Fått gjordt mykje. Vore på konsert.Trefftfamilie.god kvalitetstid,kino og ete god mat. Ikkje så ofte det skjer🐮 Men som alltid skal det verte godt å komme heim og. Hadde vi berre kunne hoppa over vinteren😁
Vinter ute og vind Har nok tatt vestlandsveret med meg på tur. Ikkje heldig med turveret men så lenge ein er i godt selskap så er det ikkje nøye Forkjøla som eg er så er det best eg er inne uansett
Var på koseleg plateslepp igår Bergen mandolinband uten bergensarar og lady Hardanger. Bluegrass. Flinke musikarar og kjekt Ikkje så ofte eg beveger meg ut men gjer seg
Trudde ikkje Vigerlandsparken var så stor Utruleg fin.Sikkert eit syn om sommaren. No er det så ein får lyst til å kle på alle desse statuene😀
Youngstorget Hasra forbi i østavinden😊
Dattera er gått på trening så no nyt gamla tilverelsen i sofaen med kaffi og strikketøy Frister ikkje å gå ut. Ikkje vil det vere så lurt å vase ut på eigenhand heller Fader veit kor eg ender❤
Å fly er ikkje noko for forvirra kjerringar Systa køyrde meg på flyplassen😊 Megasnillt Men overlatt til meg sjølv var eg totalt avhengig av god hjelp for å komme vidare Mange hjelpsomme folk skal eg sei:) Kom meg på flyet og over skyene skein sola Det gjorde det ikkje under
Så var det neste skritt. Flytoget Godt eg er i Norge… Etter god hjelp kom eg meg på toget Fekk til å med spørsmål om nokon henta meg eller eg trengde hjelp på oslo S. Men der sto heldigvis dattera❤
Sjølv har eg våt AMD Får behandling med sprøyte ein gang i mnd…har styra på med dette i 2 år. Hadde jo håpa at det skulle roe seg men er visst like hissig som eg er.:-)
Var på Haukeland for verteporfin-terapi. Hadde eit håp om at det skulle bremse litt sjukdommen..men den gang ei…
Men så lenge eg klarer å halde det så nokonlunde i sjakk så tar eg gladeleg den sprøyta på auget ein gang i mnd.Alternativet er verre
Så sjekk augene folkens Gå til optikar visst du merkar forandring Eg venta forlenge❤
Iallefall er det god morgon Norge på tv. Vinteren er på veg kjenner eg. Pakka meg godt inn her i sofakroken. Godt med ein kopp kaffi som varmer i skrotten.Kroppen er sånn lite fungerande men vert nok bedre. Forkjølelse er noko herk men det går over.
Bør gå fort over og for eg skal på tur.❤ Ikkje så mykje stas å reise når ein ikkje er i form men reise skal eg😊 Fin musikk på tv.Sånn som får opp humøret
Har reisefeber. Skal ikkje reise så langt men skal fly… Ikkje noko eg gjerne gjer og er lenge sida.. Så har nærmast mareritt… Burde kanskje ha på meg sånn skilt rundt halsen: Totalt retningsvill og forvirra bestemor reiser aleine Uff… Ikkje alt ein gjer som er like kjekt men skal eg komme meg nokon plass må eg ta litt sjangser…. Sikkert på høg tid. Men er litt pysete. At slike ting kan skape slik kaos i hovudet er igrunnen ubegripeleg.
Men no skal eg berre ta verden med ro. Finne meg litt meir varmt i koppen og la kroppen få kvile og håpe at vi ikkje snør inne😊 Vinteren lurer rundt hjørnet om eg vil eller ei😊 Kjenner det skal gjere godt med litt ferie.Trur eg er litt mygla
Med andre ord er det noko som går over, berre ein tek det med ro litt
Kanskje er det det eg treng.
Så idag ligg eg som eit slakt i sofaen men papir i umiddelbar nærheit
Slike dagar er det igrunnen godt at eg er aleine.
Slepp å ta hensyn til nokon andre enn meg sjølv og ikkje smittar eg nokon heller
Det einaste eg treng er rikeleg drikke og febernedsettande
Litt bale med vond hals men håper det går over av seg sjølv
Slike ting brukar det
Hadde sikkert vore godt å hatt nokon som dulla med ein,men igrunnen så syns eg det er litt masete når det einaste eg treng er fred og ro:-)
Vorten ei skikkeleg sær gammal dame med åra:-)
Men det er eit fantastisk flott ver ute .Men kaldt
Vinteren bankar på døra og minner meg om at no vert det tid for glatte vegar,sukk og stønn og mykje snømåking
Det siste gjev jo mykje frisk luft og musklar men for ei som ikkje er så glad i denne årstida er det berre eit pæs:-)
I slike tider eg tenkjer at eg nok burde budd i sivelisasjonen der det gjekk kollektiv transport og ein slapp å kjøyre rundt på smale glatte vegar med livet som innsats,for deretter lese om miljøpolitikk, der alle skal ta kollektiv transport,bilavgiftene og bensinen skal auke og det skal straffast å bu på landsbygda
Av og til kan det vere greit med eit alterego.Andre ganger meir slitsomt Skikkeleg sliten då eg kom frå jobb.Det einaste eg tenkte på var mat og så sofaen Følte eg omtrent gjekk i svart Låste meg inn i gangen og sparka av meg skoa då gale Lise plutseleg trona framfor meg som den burugla Kor ska du?Spør du meg så er det einaste du treng ein spasertur i frisk luft…Ho var ikkje nådig Så gamla fekk på seg joggesko.hue og refleksvesten og tusla avgard
Mykje vatn i bekken sjølv om eg syns det har minka sida igår Kjenner det er kjøligare i veret.men vi er jo kommen i november så det er inga bombe. Fortsatt er det litt lauv att på trea om ikkje så mange
Gale Lise har rett av og til. Var godt med ein spasertur. Skodda har lagt seg over fjorden og det er godt å komme inn. No gjeld det å få fyr i ovnen og middagen ferdig😊 Svolten og litt kald og ikkje minst sliten. Skal bli godt å krype opp i sofakroken