Kor mykje søvn treng vi?

Søvn er etterkvart noko eg trur eg treng mindre og mindre av.Inatt vakna eg halv tre.
Sove etterpå …ikkje talom, sa kroppen min.
Har prøvd ,og prøvd…Håplaust..
Men sov no nokre timar, då treng eg vel ikkje meir…Eldre treng mindre søvn

Turnuskurs idag og….Heldigvis foregår det på jobb, så får no med meg litt av det som skjer der og i pausane..
Ikkje det at det er behov for det.
Felles turnuskurs for leiarar og tillitsvalde er greit.
Alle får same informasjon og forhåpentlegvis..same forståelse..
Håper dei nye og lærer litt og at vi som har litt erfaring ikkje tek heilt overhand..Fort gjordt i iveren..

Ikkje heime før over fire igår. Rett på tur og var ganske mørkt før eg kom heim…Dagen forsvann uten min deltagelse, på eit vis:-)

Går på fram med votten og…Til no eg kom til fellinga…No har eg tatt ein aldri så liten pause,for å sei det slik..
Får fortsette når eg er opplagd..

Denne tolmodigheita mi er på ferie for tida. Kortid den kjem att det vet eg ikkje…
Kjenner at eg antageleg treng å roe ned tankevirksomheita…

Kanskje eg burde meditere, men har ikkje roa til det heller. Finn liksom ikkje den rette stillinga og får veldig arbeidslyst…Den er som regel på ferie den og, men er det snakk om meditasjon, så kjem den hals over hovudet og blander seg inn. Merkelege greier.
Men mulig soneterapi er tingen. Då sovna eg jo:-)

Kaffi og funderingar tidleg på morningen gjer gjerne at eg har roa ned kroppen til eg skal på jobb.
Mildt og fint ute.
For meg må det gjerne vere det lenge.Ikkje glad i kulde og is.
Men snur vel snart,vil eg tru.
Hjelp litt på å dempe den følelsen eg får når dagane vert kortare og depresjonane sler inn..

Ha ein fin tirsdag:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg