Ingolf her:-) Ja ikkje veit eg kva slags problem gamlemor har,men noko må det vere
Ta igår foreksempel Starta greit Litt treg servering av frukost så eg måtte gi litt kraftig beskjed,,,, Det var igrunnen då det starta Går jo an å ha ein litt høfleg tone
Når eg skal etter beste evne prøve å halde følge med alle ideane hennar og skundar meg framfor henne i full fart Kva skjer? Ei høglytt gauling og skriking om eg vil ta livet av ho.. Kva gjer du meg! Ho har allslags idear, og synet det er like dårleg med å uten briller Leitar i timesvis etter ting som låg der det skulle og det der ho var først.Sånn rett framfor augene Så får det idear og flytter på stolen eg ligg i,,,Greit at det snart er jul,men skal ikkje det bety fred og ro Vart mektig sur tilslutt Må jo forstå at når eg syns beste alternative til å overleve er regnver..Då er det krise Hadde det no endå sett noko bedre ut etter styret…
Tidleg våken og har tulla meg godt inn i teppet Varmar meg på kaffi Litt småkjølig inne syns eg sjølv om varmepumpa gjer sitt beste
Litt for mørkt og litt for surt ver til eg orkar ta steget ut og hente ved:-) Det er alternativet Så får anten gjere litt eller sitte under teppet:-) Eg vel det siste iallefall ei stund til Ruskever og rasfare overalt seier dei på nyheitene Berre å halde seg iro
Må prøve å få huset litt meir juleklart.Finne litt ro Rett og slett vaske over golva:-) Skal ikkje alltid så mykje til.Må berre finne overskuddet Pakke inn litt pakkar.Ikkje noko utever iallefall Skrive handleliste kanskje.Få oversikt over kva eg har og ikkje har Kan ofte vere litt greit.Har ein tendens til å ha rikeleg av ein ting men mangle andre.Går litt på automatikken uten liste Eller impulshandling. Utruleg kva eg trur eg har bruk for:-) Gjesp
Kva i all verden er det som lager lyd? Sånn langt inn i drømmeland eller middagslurens tunge søvn,vakna eg av at det ringde på døra Fullstendig øren og med håret på snei åpna eg i beste madam mim stil
God dag,sa det,,,Kjem med ei helsing frå soknerådet Hadde no heldigvis samla meg så mykje at eg takka Mumla fram at eg hadde sovna på sofaen Kva mannen tenkte er uvisst Koseleg helsing var det No er den no ikkje berre til meg,men sidan det er eg som bur her i kommunen var eg mottagaren Flott asalia og ei hyggeleg overrasking Tusen takk til Hyllestad sokneråd
Utruleg kor fort dagane går Søndagsmorning og skikkeleg ruskever ute Gjesp
Nyheitsbilde i dagens aviser var trist,syns eg Er så mange personlege tragediar rundtom Kjenner det gjer noko med meg og stemningsleie
Har sove lenge,fyrt i ovnen og krope under pleddet mitt Skal ha meg ein stille og roleg søndag Planen er å lage litt kromkaker Finne fram litt julenisser frå kroker og krær Berre ta dagen heilt med ro og surre rundt
Frister ikkje med uteaktiviteter og føler eg er litt pjusk Ski og skiskyting på tv, så trur eg berre skal kose meg med det
Ikkje heilt i mål med julegavene heller..Men,ikkje alltid så lett å finne på noko Iallefall når ein ikkje har peiling på kva dei ynskjer seg Har ei veke att til å komme i mål:-) Jul vert det uansett om eg er klar eller ei
Ikkje hatt den store lysta til handarbeidsaktivitetar heller i det siste Skulder på mørketida:-)Men er vel helst energien som er litt lav men først og fremst må eg få litt julestemning i hus I år satser eg på tre frå naturen. Plasttreet mitt syng på siste verset og nytt er ikkje innkjøpt Om det vert furu eller gran er uvisst.Satser på at eg får eit på døra.Er lov å håpe:-) Visst ikkje har eg jo gamletreet i beredskap
Natta går sakte men sikkert mot dag Ikkje at det skaper så stort eit behag Inatt er den natta då søvnen er vekke Nesten så eg syns den er på grensa til frekke
For eg skal på jobb når morgonen kjem At eg er så trøtt kan bli eit problem Men klokka er fem og eg har funne meg kaffi Gjespar og tenkjer ,her trengs noko med kraft i
Igår måtte advent vike for litt jul Trur eg må leite opp nissane som har helde seg i sjul Nærmar seg jul og dei treng fram i lyset Få riste av seg litt støv så eg slepp sitte å nyse
Var ikkje planen eg skulle jobbe idag Men kan ikkje alltid gå for velbehag Så får styre litt vidare seinare idag Visst eg då ikkje sovnar og ikkje er i slag
Ha ein fin lørdag og senk skuldrane og tenk Jula kjem uansett om det i skuffene er rent Er liksom ikkje nede i dei vi skal feire Viktig å kose seg om ein er aleine eller fleire
Frihelg Heilt topp og kunne senke skuldrane og berre trekke pusten djupt Få litt orden i heimen og bake litt julekaker Er planen iallefall Korleis det går er noko anna Men,null stress Først må gamlemor vakne til liv og få i meg litt mat
Idag var eg å fjerna fartsstripa.Hos Reset frisør denne gangen:-) Tok augenbryna i same slengen.Dei hadde vorte vel store for å sei det slik
Når ein då får vaska håret i stol med masasje og får heimelaga peparkaker til kaffien,då er det rett og slett luksus:-) Var steike gode
Hadde fortsatt litt tid før jobb så tok runden på Folkestien:-) Gjorde godt for kropp og sjel
Seinvakt Der har bebuarane vore på julebord:-)Med julemiddag og dans Kjekt med litt fest inniblandt Denne gangen held eg skansen på avdelinga, men kom mange godt fornøgde tilbake frå fest:-) Kjekt når det skjer ting litt utenom det vanlege
I morra er det kommunestyret Budsjett er ikkje det kjekkaste ein driv med:-)
Kjekk arbeidshelg vart avslutta med kveldstur i ein blanding av solnedgang og måneskinn Sjølv om eg gjekk tur rett etter jobb,så vart det mørkt på heimturen Den halve månen gjorde ein strålande innsats,så slapp å ta i bruk lommelykta Rett og slett nydeleg Vart enkel middag idag,før vedovnen fekk god varme i huset og teppet kom på.Har varmepumpe :-)Litt trøtt kjenner eg Om freden senkar seg i Syria gjenstår og sjå Kan håpe
Fredagsmorning og gamla er trøtt Er ikkje slik at ein får sove støtt Men sånn er livet og dagen er her Berre å få på seg rikeleg med klær
Trur eg bør ha meg ein liten tur ut Funne meg kaffi frå kanne med trut Regnar ute så har ikkje så lyst Nesten så eg kjenner det knyter seg i bryst
Frisk luft er sunt og gjer godt for min kropp Må berre vente til det negative gir opp Arbeidshelg i vente på gamlemor i dag Gjer ikkje noko for er i godt lag Grått og trist og innever Ute må ein ha på seg riktige klær Ser rundt meg å tenkjer eg må nok støvsuge Men enn så lenge får tanken duge
Mens eg var i sving kom eg på at julebrøda på basaren var veldig gode Aldri baka ,men vipps hadde eg laga deig:-)
Hadde det endå stoppa med det Men neidå
Er eit stadig mas om kjeks.Kromkaker er serdeles populert sjølv om mine aldri har vore verken flotte eller tynne Smaker gjer dei,men formelen for sprø,syltynne kromkaker har eg aldri funne Der var den deigen laga Riflekjeks,tenkte gamla.Det må eg ha Der kom den deigen på gang
Berre det at alle desse deigane skal og gjerast ferdige
Det har tatt dagen og vel så det Må nok lage ein posjon til skal eg dele Desse har eg smakt mange av og var nett som dei brukar:-)
Ser ikkje så verst ut dette julebrødet Utanpå altså..Om det smakar eller er skikkeg stekt,aner eg ikkje Dei vanlege brøda ser ut som dei har influensa:-) Men stekte er dei og mat er mat:-) No er eg dritlei og skal verte nokre dagar før eg baker meir:-) Kjekkast nett før jul syns eg og i passelege mengder Har no brød ei stund:-)