Fotball😎

Midt inni kampen Spania og Portugal..
Sånn utav intet merkar eg at eg vart dritglad då Spania utligna og så no leder dei til og med..
Visste ikkje at eg heia på dei ein gang eg…
Sånn kan det gå…
Sikkert fordi eg ikkje er så veldig glad i  Ronaldo…
Spør ikkje kvifor☺
Strikkar litt sånn innimellom…
Kommuniserer kun med meg sjølv.
Kan vere gale nok berre det…
Når eg ikkje heilt skjønner kva eg i grunnen tenkjer og gjer😊
Diskusjon er nytteslaust.. .
Argumenterer villt med alteregoet😚
Så her er det stille.Litt roping innimellom får gå

Sola skin på hi sida fjorden etter torden og regn.
Vakkert.
God fredagskveld

Viktig at mottakar og sender er på same frekvens😄

No er kommunikasjon ikkje alltid så enkelt.
Ein bør først og oppfatte kva den andre parten seier.
Helst vere god på kroppsspråk og lurer ein…spør oppatt…

Ofte er det eit slit med denne kommunikasjonen.. .
Vi forstår kvarandre ikkje ,og i tillegg så verker det som vi bur på kvar vår planet…
Av og til er det ting  rundt ein som forstyrrer…ein høyrer berre halvvegs etter…eller ei  høyrer tungt…

Her er dagens frå heimen😊

Var ein tur nede ved sjøen..
Vinden hadde ruska godt.
Junioren hadde sikra med tau i alle retningar😙
Tusla meg oppatt og innom ho mor..

Skikkeleg sikra med tau der nede så eg…
Ja…han var nede i går kveld.. .
Men han skada eit kne….
Hm…kva sa ho…tenkte eg…

Hadde han ramla då?
Ramla?korti kom det frå ho mor….
Men du så no han hadde skada eit kne..
Nei…da har eg ikkje sakt…mor mi såg på meg..eg sa det var bra han gjekk ned…

Så kom resten av forklaringa til det…
Godt eg spurde oppatt😊
Sånn er det når ein høyrer sånn halvvegs…
Fort gjordt…
Lett att det oppstår misforståelser 😎

Fytti katta

Ikkje Berre Berre med desse kosedagane…
Har brukt ettermiddagen til sofasliting og eting…
Skulle tru eg var utmagra og ikkje har sett mat på lenge…
Uteaktiviteter freista ikkje ei heller innendørsaktiviteter….
Kun sjokolade og mat….og meir sjokolade og mat…
No har eg vondt i magen og er kvalm…
Sånn kan det gå..
Ledigang er rota til det meste😎

Tomt…visste ikkje eg likte dei ein gang eg…
Uffameg…
Trur eg må finne på noko anna i morgon…detta går ikkje…
Men fekk no sjå Russland vinne 5-0 og skiløparane nyte regnværet i Oslo…
Sånn går no dagane…

Trur eg bør gå å legge meg før eg et endå meir…
Røyksuget vert erstatta med mat..
For etter 3 år har eg det fortsatt…
Merkelege greier…

Skal sei det vært fart i sakene😊

Her går ein frå sommar til høst😊
Men det regner…
Endeleg litt vatn på meg og sa Larris.
Stakkaren var nærmast attgrodd😎

Kom i god tid til sjukehuset idag.
Antagelig sjebnen😍fekk med meg flott korsang frå desse damene her.
Veldig flinke.
Og når auge i tillegg held seg stabilt
Og gamla slepp sprøytene, er det jo reine feststemning.

Fått meg blomst og heime venta brev i postkassa.
Kortet gjorde susen .😊

Så no sit eg her blid og fornøgd og ser ut på ruskeveret😊

Premie og allting🤗
Berre lekkert
Russland skal starte Vm.
Reine reklamesendinga…
Sånn passe fotballgal
Men litt får eg no med meg…

Burde nok heller tatt på meg vestlandsbunaden og rusla ein tur…er jo mildt😊.. .etterpå…kanskje😁

På loffen😊

Ute og farter litt.
Reist litt lenger inn i landet i håp om mindre mygg og vind😊
Misunner dei litt uteområdet framfor huset

Triveleg😊
Vert sikkert mykje brukt

Fått med meg avslutning til skulemusikken.
Slikt er litt stas for ei bestemor😊
Om eg har gått glipp av nokre fotballkampane så fekk eg no med meg dette😊
Dei har til og med nok vatn😊
Stooore ting for meg som sparer😂
Finne glede i dei små tinga er viktig har eg høyrt…
Ligg nokre bøker framme

Veit ikkje om det er eit hint😊
Vert freista å lese og sjå kva det handler om😊

Men eg har med meg strikk😊så treng ikkje lese😊
I morra er det meldt mykje ver.
Merkar at det er varmare her enn heime.Mindre vind og…
Men regn treng vi.Meir skeptisk til sterk vind.

Tenkte meg inn til nærmaste by imorra.
Har litt vanskelig for å tenkje på Førde som by…men den er jo det…
Larrisen er klar for meir utfart…
Gleder seg til å få ein dusj han og

Gamla i vinden😊

Bokstavelig talt.
Var rett og slett hårreisende på toppen av Einingsfjellet i ettermiddag

Flott er der jo

Men å sei det var koseleg der idag er å overdrive

No er no varden heller ikkje noko å skrive heim om stakkars…Går ikkje an å gjømte seg bak den eingang😊

Men gjorde mitt beste slik at eg fekk skrive meg inn i mantalet😊
Flotte tillagt løyper i ytre Fjaler.
No er det i tillegg knusktørt😊

Var kjekt å gå.sånn passeleg hett..
Unntatt på toppen😊

Koseleg liten steinbenk.
Er jo unnagjort på vel timen sjølv for gamlemor..
Halvparten er nok normaltid opp og ned for dei trena.
Brukar nesten lenger tid nedsatt eg.
Mykje pusting men gjer godt for sjelefreden.

Blomstrende mine lir stakkars..
Men har ikkje vatn å dele..
Veldig tørt

Og sjå kva eg har funne😚
Kvelden er redda…

Her er det eg burde gjordt ferdig…
Hm..har heklesperre trur eg..
Tja…får sjå…
Vi ligg under i håndball.. .det er verre…
Vert berre feilhekling av slikt😊
Så lar vere

#tur#foto#natur

Ole Lukkøye er forsvunnen

Totalt fråverande…
Eg vil sove eg…
Skit i sommernatt for gamla er trøtt.

Antagelig formykje kaffi ,sånn utover kvelden.
Trur ikkje det var fjelluft..
Kven veit..
Iallefall fått hoste og vond hals.
Skikkeleg ferie modus med andre ord.
Og meldt regn.
No er det ikkje noko feriever i vente, men eg bør rydde inne.
Finne att alt eg rydda vekk i vår..
Ja noko sakner eg ikkje…
Og skal verte godt å kunne dusje heime😊

Syns denne er litt smart😊
Lurer på om eg skal telje sauer…
Kan no sove lenge i morra😊
Det er det gode med ferie….

Om ikkje anna så får eg no sjekka bilda mine.

Gamla i farta

Har ein ferie så har ein ferie.
Damene tok av til Førde.
Den eldste som sjåfør…
Har no størst bil😃

No hang eg meg no liksom berre på…
Skulle ikkje ha noko. Litt mat…
Men…alt kva ein treng

Fekk bilde av denne på telefonen…litt tekst var der og…
No ser eg  ingenting uten briller og sidan eg ikkje hadde dei der og då så såg eg null og niks..
Kva er det bilde av og kva står her…
Spurde ho mor…
Boremaskin kom det kontant…
Jau….
Ringde jr.. .
Meiner du eg treng denne…
Tja så han…var no eit tips..
Kva til?kva er det?
Er myggfelle🙂
Oj sa eg….trudde det var eit verktøy
Men sidan eg har snakka om det …så kjøpte eg…Tilbud må vite 😚
Om den virker gjenstår og sjå.
Jr .har fått den på plass i hagen..Flink😊
Godt det er feriepeng i morra for no er eg blakk…
Ikkje får eg att på skatten heller…

Tenkte eg fekk ta ein gratisaktivitet så rusla på fjellet då eg kom heim…

Vakkert i naturen

Får trim og sjelefred på ein gang😊
Er berre det å få på meg desse joggeskoa

Men helsikes med klegg…
Og dei elsker meg…
Nokre av dei få som syns eg er både lekker og tiltrekkende.. .
Ikkje gjengjeldt 😎

Alden hadde hette på.

Vakkert lys😚
Litt sur vind på toppen så var rask.. .
Litt smerter i knea etter nedturen som vanleg..går over..
Godt fornøgd med feriedagen😚
Men jammen glad pengane snart kjem på konto😊

Må ha noko snop 😊

#ferie#foto#tur

Feriemoduset på bærtur

Ferie…
Visstnok..men vore på jobb så ikkje heilt funne rette stemninga.. .
Ute er sur vind…litt småkaldt og tørt…
Kunne godt komme regn og når det først baler med det…

Lei av å hente vatn og dusje hos naboen…
Leikar eg er på camping..
Sånn sett er det greit å ha ferie…

Vel heime frå jobb så rusla eg meg ein tur etter vegen…tenkte det gjorde susen…
Til eg åpna Facebook.. .
Herrefred kor spreke alle er😎
Her sit eg og langa i meg kaker sånn heilt åleine..

Vart til at eg tok Larris på ein snartur så eg kom meg på Bygdeheia..
Nett passeleg tur for gamla 😊
Eit par hundre meter får halde…
Har ikkje sånne hårete mål..
Tusler no avgårde i mi eiga verd…
Ikkje hadde eg med meg mobilen heller…
Det brukar eg…litt greit å kunne ringe om ein er i nød…
Gjekk no bra.
Klarer oss før i tida og😊

Men har jo vore der før må vite…
Så bilder det har eg…
Var til å med komme ein rød postkasse der.
Var på Einingsfjellet i fjor.. .
Er sånn ti på topp i Fjaler greie…
Eg heng ikkje med på det.
Har mine eigne toppar eg..😊
Dvs.må vere godt merka…
Skal bruke ferien til å finne att strikkepinnene.. .så har eg no arbeid den stunda😊

Gamla har bursdag…

Feira med meg sjølv og stillheita.
Kaffi med ho mor😊

Gadd ikkje ein gang å gå tur…
Tek på å verte eldre må vite…
Men slappa av med bok og kaffi.

Lurer fælt på kor eg har gjordt av strikkepinnene mine…
Borte vekk…
Har dei nok på ein lur plass…
Litt for lur for meg..

Skya over idag så eg håpa på regn…
Den gang ei.
Har ferie frå mandag…mulig det kjem då..
På laurdag har eg meldt meg på tur til Alden..
Då er det meldt full åpning på alle sluser…då vil eg ha opplett…
Har liksom ikkje heilt lyst på fjellturer fortida..
Kvifor veit eg ikkje…er jo tørt..
Orm overalt…
Grøss og gru…ser jo nesten ein for dagen og meir til…
Og i år er det nær huset…
Jau då….mulig nokon syns dei er pene.. .eg likar ikkje slanger.. og er giftige..
Held med kveps,.klegg og mygg…

Sær gammal kjerring antagelig…
Snart leggetid…dagvakt imorra..
Litt kjekt å sjå folk😊
Kan no verte litt mykje i eige selskap til tider.
Ikkje rart eg vert sær.Lat er eg og.
Får trimme meir seinare ein gang…

Trur det er litt for lite regn …nett som naturen…eg tørkar ut😊