Tidleg oppe og ser dagen gryr
Ryggen er heilt å styr på morningen,så var liksom einaste løysinga å krabbe seg opp og finne smertestillande
Ikkje om eg veit det verkar heller,men i det minste hjelp det litt med strekking og bevegelse.
Går nok over,men er merkeleg kor hjelpelaus ein vert når ryggen ikkje vil.
Jaja.Alderen kjem ikkje aleine:-)
ikkje 20 lenger kjenner eg.
Litt vondter skal ein no ha
Grått og trist utanfor stoveglaset.
Står i stil til all elendigheita i verda.
Ikkje mykje positivt å høre å sjå på nyheitene heller
Vurdere å få sått nokre gulrotfrø inne.Gjorde det i fjor med godt resultat.Men først må eg no få fat i desse frøa:-)
Har skaffa meg slike små såbeger.
Må sikkert gjøyme dei godt for Ingolfen,for eg er redd han er god på jord og graving.
Faren for at han skal grave opp det eg grev ned,den er nok stor.Er veldig hjelpsom.
Men først må ein ha frø…
Hage og blomster kan ein gløyme.Her er det hagedjevel og ugras som rår.Hagegenet mitt er totalt fråverande.
Men beundrer dei som syns det er stas
Vi er heldigvis ulike
Men uansett så får eg vente til ryggen har tenkt å fungere som normalt att.No er den berre litt lei og treng kvile:-)
Eg og Ingolfen strekkjer litt på kroppane våre og tenkjer att.
Vi tek det med ro ei stund til.Har funne plassane våre på sofaen og nyt roa.Meldt regn og vind og innever:-)
Formanskapsmøte på agendaen.
Litt har nok hjernecella godt å beskjeftige seg med
Ha ein super torsdag
Huff da den ryggen…. en klarer ikke fungere så mye uten at den er i orden 🙂
Ja nå er det tid for å så litt. Jeg har sådd tomatfrø og satser på det i år 😀
Tomater har eg aldri fått til:-)
En får hvile ryggen når den ikke spiller på lag.
Hils Ingolf