Tida for virustypar og forkjølelse

Merker det på jobb og rundt meg,g kjenner det på kroppen
Sånn er livet
Så idag har eg dundrande hovudverk og tett i pappen
Står i stil til skodda og regnet
Tatt ein paracet og skal nok komme meg gjennom dagen
Håper det blir bedre i morra
Og eg er i godt selskap merkar eg
Bør vel ta vaksine

Skodda ligg tjukk idag og
Blir liksom litt tyngre med ein gang
Er jo litt pent og
Trollsk
Men klarer meg uten
Strikker fortsatt opp restegarn.Små nøste ,så blir striper på striper
Ikkje så pene kanskje ,men varmer like godt for det

Den amerikanske presidenten er ein smule såra over ikkje fått fredsprisen.Det får vere.Viss han fortset jobben med å skape fred i verda får han den kanskje nestegang:-)
Det er ein lang veg å gå

Tenkte eg skulle vente med å gå tur til rett før jobb og ta folkestien.Litt forandring i kvardagen.Støtte rosa sløyfe
Er jo oktober

Ha ein strålande dag

Har nok sett feil:-)

Nydeleg ver igår,og syns eg såg det skulle bli det idag og Endå ser det altso ikkje slik ut
Men ,men
Skodda ligg tjukk ute og oppi topplokket,så sånn sett greit
Kaffien er iallefall i koppen og eg burde finne fram strykejernet
Kanskje det er det veret prver å fortelje meg.Ikkje til toppen,men til nokre klør som treng det

Har seinvakt heldigvis
Trump er på plass i Israel og vi kan håpe at freden kan senke seg
Hadde vore kjempebra,men veit ikkje heilt om eg trur det

Har syns det har vore kjekt å sjå på Kokkeskulen
Kan ikkje lage met,og lærer det nok heller ikkje,men koseleg å sjå på
Nesten synd det er ferdig:-)Heier på Terje,men flinke var dei alle
Litt greit å sjå slike program i kontrast til den tøffe verda vi lever i
Ha ein super mandag

God morgen:-)

Kjekt med frilørdag
Berre kunne sitte under pleddet mitt
Drikke kaffi og vakne til liv

Samme veret ute som før i veka,men bør nok tvinge meg sjølv ut ein tur i dag og

Har meir enn godt av bevegelse viser vekta
Alt for glad i mat og godsaker
No har det tatt heilt av
Så her må eg prøve å sette på bremsa

Treng å vaske litt inne ser eg,så det får vere dagens oppgave.Er no bevegelse det og:-)

Fredsprisen er utdelt.Må innrømme at eg aldri har høyrt om fredsprisvinnaren
Burde eg sikkert,men nei
Men fortjent er den nok får eg håpe
No seier jo Trump at ho hadde ringt han og sagt at ho tok imot den i hans navn.Fordi han hadde fortjent den.jaja
I dag er det landskamp.Får håpe det går roleg for seg.Fotball er ikkje alltid berre fotball

Ha ein super lørdag.
Skal snart bevege meg litt her og
Men først må eg drikke litt meir kaffi

Uverskråka

Idag kjende eg at no måtte eg berre ha litt frisk luft.
Har ikkje fått gått tur på mange daga og det merkast
Koseleg dag på jobb og gjekk derifrå med sånn godfølelse
Innom butikken
Ikkje fordi at eg igrunnen trengde noko ,men fekk lyst på eit eller anna eg ikkje visste kva var:-)

Fann fort ut at skulle eg gå tur måtte det verte før eg nådde sofaen
For då er det gjordt
Rart kor veret påvirkar lysta til å gå ut

Har jo regnklær og var faktisk ganske braVorten trillende rund💕😇

Skogsarbeidarane jobber på
Naturen vert heilt forandra når granskogen forsvinn
Tenkte eg skulle gå inn eine skogsvegen for å sjå korleis der såg ut
Det slo eg fort frå meg
Eit stort gjørmebasseng har dukka opp i landskapet
Må nok finne ein Anna veg viss eg vil sjå

Men ikkje i dag
Held meg til mi normale løype kosa meg på tur
Ser på vm i vektløfting frå Førde
Sterke folk
No er det helg😍

Ord

Det ligg mykje makt i ord
Ord kan glede og det kan ødelegge
I tillegg til ordet er det settinga,oppfattelsen til den andre og tonefallet som avgjer korleis sjølv det enklaste ord vert oppfatta

Kommunikasjon er ein vanskeleg greie
Er ikkje berre det eg seier,men omgivelsane og dei eg snakker med har like stor innverkanad på kva ordet til slutt betyr

Eg lar meg imponere av enkelte sin evne til å fortelje og snakke om alt frå kvardagslege ting til vanskelege tema
Dei snakker med innlevelse og ei tyngde som gjer at folk trur blindt på det som vert sagt sjølv om det ikkje har rot i verkelegheita og igrunnen er berre ein bagatell
Andre vert ikkje høyrde,sjølv om det som dei seier er vel så klokt
Merkeleg korleis ord oppfattast heilt ulikt alt etter kven som seier dei og korleis

Sjølv snakker eg på inn og utpust til tider
Alt anna enn sjarmerande og sikkert utruleg slitande for dei som må høyre på
Hender eg seier noko klokt eg og ,men drukner nok i alle unødvendige orda
Eg veit det,men vanskeleg å gjere noko med til tider

I tillegg er eg ofte innom mange tema på ein gang.Starter med eit emne,så er eg innom mange andre tema på vegen,som i mitt hovudet naturleg høyrer med,før eg ender opp med poenget der eg starta.Då har dei fleste ramla av.Synd for dei:-)Var mykje viktig informasjon der:-)

Masete og slitande er vel kanskje det som er knaggen typer som meg blir hengde opp på
Hender eg er stille.
I tillegg har vi jo kroppspråk som eg føler kan vere det mest ekskluderande
Då viser vi tydeleg om vi er det minste opptatt av kva den andre prøver å formidle
Mitt er altfor tydeleg

Men,eg er ikkje så aller verst på ein god dag

God torsdag

Framsnakking

Kvifor er det igrunnen så vanskeleg?
Er ikkje så flink til det sjølv
Syns dei fleste er hyggelege
Dei fleste tvprogramma eg vel å sjå er greie
Syns dei bloggane eg les er fine kvar på sin måte
Er glad i folk
Unngår å gå der eg veit eg ikkje kjem til å trivast
Er både sosial og asosial

Vi er alle ulike med kvar våre feil og manglar
Ikkje pent å baksnakke og vi skal framsnakke
Ikkje enkelt det der
Framsnakking kan oppfattast som overdreven skryt
Eg er nok forlite flink til å gi ros
Men sjølv syns eg det er greit å få ros viss eg fortjener det,men treng ikkje rosast for ting eg bør kunne:-)
Ikkje enkelt det der
Er kanskje lettare å snakke om negative ting med ein person med andre enn med den det gjeld
Prøve å godta at andre ikkje alltid er slik som eg hadde tenkt

Kanskje ein bør bli flinkare til å skryta av slitarne.
Dei som jobber i det stille
Som ingen legg merke til,eller som aldri framhevar seg sjølv
Men er dei som igrunnen gjer mesteparten av jobben
Framsnakkinga får oftast dei som står i spissen av ting nyte godt av

Kanskje held det at vi brukar vanleg folkeskikk
Behandler andre som vi vil behandla sjølv
Ikkje at det er så enkelt
Eg er ikkje flink
Men,vi er folk med feil og manglar og ingen er feilfrie,uansett kor mykje ein vil det sjølv

Øver meg på å vere litt greiare enn eg er
Har det med å plumpe ut med ting eg burde latt vere
Men,har lang veg å gå

Ha ein super dag

Det endra seg fort

Frå storm og regn til ein nydeleg søndag føremiddag


Hadde plutseleg vorte hogge tømmer og på den faste turen min
Jobber i regn og dei🎶
I dag var tømmerbilen og henta

Måtte ha meg ei lita runde til sjøen og
Stor Flo
No er regnet komme att men stille og roleg
Var rett og slett fantastisk å komme utatt på tur etter fleire dagar uten
Skal bli godt å få fiksa vindusviskarane på onsdag
Inntil den tid blir det kun køyrt på jobb

Inntil den tid blir det strikkesysler

Mykje styr

Håper Amy har styra frå seg,men ho skal visst halde på nokre timar til
Ferjer er innstillt og det er tryggast å halde seg heime viss ein kan

Søvn har det vorte litt lite av
Er veldig kraftig i kasta sine denne Amy og sør-vest vinden er den eg merkar mest
Men no er det heldigvis lyst så ein kan sjå kva som skjer
Alltid litt skumlare når det er mørkt syns eg.Er dei som har merka stormen meir enn meg til no

Men har kaffi på kanna og har det varmt og godt.Henta ved inn ogår

Kan strikke vidare på restegarnsokkar eg.Gitt frå meg nokre,så då føler eg at eg kan strikke litt fleire:-)
Skummel verd vi lever i ellers og
Føler uroa i meg aukar dag for dag.Alle desse dronene vi har rund oss lovar ikkje godt..
Amy er visst fortsatt like hissig høyres det ut som
Naturen har uante krefter og gir beskjed på sin måte

Vi er jo vand med vind,men alt med måte
Nei,må fyre i ovnen kjenner eg
Ha ein super lørdag
med eller uten strøm

Teamskurs om kols

Når ryggen streiker og eg sit her som eit slakt så er det greit det plinga opp varsel om teamskurs om kols
Ein time og god informasjon frå farmasøyten
Fint å ha slike muligheiter frå jobben
Iallefall passa det supert idag når eg så alikavel ikkje orker nokon ting

Vindusviskarane i bilen virkar kun på full guffa.Kvifor er uvisst så vert nok nok ei rekning
Må ringe verkstaden i morra..Kan ikkje køyre rundt i dette regnet uten
Plutseleg virkar ingenting
Dei andre funksjonane forsvann og brått..Aner ikkje kva for virus bilen har fått:-)Krise når det skal regne i 14 daga minst

Syns den er begynnt å verte dyr i drift:-)Alderen der og som med eigaren
Ikkje heilt god

Jaja..Bruker å samle seg opp med negative ting..
No treng eg berre litt positiv energi

Livet er no ganske greit ,meiner Ingolf…

Grått og trist

Høststormane har gjordt sitt inntog
Oktober fjerner alle høstfargane på eit blunk frå trea:-)
Litt grått og trist inne og
Ryggen slo seg vrang
Veit ikkje om eg skal le eller gråte
Vakna igår uten bøy:-)
Så håper det går like fort over som det kom

Men,nett komme meg opp og satt på kaffi
Idag skal visst strømmen stige til det doble kl 15.Ny kabel som bind sonene sammen
Spørsmålet er jo
Skal ein tegne avtale på norgespris eller ikkje
Ikkje så enkelt når prisane har vore ganske låge.
Men,no kjem kulden og dei kan nå uante høgder
Må tenke på det

Får prøve nokre øvelser for å strekke ut musklaturen i ryggen og håpe at det hjelp
Går seg nok til..

Ha ein super dag
Tid for å kose seg inne