I dag hadde eg den æra å vere med 3 klassingen å gjere lekser
Imponert over alt dei skal kunne.Fekk stressfølelse av dei vanskelige reknestykka og logikken dei måtte kunne
men fall virkelig i stava over leseleksa..
Andremann
Han øvde og prøvde
det beste han vann
men blei aldri bedre
enn andremann
Alltid tapte han med eit par meter
alltid åt einkvan fleire poteter
og kom han til topps
i det høgaste tre
var alltid ein annan på vegen ned
til og med inne på dass
måtte han vente på plass
Han øvde og prøvde
det beste han vann
men blei aldri bedre ann andremann
Han ville så gjerne ha ein siger
ein einaste liten
han var jo så sliten
og lei heile skiten
han kunne snart eta ein tiger
Nei,det var for lite
ja det er no sant
men ka om han åt ein heil elefant
Så gjekk han i skogen
med sprettert og sabel
og fanga ein sværing med snabel
utstyrt med gaffel og krydder og kniv
sat han og åt for sitt harde liv
Då blei han så mett at han sprakk rett og slett
og ramla ihop bak ei dør
men heldigvis visste han ikkje det triste
at slik var det gått med så mange frå før