Fått meg ny utedør idag…. Fått og fått fru Blom,men fått den i. Fekk berre eit problem… Kul umulig å få ut den hersens nøkkelen då eg låste… Vrei og vrikka…einaste som fekk fart var irritasjonen min… Noko gjer eg nok feil…så eg måtte låse innafrå å gå ut kjellerdøra.. .
Inne er det kaos… Prøver å rydde…sette på plass…kaste noko og pakke vekk ein del.. Er lister og verktøy overalt… Nærmar seg ein ende…
Det fine med slike skap er at eg ser kva som er der… Og det trengst.. Hjelpe meg kor mykje potetmjøl eg har.. Vel er eg ein racer på potetmjølsvafler…men det får no vere ei grense… Greit med slike oppryddingsdager. Får kasta ein del som burde vore kasta for lenge sida…
Har no fått det meste på plass… Frigjort plass på dei andre romma så det er eit håp om å få orden i kaoset….
No har eg hatt følelsen av at hovudet vil eksploderer sidan i natt.. Helsikes hovudverk😎
Vert liksom heilt altoppslukende. Sikkert migrene, for vanleg Paracet hjelp ikkje… Er nok treninga igår … Strekte nok litt mykje.. Lite slingringsmonn i denne skrotten. No er eg vorten ganske så snufsete, så er no mulig at eg blir forkjøla.. .heng kanskje ihop. Eller det vært plutseleg litt mykje vår og pollen i lufta.. Kven veit… Føler meg tett og slett tufs…
Går seg vel til utover dagen.. Drikk kaffi og prøver finne den gode følelsen…. Kognitiv terapi😊 Det positive er at det går no på fram med kjøkkenet…
Godt eg har ein handy son..😍 Ja har to…men er yngstemann som bur nærmast og føler han må😊 Er jo snikkar.. .
Får hjelpe han med noko anna eg…
Har no styrt med å rive av plast og rydde. Begynne å vaske litt imorra😊
Gleder meg til å få orden i kaoset. Får nye deler i veke 19… Så inntil då får eg no ha litt feil og mangler på nyedelen. Nett som med gamla sjølv… Men det hangler og går. Kjenner det skal verte godt med fysio imorra ☺ Må halde skrotten i så nokolunde form🤡
Kvitt…jaja benkeplate er jo kvit.. Monterte underskapa og til slutt kjøleskapet… Leirfarga..
Kunne hylt…. Antar det tek 2 mnd før eg får nytt…. Og det skal vere leire…på alle synlege flater….
Mikroen var kun 50 cm…skapet 60… Er liksom vitsen med integrert at det skal passe… Sånn som ikkje passer det har eg frå før… Stor ripe i ripe skuffa…
Dei to siste delane kan ein jo klare seg uten ei stund… Mykje verre med skapet som stekeovnen skal stå i… Den passa forresten… Uff seier eg.. Har no sendt mail og bilde… Lite eg kan gjere med det… Men temmeleg trasig…. Og gamla er sur… Ikkje så glad i kjøkkenlevrandøren idag…
Fantastisk flott helg i Bergen er over Og no ligg nesten gamla å sover
Bergen i sol er jo berre lekkert. Klarer no å komme meg opp på Fløyen… Som om det ikkje var slitsom nok så tok eg ei ekstrarunde😎 Du veit når nokon du hadde gått forbi lenger nede, plutseleg var langt oppi lia…..ka fakerten.. …
Den følelsen ein får når telefonen tek av 06 og ein søv tung og trur ein er trygg At eg aldri lærer å avstille … Skulle no vel for p… Ikkje stå opp så tidleg eg.. Skjelv endå. Kjapp noko voldsomt der eg drømde om heilt andre ting☺
Litt sur vind på altanen.. Vurderer om eg burde gå meg ein tur for skrotten er alt anna enn god på morgenkvisten. Fredag den 13. Satser på det er min lykkedag😊
Eg har lært noko nytt idag eg.. Føremiddag er kvart over åtte… Takk Gud for at gamla ikkje fekk sove og var oppe før fuglane sang… For meg er det morgon på den tida.
Ringde då han sto på tunet.. Snakka engelsk må vite… Lurte på om det var eg som hadde ein Volvo..
Sa eg kom om 5 minutt. Slenger på meg jakka og gjekk det fortaste eg kunne Han kunne jo ikkje vite at eg ikkje var heime…
Stakkars Pengesluket.. Sto der livredd og pottesur.. Hadde friskt i minne gårsdagen då fremmede menn hadde skubba og flytta på han uten hans tillatelse☺
Ikkje berre er han avskilta, men her vert plassen invadert av store bilar i tide og utide:-)
Gamla gjekk seg ein tur i same slengen… No tek eg frukost på altantrappa til ho mor