.

Var ikkje det då eg var liten .Då var eg tidleg til sengs og nesten altid den første som sto opp.

Kor tid dette endra seg er eg meir usikker på ,men eg trur det kom med alderen.

No er det liksom eit slit å stå opp,men jammen er det same slitet å legge seg og.

Veit igrunnen ikkje kvifor,for skal eg vere ærlig så likar eg morgontimane bedre enn kveldane.Iallefall om vinteren.

I dag kan eg no skulde på at eg kan dra ut tida sidan eg får ein ekstra time i morra.Ikkje verst berre det:-)

 

27.10.2012

Vi har hatt ein nydelig haust,men flotte farger

Ikkje for det.Godver har vi ikkje hatt så mykje av,men sidan det har vore lite med vind har lauva på treea fått stått i fred.

Ei veke med nydelig ver i oktober gjorde liksom susen.Humøret steig betrakteleg

No er det plutseleg vinter:)Ikkje så glad i snø.I motsetning til mange andre er eg ikkje typen som er født med ski på beina.

Har prøvd,men dei gjekk feil veg og det i susande fart..så den står eg over..I min alder skal ein og passe seg for lærbeinsbrot og andre komplikasjonar:-))

 

Vinteren gjer sitt inntok

hausten må sleppe tak

No er det tid for snømåking lesing og innekos,Hadde det ikkje vore for at ein måtte køyre på glatte og sørpete vegar og måke snø ,så hadde det ikkje vore så verst:-))