Nye legar og nye skikkar

Røntgen og lege idag..
Og venting i timesvis….på overlegen

Ja stakkars turnuskandidaten som ville ha litt råd..

No har eg visst brote både overarmen og har eit brudd i skuldra..visstnok ikkje noko pent..
No hadde visst legen sist sagt han ville operere men eg hadde nekta.
Sto det i papira..
Etter min hukommelse fraråde han operasjon..men sidan eg verka så sa han at operasjon var eit alternativ for å unngå smerter…då sa eg at eg avvente..
Mulig ein bør ta samtaler opp på band..

Sist fekk eg kjeft før manglande fatle og for mykje bevegelse…
No var det omvendt.. .
Inga fatle og bevege meir…men under 90 grader…
Ikkje grodd..sist fekk eg tilsnakk fordi eg ikkje hadde vore  hos fysio..
No fekk eg beskjed om at det skulle eg først etter 6 veker…
Lettare forvirra og trur at eg no gjer det som følast greit for meg…

Verker gjer eg iallefall.
Fatla har eg no lagt vekk og håper det er rett.
Kjem til å bruke den når eg går tur…
Er  ikkje berre berre å slepe rundt på denne armen…

No sit eg her lettare forvirra
Ser dei hadde ringt frå sjukehuset halv fem…kvifor aner eg ikkje..og der er resepsjonen sitt nummer som kjem opp.Dei aner ikkje kven som har ringt…

Så no sit gamla her og føler seg sånn passe..Gruar meg til natta

Ikkje berre berre å vere pasient

Var innom og såg på stoler og sånn i farten…ikkje til meg altso men får nok sitte i den eg og ved behov..

No har eg flata ut….
Sliten.no

Surren i hove

Sliten og trøtt og litt sliten i hove
Har eg rett og slett lege strekk ut og sove
På TV er sykkel og Bergen i rus
Fantastisk å sjå og høyrer kun brus
Litt stolt av å vite at eg er i frå vest
I Bergen der kan dei det med å stelle til fest

Har vore hos fysio og det gjorde meg godt
Massasje på muskler for å løyse litt opp
I morra på røntgen og der håper eg på
Endeleg lite granne positivt å sjå

I natt sov eg nesten sitjande i sofaene min
Måtte det for å skåne kroppen og sinn
I dag ligg eg flat i stolen og søv og håper på at armen ikkje finn på noko tøv

Venstrevridd

Armen verker som berre f…om dagen
Jaja…
Fysio imorra og røntgen torsdag
Kjedelig  å ikkje kunne gjere så mykje.Hadde hjelpt for å avlede smertene..

Her går det i Wordfeud og suduko😁
Er elendig i begge deler og ekstra vanskeleg å skrive med venstre

Øving gjer meister seiast det

Nåja….men står ikkje på innsatsen..
Er sikkert litt uforsiktig i bevegelsen til tider..Pokkers arm😎
Lett å gløyme seg..håper det gror rett eller gror i det heile…kjennes ikkje slik ut😉
Venter på 71grader nord😙
Ser på mitt kjøkken rusler.. .
Imponerer meg at folk kan lage mat😉
Sånn går no dagane

Varmepumpa montert

Den kjekke og greie karen frå Fjordane varmepumpeservice😊
Rydda oppatt etter seg gjorde han og..
No tok eg like godt å kjøpte hus til varmepumpa når eg først var igang..
Kan no ikkje stå åleine ute stakkar😂

Fint hus😉
Fekk enkel og grei forklaring på bruk.
Måtte gjere det sjølv så han var sikker på at eg forsto det.
Nok ymse vand..

Slik fekk eg pumpe.😉
No må eg vente på at mine håpefulle skal hjelpe meg med kjøkkenet og eletrikaren kjem og skiftar sikringsskap..vart litt utsatt sidan gamla ikkje held seg på føtene

Men vert nok…ting tek tid…
Men har fyrt i ovnen og har det hett og godt eg.
Ingen frostskader…

Helsikes.. …

Kjenner at no er eg drita lei
Av mangel på søvn og armen på snei
Det terer på tolmod og alt som er
Mangler berre at eg no får ilt i nokre tær

Verken om natta den røyner på
Er berre å stå opp å starte å gå
Må sei eg no er veldig spent
Kva som i grunnen i skuldra har hent

No drikk eg kaffi og prøver på
Å tenkje på anna enn kor dette skal gå
Snart kjem jo han fyren med varmepumpa mi
Får prøve til den tid å få smilet på gli

Varmepumpe

Har visst kjøpt meg varmepumpe😉
Vert montert i morgon..
Har desverre ikkje så mange plasser den kan henge…
Jaja…vert istedenfor maleri…
Godt eg har søner som meiner at mora ikkje skal fryse😀

Ja må no betale…
Idag har eg vore på jobben ein tur..
Armen syns visst ikkje noko om det…
Drittlei smerter men Sånn er det…

Gjorde no godt for resten av kroppen å sjå folk…

No er det ro og TV resten av kvelden

Bitte litt misunneleg

Sit og ser på utlagte bilder frå venner som nyt helgas godver i fjellet..
Eia var eg der..
Men er vel ofte slik..
Det vi ikkje kan frista mest..
Slett ikkje sikkert eg hadde gått på fjellet hadde eg kunna
Men gått tur hadde eg og Gleder meg til å kunne rusle rundt litt lenger enn 100 meter..

Fått nydeleg lammefrikase til middag.
Berre velstand med søstrene heime på helgebesøk.
Kiloa som forsvann dei første vekene er komne på plass att desverre.
Lett med trøsteeting.
Sykkel vm.
.Litt imponert over folkehavet på Askøy og Bergen idag..
God reklame☺tommelen opp

Funne fram ny bok..

Armen knurrer litt ..misfornøgd med tilværelsen.
Gamla er lei men Sånn er no tingenes tilstand.

Nydeleg helg.

Kaffi og knekkebrød😉

Nyt morgonstund med kaffi og knekkebrød
Enkel og grei frukost som går flott å lage med ei hand

Har til å med dusja å vaska håret..
Burde hatt pumpekanner til sjampo og balsam…
Er jo reine akrobatøvelsn.
I natt har eg putta i meg Max Paracet og klart å finne ein vetig stilling innimellom..
Har til å med sove godt nokre timar😉
Kjenner meg straks litt bedre..
Så får eg no heller ha meir ilt om dagen

Nydelig speilblank fjord og sola skin

Ikkje så god å ta bilde med venstre😙
Skal prøve nyte dagen maks.
Sosialt samver med familien.
Gjer seg og ein klarer skubbe smertene litt vekk.
Går seg vel til til slutt😙

No skal eg krølle meg inn i teppet og lese litt

God søndag og nyt livet❤

Sommerdag

For ein dag
Nydeleg sol.sommerfølelse i september er ikkje å forakte.
Kosa meg med søstre og foreldre.
Litt kjekt med positive innspel i elendigheita

Fått god fårikålmiddag og kosa oss på altanen..
Rett og slett godt.

No har eg havna hos meg sjølv med krimbøker..
Prøver stenge vekk smertene..

Her må ein vri tankane til det positive

Sol og kaffi får gjere susen😙

Ha ein super laurdagskveld

P0kkers netter

Er så lei mykje smerter og lite søvn.
Maks paracetinntak hjelper lite..
Lurer på korleis dette brotet i grunnen ser ut..
So no sit eg her…
Trøtt i trynet og i krigshumør…

Fjorden er spegelblank.
Vakkert syn og ser ut til å verte ein fin dag
Håper brotet gror finare enn det følast

Får håpe humøret mitt og tek ein vri😙
Får få i meg litt kaffi og prøvde finne ein ok stilling til at armen roar  ned

Går seg  vel til

God laurdag😙nyt kvart minutt