Dikt

Ute har himmelen åpna seg

Det regnar så no er eg snart utan veg

Ikkje så mykje å finne på

kva skal ein gjere for ikkje å

gå i stå

 

Husarbeid hadde nok vore tingen

Visst ein no berre hadde det genet i fingen

Det har eg ikkje det kan eg trykt sei

Igrunnen så gjer det meg fryktelig lei

 

Men har nokre klær eg burde ha stroke

Mulig eg klarer det uten å bråke

For mitt andre jeg likar ikkje slik jobb

trur innerst inne ho er ein snobb

 

No er halve dagen snart til vegs ende

Trur ikkje underet her vil hende

Så er nok best eg tek grep om dagen

Og får klærne unna og litt mat i magen

 

Dagen har igrunnen gjordt veldig godt

Knapt bevega min trege skrott

Men no lyt eg prøve å ta meg saman

Få tøyet unna med fred og gaman

 

Burde nok prøvd å lufta meg litt 

men ser ut glaset og tenkjer mitt

Får vere grenser til arbeidslyst

og trykker sangen under inntil mitt bryst

 

“I morra i morra men ikkje i dag

i dag nei i dag gjer eg ikkje det slag”

 

 

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg