Kongen har bursdag

Hipp hurra for kongen vår
Han er etter mi meining berre fantastisk
Verkar som ein veldig snill og hyggeleg mann som tek vare på landet og sine

Har storma veldig rundt kongefamilien
Alt det denne karen må forhalde seg til og uttale seg om
Som far er han jo like glad i ungane sine uansett han.Det er vi jo alle foreldre

Ute blir det ein superfin dag ser det ut som
Blå himmel nesten og sola held på å stige opp på himmelen

Gamlemor har fått kaffi i koppen og ser på God morgen Norge
Litt kjølig syns eg,men må først orke gå å hente ved
Blir ikkje endå,så har tulla meg inn i pledd

a ein super lrdag

Litt snåle forskjeller

Litt sånn spesielt å køyre i dag
For det meste bare vegar men ein plass skilte seg ut
100 meter med snøstorm der vegen fauk att
Så der måtte brøytast

Veldig lokalt
Bles veldig og snøen var fortsatt tørr nok til å ville flytte på seg

Mildt
Eg og kompisen held oss inne
Koselig familiebesøk
Kjekt når dei stikk innom

Vi venter på at snøen skal gå vekk så vi kan bevege oss fritt
Ingolf er ikkje så glad i snø

No er eg litt spent på kVA som skjer rundt den straffetollen den høge herre ville innføre men som ikkje er lov
Innfører nok berre ein annan type
Global toll
Etter det kjem nok noko anna
Veit ikkje kVA han kan finne på

Stadig nye ting
Skummel verden

God helg frå meg og Ingolf

Vind

Skal sei vinden har tatt tak i dag
Smell og rusker i huset
Håper snøen held seg iro og ikkje ligg uti vegen
Gamla skal nemlig ut å køyre snart
Håper eg kjem meg både fram og tilbake før det blir meir snø utpå dagen

No får vi igjenn for dei flotte månadane vi har hatt
Tilbake til normalen

Ha ein super daff

Endelig morning


Søvnen har vore borte vekk
Av og til er det berre slik
Problemet er alt tankespinnet som då slepp laus
Totalt uten kontroll

Bodø Glimt har vunne igjenn
Supert
Fotball minner meg om at snart er det vår
Meir snø i lufta så eg må vente litt
Har ikkje vore så mykje av dette kvite i vinter så må vel unne dei snøflate litt
Men vind og snø er verre
Blir nok snart regn

Ikkje får eg fyr i ovnen heller
Passer til humøret eg er i
Nydelig fargespel på himmelen
Vakkert
Finast i virkeligheta for mobilen min klarer ikkje gjenskape magien
Soloppgang er nydelig
Men vindfullt
Får halde meg på sofaen

Ha ein super dag

Posten skal fram


Vinteren har tatt grep og inatt lava det ned
Imponert over den som trakka gjennom snøen for å finne fram til postkassa mi
Kjem ikkje så ofte lenger postbudet
Men for ein innsats
Håpar personen hadde høge sko for var eindel snø

Tidleg no posten så ingen hadde fått måka snøen vekk

Nydeleg på kveldsturen min
Blir nok meir slitsomt når regnet skal få vekk snø og is

Februar

No kom snøen
Og det i mengder
Er jo fint då
Men gir såre hender
Hadde jo vore fint om den kom ferdigmåka
Har dessverre ikkje maskin som bråka

Snø

Snøen er kommen til oss her i vest
For dei med ski er det sikkert ein fest
Frå skøyter til ski det må jo vere toppen
For meg og Ingolfen gjer det ilt heilt opp i toppen

Har jo sin sjarm og skjuler det meste
Berre at det av og til er ilt å finne feste
Går jo ikkje vekk av seg sjølv
Fører jo til ein blir endå meir støl

Vi venter på våren og håper li

tt på
At dette kvite forsvinner fort då
Vi vil ha sol vi og blomster i enga
Inntil dess så blir vi i senga

Det snør det snør..tidelibom

Snø i lufta og vind
Berre hald deg inne,seier Ingolfen
Ikkje frestande å gå ut,så er einig

Fyr i ovnen
God morgen Norge og kaffi
Skal ikkje ut med det første kjenner eg
Kroppen er einig

No føler eg at eg snart er klar for plussgrader
Vore ein kald vinter sjølv om den har vore fin
No kjem vel ei tid med snø og glatte vegar
Det treng eg ikkje

Eg treng plussgrader og følelsen av at det går mot vår
Men dagane er merkbart lysare
Må ta med det positive
Ikkje så mykje futt i gamla fortida
Men kjem sterkt att:-)

Litt må ein jo gjere på

Ha ein super dag

Vakkert

Godt eg har ein son med retningssans
Nydeleg ettermiddagstur belønna med flott utsikt
Blir ein flott stolpejakttur til våren
Krev berre litt merkejobb og oppsetting av stolpar
Men verdt det
Nærmiljøet leverer:-)
Gleder meg til at stolpejakta startar og eg kan oppdage fine stiar rundt omkring

Det følast som…

Har ikkje temperaturmåler,men telefonen viser minus 1
Var ute og tok inn klær
Altso Det kjennes ut som nærare minus 10
Kald vind skar gjennom marg og bein
Formeleg slengde klærene ned i korga og inn i varmen
Men,kleda var tørre dei så vinden hadde sin misjon

Fastelavenssøndag
Sofadag kjenner eg
Forkjøla og toppen er potte tett og dunkar

Kaffi og tv dag
Starter med curling
Syns dei norske er fantastisk flinke
Sett mesteparten i reprise
Litt greit å kunne styre litt når ein vil sjå ting etter som det passa

Strikke litt kanskje

Syns sport er litt hyggelegare enn Epsteinskandalene som hagler innover oss
Korleis det står til ellers i verda er visst satt på pause

Oppdaga at Ingolf har fått ein ny sport eller vane
Gå på do i dei store grønne plantene mine
Utruleg frustrerande
Aldri gjordt det før,mulig han og er vorten gammal og lat
Har kasse i kjellaren,men den er visst ikkje eit alternativ

Sånn har vi det her i huset

God søndag