Masse vatn og vegen min og andre grusvegar er reine elveløp. Må vel snart ha fått nok i vannbassenga. No gjekk årets lønsauke opp i straum. Så no har vi ikkje så mykje meir å gå på😎 Har hatt strykedag.. Lenge sida sist såg eg. Men idag var det sånn passeleg tidsfordriv.
Har hatt runda mi. Gode regnklær og er berre friskt og godt
Ikkje noko luksusrom. Ingen komfort kan du sei. Lukter i dusjen… Men senga er god. Liker ikkje å sitte på pinnestol så då er senga einaste alternativet.
Har vore Thon-medlem lenge eg… Men no var eg visst satt ut av drift. Eg låg der med alle opplysningar men …men vart no aktivert😃 No lever eg no endå trur eg… Jaja… Har ikkje så mykje tid å slå ihel. Ikkje noko avslapping å vere på kurs akkurat… Lang dag til 17.30… Ikkje så mange celler som er aktive normalt…og halv seks var det knapt ei som var våken
Vore så flink å trimma 1time og.. Var ikkje anna val i grunnen… Trim og trim fru Blom. Gjekk no på tredemølle… Men godt fornøgd med eigen innsats😎 Dusja og no kjempar eg med søvnen.. Middag 20… Aner ikkje ka Åt no godt til lunch…
Trur eg skal legge meg tidleg. Starter halv ni imorra… Ikkje nokon ungdom lenger….
Fekk sol og flott ver opp. Angra på at eg hadde tatt ull. 16 pluss og gamla svetta… Vært litt andre takter på toppen.. Då forsvann sola bak ei sky. Vinden bles kaldt. Då var eg glad for ull og vindjakke.
Ikkje særlig frestande å bli sittande for å sei det sånn.
Vakkert uansett ver. Gjorde godt sjølv om det ikkje er høge toppen. Svett vart eg og…
Så no har ei nydusja gamla inntatt sofaen. Superoppusserane og strikketøy. God avslutning på helga. Rakk akkurat å komme heim før regnet kom
Oppe lenge før fuglane idag. Turen vart avlyst så er fortsatt ikkje komme lenger enn til sofaen. Ute skin sola tappert gjennom skyene. Litt småforkjøla så er nok greit å ikkje Gå på Alden. Veret vart litt før usikkert.
Hadde meg ein tur i hagen til naboen igår. Fekk lov altso. Ikkje rare greiene som veks hos meg. Vurderer om eg skal ta meg ei stripe etter vegen eller sove litt til. Trur eg vel det siste…får sjå… Travel dag i morgon så greit med roleg dag idag.
Har sett på bilder av spreke folk på høge fjelltoppar i heile helga… Fekk så smått litt dårleg samvit sjølv om formen ikkje er på topp
Trur knapt det har føltes så tungt opp på Einingsfjellet på lenge. Vært både svett og fekk pusteproblem… Lenge sidan sist fjelltur…
Kom meg no opp på eit vis
Supert på toppen… Men var i grunnen glad eg kom meg heim att. Skulder på at eg er sånn litt pjusk… No er det TV. Valgkrangel i Sverge og skal vi danse… Her tek ein med det meste… Stappmett…Bakdelen med frisk luft. Vert svolten
No vert eg her resten av kvelden. Lurer på kva ver vi får imorra
Reine krøstusen vorten på loffeturane mine. Skjønner ikkje kvifor ein bokstavelig talt kaster pengane ut glaset. Ikkje vert det noko bedre om ein klemmer boksane flate heller…snarare verre. Ja ..for meg kanskje…eg får jo ingen pant😊 Håper det at panten er høgre hjelper på.Skummelt for dyra desse boksane.
No er det jo ikkje store mengdene då. Dei fleste er flinke.