Her går det unna😁

Hatt meg ein Førdetur med Pengesluket..
Han kjenner jo vegen så godt at han nesten kunne reist aleine😙

Gamla fekk sprøyte på auget og ser no litt anstrengt på tilverelsen..

Pengesluket fekk bensin…får vere fornøgd med det.

Kjøpte meg nye sko..
Var på høg tid..må jo nesten kunne vere skamlaus…gode å gå i så langt..😙

Har hatt ruta mi etter vegen

Er rett og slett rekreasjon for kropp og sjel
Vegkantane er fulle i blomster

Vakkert

Og markjordbær…søte.
Har jordbær i villnisset mitt eg og

Som naboen min sa så treffande eingang…
Desse må jo passe veldig godt til diabetikarar😙😎dei er næmlig ikkje særlig søte.

Blåber har eg og…ikkjje måte på..
Litt små iår syns eg men…søte og lekre…ser ikkje ut eg etter å ha grytt i meg…men no gjorde eg no ikkje det før heller😎fordelar med naturhage😶

Syns desse er vakre eg…
Ugras vil vel mange sei men dei trivst iallefall hos meg…
No er det ikkje så ofte det skjer så då er eg glad til😁ikkje så kravstor.

Skulle igrunnen lage meg middag .men var så svolten at eg tok skive med leverpostei😊
Smakte fortreffeleg..middag får eg ta seinare…
No trur eg eg må slappe av litt…kanskje eg burde sette lappe på aucet så det fekk kvile litt
Vi er litt sånn rufsete begge to

Rett og slett ustabilt

Veret altså…Ikkje god eg heller:-)
Har liksom alle årstidene i ein vill runddans heile dagen😙

Tok berre regnjakka over då eg gjekk tur..
Vart temmeleg våt kan ein sei…
Regna vannrett og kaldt var det og😉
No har eg dusja og fyrt i ovnen og ute skin sola…føler meg lurt og snurt

Men no skal besta slå til å lage raspeballer…
Kjøtet er no snart kokt….
Det kan eg no, om ikkje anna…på mitt vis😗
Tek det til kvelds for onkel og prinsen skulle kose seg med taco til middag🙄Det er besta ikkje glad i…
Det er greit ,sa prinsen😉Glad for å tilbringe heile dagen med onkel…Ikkje sett han sidan i dag tidleg:-)

I morgon skal prinsen heim.
Håper han kjem snart att…
Kan jo vere eg gløymer korleis eg skal spele monopol🙄
Mulig det er noko anna som då er inn.Lærer stadig noko nytt i bestemorstilverelsen:-)

Går greit med kneet så lenge eg ikkje prøver å sitte på huk …så går seg nok til..
Litt tåler eg no😐Vert berre ein smule frustrert..

Tålmodigheit er ein dyd eg ikkje vart utstyrt med

 

Bestemorsrolla:-)

Huksar feriane hos bestemor der vi var folk overalt og sov overalt
Utruleg kor mykje folk eit hus kan romme…alle måtte hjelpe til i slåtten😀
Vi vart eldre
Mykje kortspel.
Mest kasino😙
Besteforeldre har tolmodigheit.
Trur dei nermast måtte heise flagget når dei endeleg vart aleine att..
For lydnivået var temmeleg høgt og me var ikkje alltid enkle😏
Eg var eldst…og hadde ikkje nokon som eg kunne vere med slik sett..
Men passa no på småsøskena og surra no rundt😙

Håpar mine barnebarn og kan tenkje på tida med besta som koseleg når dei sjølve vert voksne…
Prøver så godt eg kan å vere god bestemor

Gjer no så godt eg kan…
Får no litt korrigering og tilsnakk når dei meiner eg ikkje heilt har oversikta😙
Ikkje alltid så enkel denne bestemorsrolla…men den går seg no til…
Kan ikkje anna enn å vere meg sjølv..

Sommernaboen😙

Det fine med sommar og ferie er at då får ein plutseleg fleire naboar😏

Ein høyrer folk på hyttene og på fjorden ser ein båtane på veg på fisketur,tubetur eller på veg til eit mål uti havet..
Td..fjelltur på Alden😙
Skal eg og eindag er planen…
Aldri vore der..
Dei seier det er ein flott tur…temmeleg slitsom tenkjer eg

Vore på kaffi og bollefest hos eine hyttenaboen..Kjempegode nysteikte bollar😙
Heldige meg…
Humøret aukar med frisk luft..
Trimmar med godt mot

Stripsa hjelper 😉
Verken er sjølvsagt ikkje vekke men heller ikkje verre.😚
Ting tek nok berre litt tid..og gamla skal nok prøve på fjellet att eindag….om ikkje så fort😙

Sommar er det ikkje ute…meir sånn haust…men fint turver om ikkje anna…
No er det igrunnen tett før eg gøymer vekk monopolen🙄Trøsta er at eg trur prinsen er litt lei av det og…
Så no har vi no avslutta for ei stund sida..
Roer ned med tegnefilm før sengetid…er jo ferie…Tom og Jerry:-)
Skal vere litt anna hos besta😍

Lyse sommarkveldar😚

Vel har vi ikkje sommarvarme og myggen er den einaste som ser ut til å ha det supert…

Men det er lyst…Fantastisk med  nydelig himmel

Kan ikkje sove bort sommarnatta☺

Sjølvsagt er det endå finare med midnattsol…men det har ikkje vi

Er ikkje lenge før kveldane vert mørke.Gjeld å nyte så lenge ein kan..
Sove kan ein gjere seinare😅Det er jo sommar

Endelig😎

Vore hos manuellterapeut idag😙
Fekk klarsignal til å bevege meg litt meir
Kan ikkje nett sei kneet var så fornøgd..
Men det var det søren meg ikkje før heller
Gjorde underverk med ein spasertur for resten av kroppen…og sjela med😁
Tek nok si tid og er verst på ujevnt underlag…
Men i trua på at vondt skal vondt fordrive så skal det nok bevegast litt meir…Har prøvd det før og ,men vart så ilt at eg ga meg…
Ilt er det no uansett…går nok over til slutt..

No går det no eindel tid til monopol..😙eg vert knust…ifølge prinsen..

I dag har onkel gått på ferie så då er besta degradert😗
Iallefall mestepart av dagen

No har kvelden satt inn.
Prinsen et kvelds mens han ser på Bomerang…
Ute skin sola…dvs. hos meg har den takka for seg…
Men er på den andre sida av fjorden…
Verden er litt urettferdig

Har den hos naboen og ser eg
Her er det berre mygg😎

No venter eg berre på sommarvarmen..
Glad eg kan gå ein tur for dagen😆
Vert no bra..Tek berre litt tid😶så får eg heller knaske litt smertestillande ei stund:-)

Har bytta ut krim med schooby doo..eller kva han no heiter…
Temmeleg skummelt det og😑ikkje for pyser…Kos med tegnefilm:-)

Vestlandsver🙄og inneklær

Sit og nyt ein stille og regnfull søndagsmorgon med prinsen❤
Prinsessa søv..
Lenge sida ein har fått sove lenge med ungar i hus.
Merkar dei er vortne større.

På tv er det bomerang og ute er det grått og trist..
Kor vert det av sommaren🤖
Litt trist at vi iår og må sjå langt etter varme og koselege utekveldar utan tjukk jakke og pledd☺
Saknar det å kunne ta med meg ei god bok på stranda og nyte sommarvarmen..
Er liksom ikkje same stasen i ull og tjukk jakke😎

Prinsessa er oppe 🙄
Heldigvis likar ho og litt ro på morningen.

Litt kjekt å finne fram spela etter ungane…
Litt gammal den her monopolen ,men den går an altså….vi har ein ny heime…

Her er det blanding av nye og gamle ting…Må fornye innimellom..
Litt kos å gjere litt anna enn berre data..
Hos eldstemann går det i spel mens prinsessa ser film..
Kvar sin pad💟
Eg har berre nettbrett.  

Har no fått i oss frukost😚
No er vi alle krølla opp i sofaen og gomler frukt❤

Godt innpakka i kvart vårt teppe😐
Jammen har vi det no godt.

Skyting i Oslo og Trollpikken er kommen på plass..
Verden går vidare og besta må dele opp meir eple
God søndag❤

Bestemorkos❤❤❤

Nett fått servert middag💟
Frøkena har skjønnt det…
Besta treng ikkje så mykje mat i slengen❤

Nydeleg turver og alle spring på fjellet får eg inntrykk av….
Men her sit eg…Stakkars:-)

Manuellterapeut på mandag.
Håper ho veit råd…dette er ikkje det store…

Barnebarn derimot er gull vert❤

Er mykje som føregår på ein gang..
Er no prinsessa som multitasker…
Litt meir avslappa forhold til tilverelsen storebroren😂

Det greie med ungar er at dei er ganske så direkte.Er det noko dei lurer på så spør dei…
Det er då ein må tenkje over kvifor ting er som dei er, og kvifor eg gjer som eg gjer😐

Utstyret må vere i orden😚
Kjekt med liv og røre..
Til og med besta vert i godt humør 😗

Så får eg no heller halde ut blokkfløytespeling …med moderne musikk…fritt etter hovudet til prinsessa…
Kan jo vere ho vert berømt eindag…
Må berre litt øving til😎

Vert nok fjellturar på meg og sjølv om det ikkje vart som eg planla..
Får satse på ein fin høst😗

Ingenting slår det privilegiet å vere bestemor:-)Så når ein er nedfor og deppa er desse to den beste medisinen:-)

 

Tjukk i hovudet😥

Eller kanskje er eg berre for brei mellom øyrene😎
Ikkje veit eg men alle brillene eg kjøper knekk.Alle har til slutt kun ein boge…
Passer liksom aldri heilt..desse brillene
Mulig eg er for smal mellom augene og…
Berre eg ikkje er trangsynt💟
Held at eg er langsynt

Skal ikkje vere enkelt…..
Eg har mange slike par

Gammal og sur🤖

No sit eg no her som ei gammal papegøye
Kan ikkje eingang finne på noko løye
Vert sur og sær og i vanskelig humør
Hjelper lite at vinden er frå sør

Ute er det regn og myggen bit
Ellers er det forsynemeg temmeleg stillt
Eg sit no her og har ilt i ein fot
Tett før eg i sofaen slår rot

Ikkje for det ,ellers går det no greit
Føler meg berre som ei gammal grå geit..
Og når foten er vrang er gamla det med…
Ikkje rart eg får vere i fred😗