Akk ja Ein skal ikkje sove bort sumarnatta heiter det i sangen,men litt søvn hadde gjordt seg Ein time er litt lite kjenner eg,men har kapitulert og nyt morgonstillheita og kaffikoppen Skal bli ein dag kjenner eg
Godt eg berre skal ha møtedag og ikkje må hjelpe andre Bør liksom klare å ta vare på seg sjølv først,tenkjer eg:-)
Var litt mange tankar i hovudet etter jobb som liksom ikkje heilt ville sleppe taket,og då får ikkje søvnen heilt tak heller Sånn er det no av og til
Kjempefint ver her i vest idag og Berre å nyte sommaren mens den er her:-) Vakkert Ser potetene mine er begynnt å komme opp av jorda,så er håp:-) Verre med gulrøttene.Ser ingenting til dei. No har eg ikkje grønne fingra,så skal vere glad noko spirer i det heile
17mai feiringa er over og kjenner at idag er det godt å slappe av Er jo koseleg då,når det kjem folk og stemninga er fin:-)
idag derimot har eg berre kosa meg Må nyte sommaren mens den er her Kun nedom naboen på kaffi Nokon er litt meir glad i den våte element enn eg er Eg var langt oppå land Eg har lese krim eg idag Litt forvirrande slutt Irriterande slutt er vel det rette ordet eg finn Har ikkje hatt lyst å gå tur heller Sikkert dumt for det er no det er tørt og fint i marka,men meg og kolsen er ikkje glad i å gå i varmen:-) Vore ei fin frihelg 14 dagar til neste:-) No er det Spillet og tvkveld resten
Tenk så heldige vi er som lever i eit fritt land der nationaldagen feirast og ungane våre er dei som er i sentrum for dagen Vi går i tog,Høyrer på taler og koser oss med is Ikkje lenger ei selvfølge Men krig rundt om i verden som stadig rykkjer nermare må vi ta godt vare på friheita vår Her hos meg og Ingolfen har vi ein stille morning Nydelig ute så vert nok ein fin dag Eg har fri:-) Skal nok bli litt 17 mai feiring på meg og men litt seinare på dag Bunaden har krympa fleire størrelser så den skal få fred for meg Uansett greit å ta kjole på ein varm fin dag
Kjenner at det å ha ein roleg morgon er godt Nyte fred og ro pg tenkjer over kor heldig eg er
På denne utsikten har det lenge stått røde trebenker og bord på rasteplassen Koselege Skjønner dei trengde byttas ut men.. Hadde sin sjarm
Men kva er komme der no. Brukskunst kanskje Pene var dei ikkje Sett sine beste dagar Og kunne med fordel stått same vegen Men har nok sin misjon Om eg skal kalle det framsteg er eg usikker på
Sikkert Berre meg som er gammal og sur😇 Men vart liksom ikkje så koseleg der lenger Ha ein super dag
Er litt godt med slike dager og,syns eg No har vi vore heldige å hatt sol i mange dagar. Føler liksom at då må ein ut Om ein igrunnen har lyst eller ei:-)
Sola dukker nok opp idag og når det får overtaket på skodda Den jobbar på Har snart klart det
Kvernhusa på Skor Parker med det gamle skulehuset sto det Først måtte eg no finne det Spurde ei hyggeleg dame for sikkerheitsskuld Har det med å komme litt på avvegar,men denne gangen så var eg rett Høyrt om plassen har eg,men aldri vore der Langt å køyre for meg og tenkte at kva skal eg der Men no var der nokre stolpar Så kvifor ikkje:-) Den Trondhjemske postveg er overalt verkar det som Fann fram kaffi og sjokolade og berre sette meg ned for å nyte Fantastisk plass som ga med sjelefred Rett og slett flott Imponert over arbeidet som er gjordt med å halde det så flott og heile naturen ga meg ein indre ro Vel verdt turen:-) Endå ein ny plass som eg oppdaga i kommunen:-) Slike fine plasser finn ein overalt i vårt vakre land Vi må berre oppdage dei først Kva som gir oss sjelefred er ulikt frå person til person:-) Nokon får det på kafe Andre som meg på slike rolege plassa
Idag har eg hatt ein flott tur Blanding av veg og sti:-) Likte meg best i skogen på den Trondhjemske postveg Fin stolpejaktrunde Nydelig flott ver og det einaste eg møtte på var to hjort som ikkje ville ha noko med meg å gjere Er noko eige å rusle rundt i eige selskap og det einaste ein høyrer er lyden i naturen Kjempekoseleg tur Likar desse små enkle turane uten den store anstrengelsen Turar der ein slepp å leite seg ihel etter ein stolpe Der ein slepp vere topptrena og i superform Eg er ingen av delane I tillegg så går det vanvittig tregt med meg på tur
Var innom grava til foreldra mine.Mamma hadde vorte 84 idag hadde ho levd.Saknet er fortsatt stort.Er liksom så mange ting eg ville fortalt:-) No er det spillet og avslapping framfor tv Koseleg det og
Dugnad er viktig skal ein få til noko her hos oss Ting gjer seg ikkje sjølv Så denne veka var det dugnad til 17 mai Må jo sjå greit ut og ordnast litt både inne og ute:) Var med lørdag Koseleg når ein kan gjere ting ilag og avslutte med kaffi og vafler i nydeleg vårsol Blir nok 17 mai iår og
Avslutta kvelden med kabareen frå Rio og heimatt Var blanding av Nordvald Tveit,Evert Taube og Jakop Sande Spesiellt dei unge sangarane imponerte meg Men flinke var dei alle Kulturlivet blomstrer og i små kommunar:-) Kva eg skal idag… Tja besøke grava til mamma..Idag hadde ho vorte 84 Nydeleg ver så burde nok gått ein tur i skog og mark Er pinnstiv for å sei det pent Kanskje litt ujamt underlag gjer godt for rygg og hofter:-) Men først meir kaffi mens eg ser ut på sola Her er det ingen tjo og hei på morningen
Idag er det 80 år sidan vi var i krig Verkeleg noko vi bør sette pris på Slik som verden er idag er det ikkje lenger ein selvfølge,men håpar det held
No er farane større ein nokon gang..Alt er mykje meir usikkert syns eg
Her er det seinvakt,så kan ta ein roleg morgon Kroppen har ikkje tenkt å ta dei store utskeielsane kjennes det ut som:-) Veret er fortsatt fint,så kanskje eg skal rydde litt utanfor Men,først må ryggen og resten av elendigheita finne litt ro
Må innrømme at eg har ein sånn gidd ikkje dag Dei kjem stadig oftare Merkelege greier:-) Då er det greit å ha litt hobbya som ikkje krever dei store bevegelsane
Sit her med kaffikoppen min og ser ut glaset Stille på sjøen og ro i sjela:-) Fuglane syng og skaper ein herleg ro
Avslappingsdag før seinvakt Litt anna må eg kanskje gjere,men ikkje mykje Viktig å nyte øyeblikka tenkjer eg Burde slått plenen og luka vekk løvetann.Det er det og hagejevel som veks hos meg Men humlene treng blomster,så eg skulder på dei:-) Er no litt fin og denne løvetannen
Rusle ei lita stripe etter vegen så kroppen kjem igang.Ingen hauger eller topper på meg på ei stund:-) Idag er eg berre svimmel:-) Ha ein strålande dag