Skal ikkje vere enkelt altso..
Er litt golvkaldt hos meg,men no ikveld syns eg det tok av..
Pakka meg inn i teppe og lurte på om temperaturen ute tok heilt av..
Til slutt fann eg ut at eg måtte sjekke om noko sto åpent…
Kan vere ein fordel å lukke utedøra!!!
Men no er det no utlufta og eg er kald oppetter leggene.
Fekk tøfler til jul,så beina er varme
Gjeld å finne det positive.
Fått både golv og golvlister på plass i kjellarstova..
Nedturen var at Ikea ikkje hadde bokhyllene eg tenkte dekke veggen med..
Håpet er at dei får inn fleire ,eller eg må finne ei anna løysing…
Kjenner det er irriterande..
Kanskje eg må måle den veggen alikavel..
Har berre grunna,for skulle jo dekke den med bokhylle..Fakerten
Jaja…
Litt ergelig at eg først oppdaga det etter at det var lista..
Men men…vert nok ei råd..
Ting tek tid..