Har fundert over alle hattane vi har på oss i dagleglivet eller kanskje vi skal kalle det for roller
Litt lettare ord kanskje men gir same meininga
Kor ein er i livet avgjer ofte og kor mange roller ein har å hoppe inn og ut av
Har ein for mange så kan det verte stress og så vert ein utbrent:-)
Viktig å ha sånn passe. Nokre roller styrer vi ikkje mens andre kan ein gjere noko med.Kan tenkje over kor mykje vi treng delta i diverse .
Den kjekkaste rolla eg har er bestemorrolla.
Sjølv om barnebarna har fortalt meg at eg må vere klar over at eg er gammal og slett ikkje pen så er eg like god bestemor for det:-)
Litt småsprø og ikkje heilt a4 kanskje men det trur eg igrunnen ikkje barnebarna bryr seg stort om
I såfall så seier dei ifrå.Det er det som er det greie med ungar.Dei seier det som fell dei inn.
Litt slik som meg kanskje:-)
Enkelte roller stiller krav til oss Kva vi meiner,seier og klesstil,mens andre går meir på følelser og det og stille opp
Kan jo vere at vi av og til trur andre har krav til oss som viser seg at dei ikkje har.Andre ganger klarer vi ikkje innfri krava
Ikkje lett å vere menneske.Ein må gjere det beste utav det,tenkjer eg.Prioritere kva roller vi syns er viktige og kva for roller vi kan gå ut av
Nokre roller har vi heile livet:-)
Som regel så går det greit.Vi får no heller tole at vi trakkar i salaten av og til.Bedre det enn å stadig gå i redsel for å gjere feil.
Det siste vert ein jo berre psykisk stressa av.Kan jo av og til få lyst å berre ligge i senga og dra dyna over hovudet,men kjedeleg det og
Ein må vere som ein er når ein ikkje vart som ein sku
Eg slit meir med rolla som ikkje røykjar enn eg gjorde som røykjar igrunnen,men luktar kanskje bedre
iallefall nydusja :-)For når eg pæsar rundt etter vegen eller oppi liene så lukter eg iallefall ikkje godt:-)
Her er det eg brukar å finne krafta til å ta vare på rollene mine.Kjenner at kreftene kjem berre ved synet
For etter som åra går så vert eg ikkje berre eldre,men og ganske så sær og vanskelig,så når eg då skal vere hyggeleg og grei på jobb og i livet ellers så krev det at eg tek meg alvorleg mykje ihop:-)