Ord

Det ligg mykje makt i ord
Ord kan glede og det kan ødelegge
I tillegg til ordet er det settinga,oppfattelsen til den andre og tonefallet som avgjer korleis sjølv det enklaste ord vert oppfatta

Kommunikasjon er ein vanskeleg greie
Er ikkje berre det eg seier,men omgivelsane og dei eg snakker med har like stor innverkanad på kva ordet til slutt betyr

Eg lar meg imponere av enkelte sin evne til å fortelje og snakke om alt frå kvardagslege ting til vanskelege tema
Dei snakker med innlevelse og ei tyngde som gjer at folk trur blindt på det som vert sagt sjølv om det ikkje har rot i verkelegheita og igrunnen er berre ein bagatell
Andre vert ikkje høyrde,sjølv om det som dei seier er vel så klokt
Merkeleg korleis ord oppfattast heilt ulikt alt etter kven som seier dei og korleis

Sjølv snakker eg på inn og utpust til tider
Alt anna enn sjarmerande og sikkert utruleg slitande for dei som må høyre på
Hender eg seier noko klokt eg og ,men drukner nok i alle unødvendige orda
Eg veit det,men vanskeleg å gjere noko med til tider

I tillegg er eg ofte innom mange tema på ein gang.Starter med eit emne,så er eg innom mange andre tema på vegen,som i mitt hovudet naturleg høyrer med,før eg ender opp med poenget der eg starta.Då har dei fleste ramla av.Synd for dei:-)Var mykje viktig informasjon der:-)

Masete og slitande er vel kanskje det som er knaggen typer som meg blir hengde opp på
Hender eg er stille.
I tillegg har vi jo kroppspråk som eg føler kan vere det mest ekskluderande
Då viser vi tydeleg om vi er det minste opptatt av kva den andre prøver å formidle
Mitt er altfor tydeleg

Men,eg er ikkje så aller verst på ein god dag

God torsdag

Framsnakking

Kvifor er det igrunnen så vanskeleg?
Er ikkje så flink til det sjølv
Syns dei fleste er hyggelege
Dei fleste tvprogramma eg vel å sjå er greie
Syns dei bloggane eg les er fine kvar på sin måte
Er glad i folk
Unngår å gå der eg veit eg ikkje kjem til å trivast
Er både sosial og asosial

Vi er alle ulike med kvar våre feil og manglar
Ikkje pent å baksnakke og vi skal framsnakke
Ikkje enkelt det der
Framsnakking kan oppfattast som overdreven skryt
Eg er nok forlite flink til å gi ros
Men sjølv syns eg det er greit å få ros viss eg fortjener det,men treng ikkje rosast for ting eg bør kunne:-)
Ikkje enkelt det der
Er kanskje lettare å snakke om negative ting med ein person med andre enn med den det gjeld
Prøve å godta at andre ikkje alltid er slik som eg hadde tenkt

Kanskje ein bør bli flinkare til å skryta av slitarne.
Dei som jobber i det stille
Som ingen legg merke til,eller som aldri framhevar seg sjølv
Men er dei som igrunnen gjer mesteparten av jobben
Framsnakkinga får oftast dei som står i spissen av ting nyte godt av

Kanskje held det at vi brukar vanleg folkeskikk
Behandler andre som vi vil behandla sjølv
Ikkje at det er så enkelt
Eg er ikkje flink
Men,vi er folk med feil og manglar og ingen er feilfrie,uansett kor mykje ein vil det sjølv

Øver meg på å vere litt greiare enn eg er
Har det med å plumpe ut med ting eg burde latt vere
Men,har lang veg å gå

Ha ein super dag

Det endra seg fort

Frå storm og regn til ein nydeleg søndag føremiddag


Hadde plutseleg vorte hogge tømmer og på den faste turen min
Jobber i regn og dei🎶
I dag var tømmerbilen og henta

Måtte ha meg ei lita runde til sjøen og
Stor Flo
No er regnet komme att men stille og roleg
Var rett og slett fantastisk å komme utatt på tur etter fleire dagar uten
Skal bli godt å få fiksa vindusviskarane på onsdag
Inntil den tid blir det kun køyrt på jobb

Inntil den tid blir det strikkesysler

Mykje styr

Håper Amy har styra frå seg,men ho skal visst halde på nokre timar til
Ferjer er innstillt og det er tryggast å halde seg heime viss ein kan

Søvn har det vorte litt lite av
Er veldig kraftig i kasta sine denne Amy og sør-vest vinden er den eg merkar mest
Men no er det heldigvis lyst så ein kan sjå kva som skjer
Alltid litt skumlare når det er mørkt syns eg.Er dei som har merka stormen meir enn meg til no

Men har kaffi på kanna og har det varmt og godt.Henta ved inn ogår

Kan strikke vidare på restegarnsokkar eg.Gitt frå meg nokre,så då føler eg at eg kan strikke litt fleire:-)
Skummel verd vi lever i ellers og
Føler uroa i meg aukar dag for dag.Alle desse dronene vi har rund oss lovar ikkje godt..
Amy er visst fortsatt like hissig høyres det ut som
Naturen har uante krefter og gir beskjed på sin måte

Vi er jo vand med vind,men alt med måte
Nei,må fyre i ovnen kjenner eg
Ha ein super lørdag
med eller uten strøm

Teamskurs om kols

Når ryggen streiker og eg sit her som eit slakt så er det greit det plinga opp varsel om teamskurs om kols
Ein time og god informasjon frå farmasøyten
Fint å ha slike muligheiter frå jobben
Iallefall passa det supert idag når eg så alikavel ikkje orker nokon ting

Vindusviskarane i bilen virkar kun på full guffa.Kvifor er uvisst så vert nok nok ei rekning
Må ringe verkstaden i morra..Kan ikkje køyre rundt i dette regnet uten
Plutseleg virkar ingenting
Dei andre funksjonane forsvann og brått..Aner ikkje kva for virus bilen har fått:-)Krise når det skal regne i 14 daga minst

Syns den er begynnt å verte dyr i drift:-)Alderen der og som med eigaren
Ikkje heilt god

Jaja..Bruker å samle seg opp med negative ting..
No treng eg berre litt positiv energi

Livet er no ganske greit ,meiner Ingolf…

Grått og trist

Høststormane har gjordt sitt inntog
Oktober fjerner alle høstfargane på eit blunk frå trea:-)
Litt grått og trist inne og
Ryggen slo seg vrang
Veit ikkje om eg skal le eller gråte
Vakna igår uten bøy:-)
Så håper det går like fort over som det kom

Men,nett komme meg opp og satt på kaffi
Idag skal visst strømmen stige til det doble kl 15.Ny kabel som bind sonene sammen
Spørsmålet er jo
Skal ein tegne avtale på norgespris eller ikkje
Ikkje så enkelt når prisane har vore ganske låge.
Men,no kjem kulden og dei kan nå uante høgder
Må tenke på det

Får prøve nokre øvelser for å strekke ut musklaturen i ryggen og håpe at det hjelp
Går seg nok til..

Ha ein super dag
Tid for å kose seg inne

Oktober

Ny månad og i dag kjenner eg hauststormen er på veg
Meldt regn
Skifte i veret og innetid
Berre å nyte siste timane med opplett

Ha ein super onsdag

Dei små gleder

Liten luftetur i nærområde der det er veldig lenge sida eg har vore og dattera det same


Aldri feil med ein liten ekspedisjonstur
Flott høstvær i dag og
Tung i toppen
Hjelper med ein liten tur ut

Skikkeleg surt

Levering av matavfall i dag
Dunken plassert på meg i min private utkjørsler som den pleier

Såg bossbilen. den bremsa og starta rygge

Men så etter litt gjekk det på fram
Rekna med det var personbil den traff sidan eg forsto dei brukte min veg
Men neidå. Der for traileren frå postnord

Eg tok kloggane og rusla for å hente dunken
Der låg den vridd med litt ødelagt lokk på sida
Og trur de den var tømt.
Langt ifrå
Så her sit eg med matboss som nok lukter veldig om 14 dagar og skada kok på spannet

Om det er greit
Langt ifrå

Om då sum sjåføren ikkje såg dunken bak traileren som nok var den som hadde brukt utkjørsla mi, eller ikkje tok den med fordi den låg flat veit ikkje eg.
Kjenner eg er freista til å sperre vegen for store køyretøy..
Dunken sto fint den før den vart påkjøyrd

I alle fall er det greit å ordne opp når ein køyrer ned ting
Skjønner det er frestane å bruke private avkjørsler når det er langt mellom dei offentlege,men ikkje når det går på bekostning av andre
Og ein ser jo bossdunken og må jo skjønne at bossbilen ein møter skal ta den med…
Trudde ein forsto slike ting sånn heilt av seg sjølv eg…

Vil iallefall ikkje ha klage på luktande matboss om 14 dager….

Brrr.

Vart plutseleg slutt på sommerlege temperaturer og rett på følelsen av at
No nærmar vi oss vinter

Men,nydeleg morning er det
Berre å innsjå at her må tjukkesokkar og gensar fram og vekk med t-skjortefølelsen

Funne meg kaffi og rulla meg inn i pleddet mitt.Fått varmepumpa opp eitpar grader

Nydeleg ver,sa Ingolfen og ut på tur
Der er ikkje eg.Altfor tidleg…
Men må nok ut eintur eg og ,om ikkje i skog og mark

Dei siste dagane har eg faktisk festa enda på ein haug med restegarnsokkar.Har eindel att endå
Trur eg bør feste dei etterkvart heretter
Utsette ting ein syns er mindre kjekt er ingen fordel.Det berre hoper seg opp med mindre kjekke oppgaver som ein ikkje ser enden på
Har eindel slike,og det triste med det er:
At uansett kor lenge eg venter så er det ingen andre som gjer oppgavene
Ender med følelsen av å ikkje strekke til og alt ser litt håplaust ut
Ein av desse oppgavene er å vaske vindua ute
Ser jo ikkje gjennom dei
Men denne veka er det meldt bra ver,så får håpe eg får litt energi
Bør jo skunde meg litt skal eg rekke det før vinteren:-)
Litt kjekt med uteaktiviteter når sola skin

Fordelen med seinvakt.Ein har litt meir tid i sola no når det går mot mørke kveldar
Droner i luftrommet i Norge og Danmark.Ikkje greit.Kven og kvifor …
Vi er ganske sårbare og uroa i verden er ikkje så langt unna oss heller

Vi blir små brikker i eit spel

Ha ein super tirsdag:-)