Meldt sol

Sommarveret her hos meg er slik at eg fryder meg over kvar solstråle
Veit aldri når den dukkar opp
Glad vi har tosifra temperatur
Tenkjer at det er heilt greit å ha sommarjobb veret tatt i betraktning
Men det er viktig å nyte dei lyse nettene så lenge det varer
Blir litt mørkare for kvar dag

Får igrunnen ikkje gjordt noko med veret
Då må ein reise etter sola
Gjer ein ikkje det så får vi nyte dei øyeblikka vi kan:-)
Slepp hetebølge og vannmangel

På tv er det fotball og sykkel om eit anna
Ikveld er det friidrett
Alt frå sofaen
Sutalaust
Er eg heldig rekk eg ein tur mellom byger og jobb:-)Etter strake vegen
Er vel den fine vinteren som no gir oss regnfull sommar
Snart tid for senga,sjølv om ein ikkje skal sove bort sommarnatta:-)

Sommarjobb

Er litt greit å vere pensjonist og
Men i juli har eg sommarjobb:-)
Kan vere like greit igrunnen
Fin temperatur ute,men vel mykje nedbør til at ein får den heilt store sommarfølelsen

Ikkje noko ein kan gjere med det
Fotballfeberen herjar
Eg er ikkje den store fotballsjåaren,men litt får eg jo med meg
Vi ror og ror
Blir mest glad over gleda spelarane viser når dei vinn

Regn i vente og lummert.Trur gamla skal ta regnjakka på å rusle eintur ut
Fjelltur har eg ikkje gått på månadsvis.Ryggen sette stopper for det og kjem meg liksom ikkje igang att

men,men
Igrunnen har eg ikkje lyst til noko frtida,men kan no leve i håpet

Nyt dagen