Idag er ein slik dag eg berre hadde lyst å dra dyna godt over hovudet og sove vidare
Late som dagen ikkje er her
Drittver ute og kroppen krangler
Etteretningstjenesta har lagra ulovleg data
Ikkje enkelt å halde styr på kva slike hemmelege tjenester igrunnen driv med
Er meir og meir svindel på nett og telefon
Blir redd å svare på meldingar til slutt
veit jo aldri om dei er ekte eller falske
Håper det letter litt
Er vel meldt kaldt og frost
Kanskje derfor kropen min krangler idag
Heilt greit sidan eg har ferie
Vart litt lei av å strikke restesokker,så kjøpte meg litt anna tråd
Striper i den og 🙂
Slepp no feste så mange endar i det minste
Men er grei syssel saman med lesing på slike dagar
Smugling av laks er på tapetet.Skada sådan til feil pris
Ikkje god reklame for laksenæringa
Laksen er nok like god,men har skada
Vil alltid finnast dei som tjener penger på slike ting.Sikkert vanskeleg å få bukt med
Men,er heldigvis ikkje mi oppgave å løyse det problemet
Ha ein super onsdag




Ja….livet på godt og vondt:)
Ja, ikke sant, enklere å feste tråder. Og de må festes, om ikke begynner det å rakne. Ønsker deg at kroppen din blir mer vennligsinnet og kos deg med dagen din 🙂